Kvifor sameinte ikkje amerikanarane seg for å redde USA?

Dei visste ikkje sanninga om kva som skjedde med dei.

Av Karen Kingston. Henta frå hennar Substack. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

På eit eller anna punkt i livet vårt, har mange av oss grubla på om det var noko Holocaust-offera kunne ha gjort for å redde seg sjølve. Det er ei hjarteskjerande øving å undre på om dei kunne ha stoppa politiet frå å frakte dei av garde til Nazi-krigsleirar. Eg har reflektert og undra «dersom dei visste at dei vart tekne som krigsfangar, i staden for å tru at dei var på veg til karantene- eller arbeidsleirar, kunne dei ha blitt redda? Eller kunne dei ha vore i stand til å ta kontakt med det lokale politiet og jobbe med dei som eit samfunn, før SS rekrutterte dei og slutta med å bli sendt med makt til fengsla?»

Medan vi alle har djup empati og føler tristheit for Holocaust-offera, har ingen av oss nokon svar. Vi kan ha empati med det historiske faktum at Holocaust-offer var gjenstand for høgst vondsinna propaganda og psykologisk krigføring i det 20.hundreåret. Skiltet over inngangen til Auschwitz seier «Arbeit macht frei». Arbeid set dykk fri.

Holocaust-offera vart fortalt at krigsfengsel var «arbeids- eller karanteneleirar», gasskammera var «dusjar», tortur var «medisinsk omsorg» og at «arbeid set dykk fri». Holocaust-offer vart ikkje fortalt at dei var krigsfangar tekne av sine eigne styresmakter. Dei vart fortalt at dersom dei følgde ordre, ville ting til slutt bli normale igjen.

Mange patriotiske amerikanarar ser ut til å tru at vi rett og slett har ein svikefull administrasjon med ei open grense, eit stole val, øydeleggjande økonomisk politikk, kalling av dei som snakkar mot forteljinga for «innanlandsterroristar», og grunnlovsstridige naudinjeksjonar, testar, lover og påbod. Dersom vi var i krig, ville den amerikanske regjeringa vere skuldig i å engasjere seg i ikkje-kinetisk krigføring mot sine eigne borgarar.

Per James Giordano, ein militærekspert på nevrovåpen og psykologisk krigføring, «kan ikkje-kinetiske krigføringstaktikkar og våpen skade, slå ned og øydeleggje ein fiende» utan bruk av militærmakt eller tradisjonelle våpen.

Suksessen til ikkje-kinetisk krigføring er ofte avhengig av konsekvent tilbakeslåande propaganda kombinert med å blokkere tilgang til alternative synspunkt og informasjon, medan ein offentleg latterleggjer dei som uttrykkjer alternative synspunkt eller verre, stemplar dei som innanlandsterroristar av FBI.

Dersom vi er i krig, er følgjande utvalde døme på ikkje-kinetiske krigføringsåtak som var ein kritisk del av dei massekoordinerte åtaka mot USA brukt for å med vilje skade nasjonen og borgarane våre under påskotet naudlover, folketryggleik og nasjonaltryggleik.

Åtak 1: Koordinere med utanlandske motstandarar for å marknadsføre og lagre PCR-testar med det føremålet å samle genetiske profilar av amerikanarar for å bli opplasta i ein global database.

I januar 2020 hadde dei fleste amerikanarar eit naivt forhold til det nye, zoonotiske koronaviruset som hadde opphav i Wuhan, Kina. Derimot, 31.januar 2020, erklærte sekretær for helse og menneskelege tenester [Health and Human Services; HHS], Alex Azar, at det nye 2019 koronaviruset (2019-nCoV, no COVID-19), var ei folkehelsekrise under PREP Act basert på bekrefta tilfelle.

Her er utfordringa: i januar 2020 var der ingen test for det nye 2019 koronaviruset for å bekrefte tilfelle. PCR-testen hadde enno ikkje blitt utvikla eller autorisert for SARS-CoV-2. Viruset hadde ikkje eingong fått eit namn. Amerikanarar vart loge til.

Per PREP Act kunne fabrikantar rundt om på kloden frå og med 31.januar 2020, inkludert Kina, byrje å masseprodusere PCR-testane og importere dei til USA utan at testane vart gjenstand for nokon gode, amerikanske fabrikasjonsinspeksjonar eller kvalitetskontrollar. Dersom testane inneheldt giftige substansar eller militærgrads nevroteknologi (under naudgodkjenningslova), hadde ikkje amerikanske borgarar rett til å vete det. Vidare, per NIH [det amerikanske folkehelseinstituttet], vart den genetiske informasjonen til amerikanarar lasta opp i ein open-source global database. Dette tydar at det kinesiske militæret hadde tilgang til databasen med amerikanarane sine genetiske profilar, so vel som kva som helst annan motstandar av USA.

Åtak 2: Byrje den globale produksjonen av biovåpen under påskotet av «Covid-19 medisinske mottiltak», medan ein garanterer altdekkjande immunitet for fabrikantane frå styresmaktene [juridisk immunitet mot til dømes søksmål; om.komm.].

4.februar 2020 erklærte HHS-sekretær Alex Azar at det nye koronaviruset var ein trugsel mot nasjonal tryggleik, noko som lét dei utvikle, marknadsføre og offentleggjere naudgodkjende medisinske mottiltak (Covid-19-«vaksinar»). På den dagen kunne fabrikantar slik som Pfizer, Fosun Pharma (Kina), Sinopeg (Kina), Moderna og andre byrje den globale marknadsføringa av Covid-19-«vaksinane» i påvente av ei naudgodkjenning, utan å gå gjennom minimale dyre- og menneskeforsøk for å dokumentere tryggleik eller effektivitet, og utan å måtte halde seg til rådande standardar innan marknadsføringspraksis.

Åtak 3: Legalisere overfall, overgrep og mord på amerikanarar av helsepersonell som bruker dei naudgodkjende medisinske mottiltaka, og deretter finansielt insentivere eller lovprise dei for å gjere det.

Med denne HHS-erklæringa, dersom helsepersonell følgjer HHS-retningslinjer, kan dei overlagt utføre mishandling og mord på vaksne og barn gjennom administreringa av naudgodkjende medisinske mottiltak (altso naudgodkjende Covid-19-«vaksinar», Remdesivir, respiratorar, PCR-testar, osb.) med fullstendig immunitet frå sivil og strafferettsleg forfølging.

Overlagte overgrep, inkludert mord, er lovleg under naudgodkjenningslova so lenge helsepersonell følgjer HHS-ordrar. Forfattaren av Ordinary Men, Christopher Brown, skreiv: «Til sjuande og sist fann Holocaust stad fordi individuelle menneske, på det mest basiske nivået, drap andre menneske i store tal over lang tid. Grasrot-forbrytarane vart om til profesjonelle drapsmenn.»

Åtak 4: Villeie, terrorisere og skuldtyngje amerikanarar til å gå i husarrest, noko som fører til øydelegging av økonomien.

31.mars 2020, under ein briefing i Det kvite hus, presenterte legane Anthony Fauci og Deborah Birx to bjølleforma epidemiske kurvar som estimerte at Covid-19 ville forårsake 1,5 til 2,2 millionar dødsfall, men at amerikanarar kunne «flate ut kurven» til 140 000 til 200 000 dødsfall ved å ta umiddelbare inngrep gjennom ei landsomfattande nedstenging.

Her er det store problemet: fem dagar før denne pressekonferansen publiserte dr. Fauci si profesjonelle ekspertmeining der han sa at «dei kliniske konsekvensane av Covid-19 liknar meir på sesonginfluensa (med ein dødelegheitsrate på 0,1%), enn på dei dødelege SARS- eller MERS-virusa (med dødelegheitsrate på 9 til 36%)» i New England Journal of Medicine.

26.mars 2020 annonserte Fauci til sine kollegaer i Kina og det globale vitskaplege samfunnet at Covid-19 grunnleggjande var det same som influensa. Deretter, fem dagar seinare, fortalde han det amerikanske folket at det var ein «høgst dødeleg» pandemi, og dersom vi ikkje stengde oss inne i heimane våre, ville millionar døy. Vi vart villeia.

Somme av dei kritiske, «livreddande» reglane til nedstenginga inkluderte: alle borgarar held seg heime (inkludert friske vaksne og barn i skulealder – bortsett frå «essensielle arbeidarar»), småbedrifter stengde ned, strender og parkar stengde ned, og kyrkjer stengde. Dersom ein amerikanar måtte forlate huset for å få tak i basiske varer eller helsetenester, vart sosial avstand strengt handheva og samlingar med familie og venner frå andre hushaldningar var forbode.

Dersom vi er i krig, kan ein lure på om USA hadde blitt invadert av ein fiende 31.mars 2020, at fienden ville bruke militærmakt til å handheve liknande nedstengingsreglar fram til dei var klare til å byggje fangeleirar, importere våpen og installere den naudsynte teknologiske infrastrukturen på amerikansk jord som ein ville trenge for å slavebinde, skade og avrette sivile.

31.mars 2020 vart nasjonen vår alvorleg skadd av våre fiendar. Sivile vart sett i husarrest og vi fekk frårøva våre ukrenkjelege, gudegjevne rettar medan bedriftene våre, samfunna våre, og barna si framtid vart øydelagt.

Propagandaen, trugslar og politi, og trugslar om sivil eller strafferettsleg forfølging for sivile som ikkje lydde dei nye reglane for krigføring, er ekstremt effektive i å villeie og tvinge amerikanarar til å bli fangar av sine eigne styresmakter, splitte nasjonen og øydeleggje Grunnlova og Bill of Rights.

Per i dag ser åtaket på amerikanarar ved bruk av Covid-19-taktikkar og krigføringsvåpen ut til å ha letna, men fienden har ikkje trekt seg tilbake. Injeksjonane, testane og pillene er tilgjengeleg i rikelege mengder i samfunnet. Og dei alle kan berre skape sjukdom, handikapp og død. Alle Covid-19-produkt kan bli fjerna frå samfunna våre dersom delstatsguvernørar erklærer at Covid-19 ikkje lenger er ein trugsel mot folketryggleiken i delstaten sin. Ingen har gjort dette. Kvifor ikkje?

Fiendar av USA og menneskeheita bruker finansielle incentiv og overtalande nevrolingvistisk programmering for å vinne samarbeidet av statlege tenestepersonar, offentlege leiarar, konsern-USA, helseomsorgsindustrien, Big Tech, utdanningssystemet, hovudstraumsmedia, skulane og kyrkjene for å halde fram denne vondsinna, tvangsprega propagandakampanjen. Fiendane våre har listig rekruttert eller tvinga statlege tenestepersonar, lokale leiarar og politiske figurar i heile nasjonen til å støtte planen om å øydeleggje landet frå innsida.

Vi har sett eller høyrt om Covid-19-«karanteneleirane» som er bygt overalt i landet. Dei er ikkje leirar. Dei er fengsel for amerikanske borgarar. CDC refererer til fengsla som «karanteneleirar» og til husarrest som «Household Shielding» [«skjerming i hushaldninga»] i sine retningslinjer som har namnet «Shielding Approach to Prevent COVID-19 Infections in Humanitarian Settings» [«skjermingstilnærming for å hindre Covid-19 i humanitære settingar»].

Vi blir åtvara om at ein annan pandemi vil råke oss snart. Dersom vi ikkje friviljug underkastar oss den neste biovåpen-injeksjonen eller friviljug går til desse fengsla, vil det lokale politiet eller militæret bruke makt for å pågripe oss?

Vil nokon sjå tilbake 80 år frå no og spørje «kvifor sameinte ikkje amerikanarane seg for å redde USA?»

  • «Amerikanarane vart fortalt at dei skulle fare til ein Covid-19-karanteneleir for folketryggleik, og når dei ikkje lenger utgjorde ein høg risiko for andre, kunne dei reise heim igjen.»
  • «Amerikanarane visste ikkje at ‘vaksinane’ var biovåpen og trudde dei vann då dei gjekk vekk frå vaksinepåbodet.»
  • «Amerikanarane trudde at ein topphemmeleg militær operasjon stod bak, og at øydelegginga av nasjonen og skade og mord på vaksne og barn var ‘del av planen’ for å vekkje folk opp før USA kunne bli redda.»

«Under COVID-19 trudde amerikanarane at elimineringa av rettane deira var i folkehelsa sitt namn. Dei vart ikkje fortalde at dei vart tekne som krigsfangar tekne av sine eigne styresmakter og offer for den mest vondsinna propaganda, psykologisk krigføring og biovåpen-eksperiment i menneskeheita si historie. Dei vart fortalde at biovåpena var vaksinar. Dersom dei hadde visst, hadde leiarar reist seg for å åtvare nasjonen om masseøydeleggingsvåpen, sameine folket, og redde USA.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s