Av Kennedy Hall, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Om du til no ikkje var klar over det, so viste heile Covid-greia seg å vere litt av ein katastrofe – for å seie det mildt.
Dei opphavlege modellane var feil… svært feil, og millionar ramla ikkje døde om i vegkanten på grunn av den farlegaste pesten i menneskeheita si historie. Og det er ikkje på grunn av strenge tiltak innført av styresmaktene, fordi vi kan no seie med visse at Sverige, Florida, Kviterussland og Sør-Dakota – for å nemne nokre – ikkje er magiske eventyrland som eksisterer inni garderobeskap [slik som Narnia; oms.komm.], men dei er ekte stader der so godt som ingen nedstengingar nokosinne fann stad.
Dersom du er frå Canada slik som eg [artikkelforfattaren], har du kanskje høyrt om ein nasjon som heiter Amerikas sameinte statar, der dei sjølv i dei mest nedstengde områda fullstendig gjekk vekk frå strenge tiltak rundt eit år før so godt som kvar einaste kanadiske provins. Eg kan attestere, etter å nettopp ha kryssa grensa, at delstaten New York ikkje er som ei scene teken ut av ein zombie-film, og tallause lik ligg ikkje strødd i gatene, sjølv om dei gav seg med Covid-fantestrekane lenge før Ontario.
Om eg ikkje tek feil, kom aldri massedød til Texas heller, sjølv om dr. Fauci var sikker på at the Lone Star State var fordømt då dei gjekk tilbake til normalen i april 2021.
I alle tilfelle tok styresmaktene dine feil om Covid, og so gjorde fleirtalet av nyheitsbyråa. Om det var spådommar om dødsratar, eller effektiviteten til vaksinane, om dei stadig skiftande profetiane til dr. Anthony Fauci, so stemmer ting rett og slett ikkje, og vi vart selde ein haug med løgner.
Men kva om du drakk for mykje Kool-Aid?
No, du har kanskje visst dette lenge, eller kanskje du nettopp vakna opp til kva som verkeleg skjedde for nokre dagar sidan. Kanskje når dei bad deg om å ta den fjerde sprøyta, sa du til deg sjølv: «Eg hugsar ikkje at eg måtte ta sprøyter kvar sjette månad mot dei andre farsottene…»
Kanskje fortalde du din næraste familie at du ikkje ville møte dei før smittetilfella gjekk ned, og deretter før du hadde blitt fullvaksinert, og deretter til du hadde din fyrste oppfriskningsdose, eller til dei alle hadde teke sprøyta òg.
Kva enn som var tilfellet, har noko i magen din sagt at du drakk for mykje av den metaforiske Kool-Aid, eller du drakk den for lenge. Og no ønskjer du å stoppe, eller kanskje du angrar på at du i det heile teke gjekk med på det. Likevel sit du no fast, og du har brotne forhold, segregerte familiemedlemmer, og du har gått glipp av meir enn to år av livet, med ingenting anna å vise til enn ein haug med sprøter.
Korleis går du vidare?
Med tanke på alt som har skjedd, spør du deg sjølv: «Korleis kan eg nokosinne gå vidare?»
Tragisk nok, som so mange andre, har du hatt bitre kranglar og roke uklar med venner og familie som du avskreiv som uansvarlege fordi dei ikkje trudde at lommetørkle over munnen din ville stoppe ein apokalypse. Eller, endå verre, du kalla nokon som ikkje tok sprøyta for «anti-vaxxer» berre fordi dei ikkje var komfortable med ei sprøyte som har eksistert i kortare tid enn Trudeau har vore statsminister.
Kanskje du gjentok løgnene om «dei uvaksinerte sin pandemi», for so å snuble over den reelle informasjonen frå styresmaktene som viste det motsette.
Poenget er, no ønskjer du å gå vidare, og du veit ikkje kvifor.
So mykje som eg ønskjer eg kunne seie at der finst ei tilnærming som passar alle, so gjer det ikkje det. Når det er sagt, er der nokre fellestrekk i mange historier, og dette gjev oss ein sjanse til å vurdere konkrete steg vidare.
Ikkje nemn det
Dersom du ikkje har brent bruer eller slengt fornærmingar eller skuldingar mot dine Covid-skeptiske kjære, kan det å gå vidare og skvære opp tyde at du rett og slett møter opp på ein grillfest, utan munnbind, og oppfører deg som om det er 2019.
Dei fleste som har sakna deg ønskjer ikkje å bere nag, og dei har truleg sakna deg og vil bli glade for å sjå deg, til og med om du møter opp uanmeldt.
Dersom du har vore skilt frå «anti-vaxxerane» og saknar selskapet deira, ikkje nemn Covid når du då endeleg møter dei. Berre oppfør deg normalt.
Det rare er at dei fleste av dei menneska som media og politikarar stempla som utkantekstremistar, protesterte mot obligatoriske helsetiltak fordi dei trudde at folk kan ta sine eigne val og burde få lov til det òg.
Dei hadde vanlegvis ikkje noko problem med at du gjekk med munnbind eller tok sprøyta som privatperson, men dei hadde eit problem med påbodne tiltak som dei ikkje var komfortable med.
Somme var motiverte av sin kjærleik for fridom, andre av eit ønske om å gå i kyrkja, og somme fordi dei er på den alternativmedisinske sida og ikkje synest det er greitt med slik farmasøytisk intervensjon på ein massiv skala. Med andre ord, desse menneska er normale.
So, om du ikkje brann nokon bruer, berre oppfør deg normalt og alt vil sannsynlegvis vere snøen som fall i fjor.
Det er ikkje so enkelt
Kva om det ikkje er so enkelt?
Kva om du faktisk slengde fornærmingar etter familiemedlemmer, eller nekta å invitere dei på julemiddag? Kanskje du sa nokre ting på sosiale media som du ønskjer du kunne ta tilbake… men ikkje kan det.
Vel, i det tilfellet handlar det ikkje om Covid, eller ein vaksine. Det handlar om moral.
Dersom du støtta vaksinesegregering, støtta du segregering, som rett og slett er umoralsk, vaksine eller ikkje. Dersom det er tilfellet, vil kvar ei oppskværing vere relativt til forholdet.
Det kan vere vanskeleg å skvære opp med menneske som nærast vart rekna som spedalske, spesielt dersom dei kjenslene vart forsterka av orda og handlingane til nære familiemedlemmer.
Eg kan seie frå personleg erfaring at det ikkje spelte noka rolle at heile verda gjekk av skaftet, men når ein nær familiemedlem sa «eg tek heller sprøyta enn å vere med deg,» var det noko som stakk særs djupt.
Dersom du står i ein liknande situasjon, føreslår eg at du ikkje nemner Covid i det heile. Ingen bryr seg verkeleg om du framleis trur at nyheitsbyråa ikkje er løgnarar. Til sjuande og sist bryr dei seg om du føretrekkjer å møte dine kjære ved spesielle anledningar meir enn du bryr deg om å tilfredsstille dr. Fauci og The Washington Post.
Dersom du er i ein posisjon der du veit det er på tide å skvære opp med avviste venner og kjære, vil eg råde deg til å handle fort, fordi dei av oss som vart sette i eksil av menneska vi brydde oss om, har i stor grad forsona oss med det faktum at der finst visse forhold som aldri kan gjerast gode igjen.
Kan du verkeleg laste oss?