Ikkje berre ei bilulykke? Anne Heche var i ferd med å avsløre pedofili-ring i Hollywood i tida før ho døydde

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Nyheitene om Anne Heche sin tragiske død lamslo verda førre veke. Hollywood-skodespelarinna var involvert i ei alvorleg bilulykke i Los Angeles sist veke. Hovudstraumsmedia rapporterte at ho pådrog seg ein alvorleg hjerneskade og fall i koma.

Det vart raskt formidla at ein ikkje forventa at ho ville overleve, og familien hennar drøfta moglegheita om å donere organa hennar, noko ho hadde ønskt heile livet.

Nokre dagar seinare informerte legar at Heche hadde blitt hjernedød, og fredag [12.august 2022] vart 53-åringen erklært død under Californias lov.

Skodespelarinna vart halden i live maskinelt for å halde organa hennar friske medan ein leita etter potensielle mottakarar for organa, og etter at mottakarane vart funne, vart maskina som heldt ho i live skrudd av 15.august.

Men det er ikkje heile historia. Langt ifrå. Anne Heche hadde nesten gjort ferdig ein film som ligg for nær sanninga for kreftene som rår i Hollywood – ein film om barnesexhandel.

Ho mottokk tallause åtvaringar om å stoppe arbeidet på filmen. Men ho brydde seg ikkje. I løpet av livet var Anne Heche alltid kjent for sitt mot, og ho svor å få filmen ferdig.

Men før vi diskuterer prosjektet som Anne Heche arbeidde på då ho døydde, må vi diskutere måten ho døydde på. Fordi der er meir enn nokre få ting som skurrar med dette dødsfallet. Kjendisdødsfall er ofte bisarre, men Anne Heche sin død er i sin eigen klasse.

Fyrst, lat oss sjå på videoen som vart spelt av hovudstraumskanalane på dagen då ho krasja.

Media annonserte at Heche var hjernedød, men ubeleilege fakta byrja å leke ut. Fyrst kjempa Heche for livet sitt, og prøvde å kome seg ut av likposen.

Deretter snakka Anne Heche med brannmenn medan ho vart redda. Det burde ikkje vere naudsynt å seie, men hjernedøde menneske snakkar ikkje.

Og utifrå måten brannmennene oppførde seg, trur mange at dei ikkje var brannmenn i det heile. Sjå på denne videoen. Anne Heche var fullstendig tildekt som om ho var død. Ho vart boren ut av brannmenn til eit av køyretøya deira, ikkje av medisinsk personale til ein ambulanse.

Tragisk, grufullt og merkeleg. Og der er so mange spørsmål som krev svar.

Dei fyrste to spørsmåla er legitime førespurnader. Kvifor la dei ho i ein likpose når ho framleis var i live? Kvifor vart ho dytta ned og halden fast so fort ho prøvde å setje seg opp?

Men om du trur dette var korrekt prosedyre eller ikkje for å handtere eit visstnok hjernedødt brannoffer, lat oss gå gjennom lagnadene til nokre andre personar som snakka ut mot barnesexhandel og elitepedofili.

Hollywood-skodespelaren Isaac Kappy, som vart velkjent for å snakke ut mot Hollywood-pedofili og satanisk rituelt misbruk, vart funnen død i Arizona i ein alder av 42. Før hans død kom Kappy med eksplosive skuldingar mot A-kjendisar i Hollywood, inkludert Steven Spielberg, Tom Hanks og Seth Green; han skuldra dei for å vere pedofile som mishandla. Han sa òg at han aldri ville ta sjølvmord.

Paul Walker, som òg døydde i ei mistenkjeleg bilulykke slik som Anne Heche, hadde visstnok fått informasjon relatert til elitepedofili og vart tagd i hel av kreftene som rår.

Chris Cornell vart òg funnen død under mystiske omstende, og vart òg sagt å ha arbeidd på ei eksplosiv avsløringssak om barnesexhandel.

Det var òg hans gode venn Chester Bennington; dødsfallet hans sjokkerte verda.

Og Avicii, superstjerne-DJ-en, som publiserte ein urovekkjande musikkvideo, erklært «kommersielt sjølvmord» av plateselskapet hans, der han spelte den vaksne utgåva av eit offer for barnesex. Den siste scena i videoen har med ein politikar med ordet «pedofil» brennemerka på huda hans. Kva visste Avicii, og kva var han i ferd med å avsløre for massane? Han vart funnen død i ein alder av 27, so det vil vi aldri få vete.

Lista av kjendisar med tilknyting til elitepedofili, som døydde brått og mistenksamt, ser ikkje ut til å ta slutt.

Tragisk nok har Anne Heche no slutta seg til dei. Og ho hadde éin diger ting til felles med dei. Som barn leid ho hjå ein pedofil, og ho var bestemt på å beskytte barn frå å lide den same lagnaden som ho sjølv hadde gjort som lita jente.

Som barn vart Heche seksuelt misbrukt av sin pedofile fart. Heche kom med avsløringa i sine nådelaust openhjartige memoarar frå 2001, Call Me Crazy.

«Han valdtok meg… han befølte meg, han sette meg på alle fire og hadde sex med meg,» skreiv Heche.

Heche snakka òg om barndommen sin i eit intervju med The Advocate i november 2001, der ho sa: «Faren min var schizofren. Han levde to fullverdige liv; eitt som ein heterofil mann som var leiar av koret og hadde ein familie, og ein som drog sin veg. Vi veit ikkje kva han dreiv på med før fleire år seinare.»

Då Heche var 13, vart han ein av dei fyrste i USA som døydde av AIDS i 1983, noko som etterlét familien lutfattige og heimlause.

Offer kan gå éin av to vegar. Dei kan anten vekse opp og bli overgriparar sjølve. Eller dei kan avvise vondskapen. Heller enn å late barndommen knuse ånda hennar, svor Heche å bruke tida si på jorda til å gjere ho ein betre stad for andre.

Det er grunnen til at ho var bestemt på å gjere ferdig innspelinga av Girl in Room 13, spelefilmen som Heche håpte ville vekkje opp massane, og vakne dei opp til den djupt urovekkjande realiteten til elitepedofili.

Hovudstraumskanalar driv og rapporterer at filmen framleis vil bli gjeven ut. Derimot har nære venner av Heche avslørt at ho kjempa mot studioet for å sikre seg at dei ikkje gav ut ein utvatna versjon.

Det er grunnen til at måten ho døydde på er djupt mistenkjeleg.

Bilulykker med eitt køyretøy ser ut til å vere ein av metodane som bråkmakarar blir stilna på av eliten. Akkurat som Anne Heche, døydde journalisten Michael Hastings i 2013 etter at bilen hans plutseleg skaut opp i fart på ei bein Los Angeles-gate, svinga av vegen og krasja i eit tre; han vart drepen i eksplosjonen som oppstod.

Tidlegare den dagen hadde Hastings via e-post til redaktørane sine om at the Feds [FBI] dreiv og intervjua vennane og familien hans, før han skreiv sine lagnadstunge siste ord: «Eg har kome på spor av ei stor historie, og treng å gå under radaren ei stund.»

Omstenda rundt Michael Hastings si dødelege bilulykke i 2013 er nifst like CIA sine instruksjonar rundt det å orkestrere hemmelege attentat ved å «hacke bilar», ifølgje topphemmelege etterretningsdokument lekne av WikiLeaks.

Hastings, som opent kritiserte Obama-administrasjonen sitt overtramp i å spionere på amerikanske borgarar, hadde blitt ein torn i auget på CIA før sin død, der han publiserte fryktlause artiklar i hovudstraumspublikasjonar og truga med ei øydeleggjande avsløringssak om CIA-direktør John Brennan.

Frykta for at journalisten hadde blitt drepen i eit attentat, nådde febrilske høgder då kontraterrorisme-eksperten Richard A. Clarke skildra det dødelege krasjet som «konsistent med eit bil-cyberåtak».

Derimot avfeia hovudstraumsmedia raskt påstanden som ein konspirasjonsteori. Ideen om at CIA kunne ha hacka seg inn i ein bil og brukt den som eit drapsvåpen i det skjulte attentatet på ein fiende, var for mykje for etablissementet å ta til seg.

Det same skjer no med alle som vågar å stille spørsmål ved det bisarre dødsfallet til Anne Heche. Hovudstraumsmedia, faktasjekkarar og Big Tech jobbar på spreng for å stengje for diskusjon, og begrense ytringsfridommen vår.

Men vi skuldar Anne Heche å spørje oss om ho vart tagd i hel for synspunkta sine.

Som ein vellykka og populær Hollywood-insider med fleire millionar følgjarar på sosiale media, var kvinna som nekta å vere eit offer i ein unik posisjon for å vekkje opp massane.

Fekk Anne Heche prinsesse Diana-behandlinga?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s