Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
FBI-direktørar den seinare tid har vore etablissementsfigurar som går lenger enn langt for å beskytte eliten og undertrykkje sanninga. Tenk på James Comey, som gjekk ut av sitt gode skinn for å beskytte Hillary Clinton frå straffeforfølging, og Robert Mueller og hans «russiske samarbeid»-heksejakt.
So det kjem truleg som ei overrasking å lære at FBI-sjefar ikkje alltid var djupstatsskurkar.
Kva om eg fortalde deg at der var ein FB-sjef som, før sin død i 2011, varsla om satanisme i CIA, Illuminati, elitens pedofiliringar, og meir, og som tok det han hadde å seie rett til folket – før han vart brutalt uskadeleggjort i altfor tidleg alder.
Møt Ted Gunderson, spesialagent i Federal Bureau of Investigation, leiar i FBI sin Los Angeles-filial.
I desember 1951 vart Gunderson med i FBI under J. Edgar Hooever. Han tente i ved kontora i Mobile, Knoxville, New York City og Albuquerque. Han var ein ung og respektert agent. I 1973 vart han leiar av Memphis sitt FBI-kontor, og i 1975 vart han leiar av Dallas-kontoret.
I 1977 vart Gunderson utpeikt til leiar av Los Angeles sitt FBI. Kort fortalt hadde Gunderson vore ute ei vinternatt før. Og i 1979 var han ein av ei handfull kandidatar for stillinga som FB-direktør, som til slutt gjekk til William H. Webster.
Etter sin glimrande karriere i byrået, gjekk Gundersom av med pensjon og byrja å halde føredrag over heile landet, der han snakka direkte til folket. Det var då ting byrja å bli verkeleg interessante.
Desse forbløffande føredraga introduserte tusenvis av menneske til realiteten rundt kva som gjekk føre seg bak scenene i maktas korridorar. Den tidlegare FBI-sjefen er ansvarleg for å opplyse tusenvis, og å utdanne vanlege menneske i falsk flagg-terrorisme, satanisk rituelt misbruk, MK Ultra tankekontroll og chemtrails.
Ikkje overraskande døydde Gunderson brått og uventa ikkje lenge etter at han byrja å varsle om dei mørkaste hemmelegheitene til eliten. Der er mange som står nær Gundersom som seier at han vart drepen av eliten for å få han til å halde kjeft.
Gunderson er best kjent for å ikkje berre avsløre denne vondskapen og utdanne folket, men for å risikere livet for å personleg hjelpe og beskytte mange offer.
Han jobba utrøytteleg for å avsløre det seksuelle og sataniske misbruket av barn gjort av den globale eliten, og leid same lagnaden som mange andre betydelege personar som har jobba for den same saken no i nyleg tid.
Isaac Kappy, Chris Cornell, Chester Bennington, Avicii og Anthony Bourdain var alle høgprofilerte figurar som svor å avsløre pedofiliringar knytt til den mektige underhaldningsindustrien. Dei leid alle same lagnaden som Gunderson, tekne av dage altfor tidleg.
Meir nyleg vart Anne Heche, som arbeidde med ein film som avslørte Hollywood sin barnesexhandel, drepen i ei bisarr bilulykke som har fått etterforskarar til å klø seg i hovudet. På same vis hadde Coolio, som gjekk bort ganske nyleg, erklært at pedofile kontrollerer underhaldningsindustrien, og at han såg på det som si plikt å drepe dei.
Nokre veker seinare var Coolio den som vart funnen død.
Gunderson var sjølve ringreven av pedofiliring-varslarar. Han var essensiell i å eksponere Franklin Cover-Up, som involverte statleg dopsmugling, kvitvasking, barnekidnapping og rekruttering av unge gutar frå barneheimar i Midtvesten for sex med amerikanske kongressmenn.
Gunderson bad publikum på føredraga sine om å kopiere forskinga hans og dele den ut til so mange menneske som mogleg. Å utdanne massane var planen hans for å bekjempe globalt, fascistisk tyranni.
Det er i hans ånd at vi har som mål å spreie informasjon om arbeidet hans.
For å hjelpe oss å utdanne massane, ver venleg og del videoane våre vidt og breitt, kommenter og abonner.
Som Jefferson sa: alt tyranni treng for å finne fotfeste, er at folk med godt vit forblir stille.
Sjå video om artikkelen her.