Judicial Watch: Massiv propagandakampanje vart lansert av Biden-administrasjonen for å motivere folk til å ta covid-«vaksine»

Av Ethan Huff, Natural News, 7.oktober 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Inne blant dei 249 sidene med dokument som Judicial Watch nettopp fekk frå det amerikanske Department of Health and Human Services (HHS), er planane som regjeringa brukte for å lansere ein massiv medie-propagandakampanje som fremjar Wuhan koronavirus (Covid-19)-«vaksinane».

Ei Freedom of Information Act (FOIA)-begjæring levert av Judicial Watch skulda det føderale byrået for å ikkje svare på ein førespurnad om dokument frå 19.april 2021, relatert til Joe Biden sitt «Covid-19 Community Corps»-program.

Det programmet, som vart lansert same månad, skal visstnok ha rundt 17 000 medlemmer. Det er eit program styrt av HHS og det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) for å spreie «vitskapleg basert informasjon» til ymse samfunnsorganisasjonar og den gjennomsnittlege amerikanar for å «myndiggjere dei til å kjempe mot Covid-19 og fremje vaksinasjonar».

[Nokre av medlemmene i gruppa inkluderer ei rekkje helseorganisasjonar i USA, til dømes Planned Parenthood, den amerikanske lungeforeininga, sjukepleiarsamanslutninga, folkehelsesamanslutninga, pediatriakademiet og andre. Sjå orginalartikkelen for ei meir utfyllande liste; oms.komm.]

Du vil leggje merke til at Planned Parenthood, USA si desidert mest populære abortmølle, er på lista over organisasjonar som den føderale regjeringa har brukt for å prakke covid-injeksjonar på massane.

Med tanke på at Planned Parenthood sitt nummer éin-oppdrag er avfolking gjennom abort, gjev det meining at organisasjonen òg vil hoppe på Fauci-sprøyte-toget av død og sjukdom – som er alt desse sprøytene faktisk skaper.

HHS og CDC inngjekk òg partnarskap med ei rekkje sports- og underhaldningseiningar for å pushe kinavirus-sprøytene [sjå originalartikkelen for ei utfyllande liste; oms.komm.].

Regjeringa si «folkeutdanningskampanje» inkluderte skapinga av ein illusjon om at covid-sprøytene er populære på «grasrotnivået»

Ei pressemelding frå Judicial Watch seier at vaktbikkje-gruppa ønskjer alle tilknytande dokument rundt korleis desse einingane slutta seg saman med HHS og CDC. Dette inkluderer dokument relatert til søknadsprosessen; korleis organisasjonar vart valde til å delta; legat; og all kommunikasjon mellom regjeringa og nemnde einingar.

«Desse dokumenta viser ein urovekkjande og massiv kampanje av Biden-administrasjonen for å propagandere og politisere dei kontroversielle covid-vaksinane,» sa president i Judicial Watch, Tom Fitton. «Det ser ut som om heile underhaldningsindustrien var ein agent for regjeringa!»

Ein annan av taktikkane til Biden-regimet involverte å plassere ein «påliteleg bodbringar» på den populære Joe Rogan-podcasten for å få det til å sjå ut som dei «kule ungane» alle går inn for å få DNA-et sitt permanent endra med covid-«vaksinar». Sjå her.

Ein spesifikk seksjon av dokumenta ved namn «PEC [Public Education Campaign] Plan April 19 – May 31 [2021]» forklarer i vidare detalj nokre av dei andre taktikkane som vart brukte for å lokke meir amerikanarar til å rulle opp erma:

  • Sende ei vaksine-engasjementspakke til alle underhaldningstalent- og managerbyrå
  • Sende vaksine-engasjementsmateriale til alle medieselskap og programprodusentar
  • Nå ut til produsentar av større kulturarrangement
  • Nå ut til WCDT (som ein trur er «We Can Do This»-gruppa) med merkevarebygging og engasjementsidear for større bedrifter og foreiningar
  • Lansere eit «community corps»-kapittel
  • Starte kjendis-«del mikrofonen»-arrangement

Ein hadde òg gjort ymse vurderingar rundt korleis ein skulle pushe fleire covid-sprøyter på menneske med mørkare hud, som er blant dei som minst sannsynleg vil bli injiserte.

På eitt punkt vurderte regjeringa å nå ut til fotballstjerna Tom Brady for å krevje at han sette saman ein video der han oppmoda fansa sine til å bli vaksinerte, og bruke foreldra sine, som tidlegare hadde covid, men som vart friske igjen, som lokkeduer.

Hollywood-komedieforfattarar var til og med snublande nær ved å bli kontakta for å leggje pro-vaksineinnhald inn i verka sine.

Big Tech deltok òg i pro-vaksine-bodskap frå regjeringa. Sosiale medieplattformer slik som YouTube, Instagram, TikTok og Snapchat vart brukte som åte for å lokke yngre til å akseptere dei genmodifiserande nålene.

Og so har vi kristen kringkasting og evangeliske leiarar, der nokre av dei vart kontakta for å leggje pro-covid-injeksjonspropaganda inn i preikene sine.

«Kall inn til eit redaksjonelt møte med utgjevarane av katolske aviser og nyheitsbrev i heile landet (til dømes America Magazine, Florida Catholic, The Catholic Spirit, The Tablet),» står det å lese i eit punkt i dokumentet.

«Be om ein vaksinasjonsspesial med Christian Broadcasting Netflix og evangeliske leiarar,» står det i eit anna punkt.

Ei komplett oversikt over kva som vart avdekt som del av søksmålet er tilgjengeleg på heimesida til Judicial Watch.

«Dette er meir enn nok til å opprette sak på alle på toppen av dei statlege helsebyråa, Biden og administrasjonen hans, og dusinvis av andre som er fletta inn i denne reelle konspirasjonen,» skreiv ein lesar om desse nye avsløringane.

Sjå òg Steigan sin artikkel om Judicial Watch. Det blir der spekulert om den same propagandakampanjen vart sett i verk her i Noreg. Med tanke på at det heile verka sopass koordinert og sentralstyrt både i Noreg og nær alle vestlege land (WHO-medlemsland), er dette høgst plausibelt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s