Hundrevis av barn diagnostisert med «barndomsdemens» – legar er forbløffa

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Hundrevis av barn blir diagnostisert med «barndomsdemens» og ein sjeldan sjukdom skildra som Alzheimer blanda med Parkinson – og legar er forbløffa.

Dei to siste åra har vi vore vitne til ein uforklarleg auke i helseplagar, inkludert dei brå og uventa dødsfalla til unge og friske menneske. «Samantreff» held fram med å manifestere seg. Eit regionalt sjukehus opplevde at meir enn eit dusin legar plutseleg døydde i løpet av berre to veker. Profesjonelle atletar i sin beste alder døyr som fluger. Høgprofilerte kjendisar har blitt råka av sjeldne medisinske diagnosar. Aldri før sedde utbrot av hepatitt og virus skjer over heile verda.

No set hovudstraumskanalane plutseleg søkjelyset på ein sjukdom som ein knapt har høyrt gjete om før: barndomsdemens. Ifølgje enkelte forskarar er media engasjert i ein bevisst programmeringsstrategi som har som mål å normalisere den aukande førekomsten av slike nevrologiske tilstandar.

Inokulasjonsindusert prionsjukdom

Ash Cupric rapporterer: ein fagfellevurdert artikkel publisert i det vitskaplege tidsskriftet Microbiology and Infectious Diseases deler nokre bekymringsverdige avsløringar når det gjeld koronavirus-immunisering. Artikkelen, som har namnet COVID-19 RNA Based Vaccines and Risk of Prion Disease, antydar at Pfizer sin mRNA-eliksir kan utløyse dødelege sjukdommar slik som Creutzfeldt-Jakob (som liknar på kugalskap).

Artikkelforfattar J. Bart Classen (lege) seier: «RNA-sekvensen i vaksinen, so vel som piggprotein-målinteraksjonen, vart analysert for potensialet i å kunne konvertere intracellulære RNA-bindeproteina TAR DNA bindeprotein (TDP-43) og Fused in Sarcoma (FUS) til sine patologiske prion-konformasjonar. Resultatet indikerer at vaksine-RNA-et har spesifikke sekvensar som kan indusere TDP-43 og FUS til å falde om til sine patologiske prion-konfirmasjonar. Faldinga av TDP-43 og FUS om til sine patologiske prion-konfirmasjonar er kjent for å forårsake ALS, frontal-temporal-lobar-degenerasjon, Alzheimers sjukdom, og andre nevrologiske degenerative sjukdommar.»

Symptoma på prionsjukdom inkluderer:

  • Demens
  • Forvirring
  • Talevanskar
  • Fatigue
  • Hallusinasjonar
  • Redusert mobilitet
  • Irreversibel hjerneskade

Dr. Stephanie Seneff er ei anerkjent vitskapskvinne ved Massachusetts Institute of Technology. Ho har grader i biofysikk, elektrisk ingeniørkunst og dataprogrammering. Under pandemi-æraen har ho vigd tida si til å studere Covid-19-vaksinar. Etter å ha sirleg analysert data, studiar av tilfelle og fysiologiske responsar, gjorde ho fleire sjokkerande oppdagingar.

Ved å undersøkje pasientar som utvikla Parkinson etter sprøyta, fann ein ut at når sprøyta fyrst var administrert, skaper dens syntetiske innhald ein immunforsvarsrespons og produksjon av piggprotein – den mest giftige delen av virus. Gjennom kroppsfiltrerings-mekanismar kjem desse cellene seg inn i lymfesystemet, der dei raskt samlar seg opp i milten.

Seneff forklarer at dette kritiske terminalsenteret er staden der tilstandar i hjernen utviklar seg. Ho skildrar heile prosessen som ein perfekt ihopkokt metode å indusere progressiv nevrologisk skade dei komande åra.

Big Pharma, som allereie tener milliardar på vaksinane, fokuserer beleileg nok på legemiddel som er brukt for å behandle demens. Trass at dei har samla seg opp enorme mengder rikdom og makt dei siste to åra, kjem produsentar til å tene langt meir frå endelaust sal av legemiddel. Merck investerte nyleg over ein milliard dollar i Ceverance (støtta av Bill Gates) for å skape reseptar for nevrodegenerative sjukdommar.

I fjor heldt marionett-president Joe Biden ein uvanleg pressekonferanse. Han erklærte at i løpet av det neste tiåret vil Alzheimer-pasientar leggje beslag på «kvar einaste sjukehusseng i USA». Kanskje dei som står bak agendaen prøver å førebu samfunnet på ein komande tsunami av kognitiv svikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s