Tyskland åtvarar: Der vil kome drakoniske energirestriksjonar

Av Mac Slavo, SHTFPlan.com. Omsett av saksyndig.

Tyske tenestefolk har åtvara folket om at der vil bli sett i verk ekstreme og drakoniske energirasjoneringstiltak. Dei åtvara òg sine handhevarar om å forvente sivil uro og opprør på grunn av dei ekstreme rasjoneringstiltaka.

Søk etter «fyringsved» har eksplodert på Google i Tyskland, sidan Deutsche Bank spår at «ved vil bli brukt som oppvarming der det er mogleg». Tyske tenestefolk åtvarar no slavane sine om ekstreme energirasjoneringstiltak, saman med potensialet for «ekstremistar» å nøre oppunder den nasjonale uroa på grunn av den stadig verre situasjonen.

Fordi det er so ekstremt å ønskje å kunne varme opp heimen din om vinteren.

Den tyske økonomiministeren og vise-kansleren Robert Habeck, som tidlegare bad innbyggjarane å redusere oppvarming, besøk i badstove, og dusjar, annonserte fredag [12.august 2022] at offentlege bygningar i landet ikkje får lov til å stille varmen over 19 grader denne hausten. Unntak vil bli gjort for sjukehus og «sosiale fasilitetar», ifølgje ein rapport frå ZeroHedge.

I eit intervju med Süddeutsche Zeitung, ei av dei største dagsavisene i landet, sa Habeck at dei nye retningslinjene ville bli del av Energitryggleikslova – og lagt til det allereie annonserte forbodet mot å varme opp private symjebasseng.

«I tillegg vil bygningar og monument ikkje lenger ha lys på om natta, og der vil vere begrensningar på lyssett reklame – medan ‘meir sparing òg må gjerast i arbeidsmiljøet’, la han til. Habecks meddeling kom berre nokre dagar etter at leiaren av det tyske energinettet, Klaus Mueller, sa at tyske familiar må kutte 20% av sitt normale energiforbruk for å unngå gassmangel innan desember.

‘Dersom vi ikkje sparer mykje og får ekstra drivstoff, vil vi få eit problem,’ fortalde han Welt am Sonntag i eit intervju sist veke.» (sitat henta frå ZeroHedge)

Det at Tyskland lit på russisk energi i lys av sanksjonar, gjer ting ufatteleg vanskelege for dei som ikkje er del av den herskarklassen som bestemmer. Situasjonen har lege og gjæra ganske lenge, og fått prisar til å gå tim himmels medan forsyningar av russisk naturgass til Europa har minka. I eit intervju med ZDF åtvara Stephan Kramer, som er leiar for innanlands-etterretningstenesta i den tyske delstaten Thüringen, at «legitime» protestar om energikrisa kan bli «kapra av ekstremistar» (og definitivt ikkje berre rasande gjennomsnittsborgarar).

«Vi vil sannsynleg bli konfrontert av masseprotestar og opptøyar,» sa Kramer. «Vi har å gjere med eit høgt emosjonelt, aggressivt, framtidspessimistisk humør i samfunnet, der tilliten til staten, institusjonane til den, og politiske aktørar er gjennomhola av massiv tvil.» Og korleis skjedde so det? Folk byrjar endeleg å sjå staten og dens institusjonar og politiske aktørar for det dei verkeleg er: meistrar som ønskjer å kontrollere slavane for ein kvar pris.

«Dette høgt emosjonelle og eksplosive humøret kan lett eskalere,» sa tryggleikssjefen vidare, og la til at Covid-19-samanstøyta «sannsynlegvis vil kjennast meir ut som eit barneselskap» i samanlikning. Kramer gjev ei åtvaring til dei som ønskjer å ta del i protestar: «tenk nøye etter kva slags protestar og demonstrasjonar du deltek i, eller helst hald deg heilt vekke frå dei, slik at du ikkje støttar fiendane til demokratiet.»

«Fiendane til demokratiet» er rett og slett menneske som ønskjer å vere frie, og som lever under ein herskarklasse valt av dei som ønskjer å forbli slavar. Dei prøver å sverte dei som ønskjer fridom som «ekstreme». Det er ikkje ekstremt å ville vere fri. Det er ekstremt å ønskje å kontrollere menneske og fortelje dei at det å velje ein ny meister so og so ofte gjer dei fri.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s