Rosenhan-eksperimentet: Kor godt kan psykiatrien skilje psykisk sjuke og friske frå kvarandre?

I 1969 hadde den amerikanske psykologen dr. David Rosenhan lenge undra seg over validiteten til psykiatriske diagnosar – kor godt psykiaterar og psykologar eigentleg var i stand til å medisinsk skilje mellom psykisk sjuke og psykisk friske personar. For å finne eit svar på dette spørsmålet bestemte han seg for å utføre eit unikt eksperiment for å få eit definitivt svar på dette.

Dr. Rosenhan og sju andre psykisk friske testpersonar fekk seg sjølve innlagt på ymse psykiatriske sjukehus i perioden 1969 til 1972, der dei simulerte psykisk sjukdom for å sjå om legane kunne avgjere om dei spelte. Det viste seg at legane ikkje kunne det.

Dei åtte psykisk friske testpersonane i det no velkjende Rosenhan-eksperimentet infiltrerte 12 ulike psykiatriske sjukehus i fem amerikanske delstatar, der alle bortsett frå eitt var underlagt delstaten eller den føderale staten.  Dei sokalla pseudopasientane var samansett av tre damer og fem menn, inkludert Rosenhan sjølv, som var reelt utdanna psykolog.

Deltakarane la seg inn under falskt namn og oppdikta yrkeskarrierar. Dei vart instruerte til å gjere avtalar med sjukehuset og hevde at dei over tid hadde høyrt merkelege stemmer som sa ord som «tom» og «hòl». Orda var meint å kunne tolkast som ein eksistensiell krise, som om liva deira var tomme og hòle. Kvar einaste av pseudopasientane vart basert på desse samtalane innlagt på sjukehuset som dei tok kontakt med.

I 1973 gav Rosenhan ut ein banebrytande rapport om opplevingane sine, On Being Sane in Insane Places. Han skreiv der at «ingen av pseudopasientane trudde verkeleg at dei kunne bli innlagt so lett».

Basert på ingenting anna enn påstandar frå dei sjølve om hallusinasjonar, vart ikkje berre kvar einaste pseudopasient innlagt, men alle bortsett frå éin fekk diagnosen schizofreni. Den som ikkje fekk den diagnosen, fekk i staden diagnosen «manisk-depressiv psykose». Det einaste dei hadde gjort, var å simulere auditive hallusinasjonar, dei manifesterte ingen andre symptom – og ingen andre aspekt frå dei oppdikta liva deira vart formidla, anna enn namn og karriere. På eit slikt nesten latterleg tynt grunnlag vart dei altso diagnostisert med alvorlege psykologiske tilstandar.

Når dei fyrst hadde blitt innlagt og fått diagnose, vart pseudopasientane overlatne til seg sjølve. Ingen av dei visste når legane ville vurdere dei som friske nok til å bli utskrivne – eller finne ut at dei lest som om dei var psykisk sjuke.

Heilt i byrjinga av eksperimentet var pasientane mest uroa for om dei «straks ville bli avslørt som bedragarar og audmjuka på det sterkaste», ifølgje Rosenhan. Det viste seg diverre at dei ikkje hadde nokon grunn til å bekymre seg om akkurat det.

Rosenhan skreiv at det på sjukehuset var konsekvent mangel på evne til å gjenkjenne forstand (i hans eigne ord: «a uniform failure to recognize sanity») hjå nokon av pseudopasientane. Ikkje ein einaste av dei vart nokosinne avslørt av personalet. Pseudopasientane demonstrerte ingen nye symptom, og dei rapporterte til og med at dei merkelege stemmene hadde forsvunne. Likevel heldt legane og personalet fram med å tru at diagnosane som dei fyrst sette på pasientane, var korrekte. Faktisk kunne personalet observere fullstendig normal åtferd hjå pseudopasientane og skildre den som unormal. Etter instruksar frå dr. Rosenhan skreiv pseudopasientane ned sine opplevingar. Ein sjukepleiar som observerte at pasientane sat og skreiv, informerte i den daglege rapporten at «pasienten tek del i skriveåtferd». Og kva er so «skriveåtferd»?

Frå Rosenhan sitt synspunkt gjekk legane og personalet hardnakka utifrå at diagnosane var fullstendig korrekte, og jobba utifrå denne meir eller mindre kvalifiserte gjettinga. Alt dei observerte var med på å forsterke diagnosane, ikkje avkrefte dei. Alt skulle stemme med diagnosane; her skulle terrenget tilpasse seg kartet, ikkje omvendt.

Som «sakkyndig» kommentar til den nyss nemnde skriveåtferda, skreiv nokon:

«Med tanke på at pasienten er på sjukehuset, må han vere psykologisk forstyrra. Og med tanke på at han er forstyrra, må vedvarande skriving vere ein åtferdsmessig manifestasjon av den forstyrringa, kanskje eit undersett av dei tvangsprega åtferdstypane som stundom opptrer saman med schizofreni.»

Pasienten sit og skriv, altso bekreftar dette at han er schizofren…

På liknande vis vart det brukt i mot ein av pseudopasientane at han hadde eit varmt forhold til kona, bortsett frå ein og annan krangel, og eit godt forhold til barna, som han av og til gav ris på baken (dette var tilbake på 1960- og 70-talet, der fysisk avstraffing av barn var vanleg). Men fordi han var innlagt på eit psykiatrisk sjukehus og diagnostisert med schizofreni, heitte det seg at: «Hans forsøk på å kontrollere emosjonalitet hjå kona og barna blir punktuert av raseriutbrot og, når det gjeld barna, ris på baken.»

Hadde ikkje mannen vore innlagt på psykiatrisk sjukehus, ville ikkje denne heilt normale åtferda (tilbake på den tida) blitt skildra i slike mørke tonar. Er pasienten fyrst sjukeleggjort, vil med andre ord alle handlingar, sjølv dei som på alle måtar er normale, òg sjukeleggjerast. Som Rosenhan sjølv skreiv: «Oppfattinga av omstenda hans vart fullstendig forma av diagnosen.»

Det var ikkje berre det at personalet hardnakka heldt fast på diagnosane sine. Dei tok mildt sagt lett på miljøarbeidet, og behandla pasientane i beste fall med likegyldigheit, i verste fall mishandla dei pasientane. Sjølv når pasientane sjølve freista å møte dei på ein vennleg måte eller starte samtalar med dei, møtte personalet dei med total mangel på interesse, om dei då gadd å respondere i det heile.

Dei einaste som faktisk oppdaga at pseudopasientane simulerte psykisk liding, var dei ekte pasientane. Ifølgje pseudopasientane skulda 35 av 118 ekte pasientar dei eksplisitt for å simulere. Ein av dei skal ha sagt: «Du er ikkje sprø. Du er ein journalist eller ein professor.»

Legane vart trass dette ikkje noko klokare. Pseudopasientane vart til slutt skrivne ut. Opphalda deira varte frå sju til 52 dagar, med eit snitt på 19. Alle hadde derimot same diagnosen som då dei vart lagt inn. Grunnen til at dei trass sine alvorlege diagnosar vart skrive ut til slutt, var at tilstanden deira var «i tilbakegang». I Rosenhans eigne ord:

«Ikkje på noko tidspunkt under nokon av sjukehusopphalda hadde nokon spørsmål blitt stilte om nokon av pseudopasientane si simulering. Ei heller var det indikasjonar i sjukehusa sine rapportsystem om at dei mistenkte statusane til pseudopasientane. Snarare er evidensen sterk for at når ein pasient fyrst vart merkt som schizofren, ville merket henge ved han. Dersom pseudopasienten skulle kunne skrivast ut, måtte han naturlegvis vere «i tilbakegang»; men han var ikkje psykisk frisk, ei heller hadde han slik institusjonen såg det nokosinne vore psykisk frisk.»

I denne videoen diskuterer dr. David Rosenhan kva eksperimentet hans avslørte. I rapporten sin konkluderte han: «Det er tydeleg at vi ikkje kan skilje dei friske frå dei sjuke i psykiatriske sjukehus.»

Hans teori om kvifor det var so lett å bli innlagt å få diagnosar som ikkje var reelle, var noko som vart kalla «Type 2» eller «falsk positiv»-feil: ein diagnostiserer heller ein frisk person som psykisk sjuk enn det motsette, sidan det å ikkje diagnostisere ein psykisk sjuk person har meir alvorlege konsekvensar enn å feildiagnostisere ein frisk person. Det kan diskuterast om dette faktisk er tilfellet – er ikkje konsekvensane òg alvorlege for nokon som blir innlagt på psykiatrisk sjukehus med feilaktig psykiatrisk diagnose, spesielt med tanke på at det er ingenting vedkomande kan gjere for å frigjere seg frå diagnosen i etterkant?

Rapporten skapte sjokkbølgjer i samfunnet. Folk vart forbløffa (om ikkje sjokkerte) over at psykiatriske diagnosar var sopass upålitelege, og kor lett det var å lure profesjonelle og sakkyndige innan psykiatrien på den måten. Kritiske røyster meinte derimot at eksperimentet var ugyldig, ettersom det pasienten rapporterer sjølve til psykiatrien blir sett på som ein av hjørnesteinane når det skal setjast psykiatriske diagnosar. Kven andre enn pasienten sjølv har full oversikt over eigne tankeprosessar og kva som skjer inni hovudet? Andre forskarar har på den andre sida bekrefta metodane og resultata til Rosenhan – somme har til og med gjenskapt eksperimentet og kome med liknande konklusjonar.

Dr. Rosenhan var ikkje den fyrste som hadde infiltrert psykiatrien. So tidleg som i 1887 lét journalisten Nellie Bly seg leggje inn på det som på den tida var kalla eit sinnssjukehus. Opplevingane hennar vart publisert i boka Ten Days in a Mad-House. Ho avdekte at mange av pasientane hadde blitt sendt til galehuset på uriktig grunnlag, og arbeidet hennar resulterte i ei storjury-etterforsking der psykiatriske undersøkingar frå då av vart gjennomført ein tanke grundigare.

Som eit direkte resultat av Rosenhan-eksperimentet endra den amerikanske psykatriforeininga sin «bibel» Diagnostic and Statistic Manual of Mental Disorders, der den nye versjonen som kom i 1980 hadde ei meir utfyllande liste av symptom for psykiske sjukdommar. For å kunne setje riktig diagnose på pasienten, måtte fleire enn eitt symptom vere til stade (ettersom den alvorlege sjukdommen schizofreni jo har fleire symptom enn berre det å høyre stemmer).

Etter at funna i eksperimentet hadde blitt temmeleg vidgjetne i USA, gjorde Rosenhan ein avtale med eit anerkjent forskings- og undervisningssjukehus, som hevda at han ikkje ville greie å lure dei med eit nytt «kull» av pseudopasientar. Rosenhan og sjukehuset avtalte at i løpet av ein periode på tre månader skulle éin eller fleire pseudopasientar prøve å bli innlagt, og personalet skulle vurdere sannsynet for at kvar ein pasient prøvde å lure dei. Ut av 193 pasientar, vart 41 vurdert å simulere, og 42 vart vurdert som mistenksame.

I røynda hadde ikkje Rosenhan sendt sjukehuset nokon pseudopasientar. Alle var vanlege pasientar.

Konklusjonen var at «kvar ein diagnostisk prosess som gjer seg sjølv sopass sårbar til massive feil av denne typen, kan ikkje vere ein særleg påliteleg ein.»

David Rosenhan døydde i 2012, 82 år gammal. I seinare tid har somme trekt Rosenhan-eksperimentet i tvil når det gjeld kor gyldig og/eller kor sannferdig skildringane og observasjonane er. Forfattaren Susannah Cahalan skriv i boka si The Great Pretender frå 2019 at ho i dokumenta etter den no avdøde dr. Rosenhan har funne evidens for inkonsekvente data, villeiande skildringar, og sitat frå psykiatriens rapportsystem som er unøyaktige eller oppdikta. Alle pseudopasientane hadde teieplikt, men Cahalan greidde å spore opp to av dei åtte pseudopasientane; Rosenhan sjølv og ein avgangsstudent. Vitnemålet til studenten samsvarer visstnok ikkje med Rosenhan sine skildringar i artikkelen. Ho antydar at nokon av, eller alle dei seks andre pseudopasientane kan ha blitt oppdikta av Rosenhan.

Romanen Gjøkeredet (på engelsk One Flew Over the Cuckoo’s Nest) av Ken Kesey vart publisert i 1962, nesten ti år før Rosenhan-eksperimentet. I tillegg til å vere ein knivskarp kritikk av psykiatrien, handlar ein sentral del av plottet om det å simulere psykisk liding. I dei to konkrete tilfella speler forteljaren, ein diger indianar, dauvstum (strengt teke ikkje ei psykiatrisk liding, men dei rundt han vurderer han som langt dummare enn han faktisk er) som er vitne til at den eigentlege hovudpersonen Randle McMurphy blir innlagt. Han simulerer psykisk sjuk for å unngå straffarbeid etter ein dom for vald og gambling. Forfattaren av romanen hadde sjølv erfaring som nattevakt på ein psykiatrisk institusjon i California. Romanen har påfallande nok eit fellestrekk med Rosenhan-eksperimentet: medan leiinga ved sjukehuset (den berykta sjukepleiaren Nurse Ratched) trur at Randle er reelt psykisk sjuk, gjennomskodar dei andre pasientane han raskt. Romanen står i dag som sjølve skuleeksempelet på bruk av tvang, makt og undertrykking i psykiatrien, og sporadiske anekdotar forsterkar inntrykket av at stoda ikkje er særleg betre i dag.

Å lure psykiatrien kan ha sine «fordelar»; eg kjenner personleg til tilfelle der arbeidssky personar bløffa seg til uføretrygd tilbake på 1980- og 90-talet på grunn av påstått psykisk liding. Dei spelte eit sjansespel der dei kunne ha tapt same kva utfallet vart. Dei kunne ha blitt innlagt med tvang. Dei kunne ha blitt avslørt og politianmeldt for forsøk på trygdesvindel. Dei fekk derimot sine diagnosar, fekk innvilga trygd og slapp å arbeide ein dag meir i sine liv. For alle oss som visste kva som hadde skjedd, framstod helsevesenet og psykiatrien i eit særs lite flatterande lys. Storleiken på sigeren, om det var ein siger i det heile, kan med rette diskuterast. Om ein sit igjen med ein feilaktig diagnose som kan øydeleggje livet eins, har ein då eigentleg vunne?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s