Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 7.oktober 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Ei banebrytande begjæring om søksmål har blitt levert inn av advokat Thomas Renz, retta mot EcoHealth Alliance-president Peter Daszak [uttala ‘DAYsækk’] og forskar Ralph Baric ved University of North Carolina, der det blir påstått at dei er ansvarlege for dødsfall hjå dei fornærma på grunn av si involvering i finansieringa av gain-of-function-forsking på SARS-CoV-2-viruset, som ein trur er ansvarleg for «covid-pandemien».
Ifølgje søksmålet, der ein kopi er å finne på Renz-Law.com, konspirerte Daszak og Baric for å omgå restriksjonar relatert til finansiering av gain-of-function, og overførte både pengar og teknologi til dr. Zheng-Li (den sokalla «Bat Lady» / «Flaggermusdama») ved Wuhan sin biovåpen-forskingsfasilitet i Kina, der det endelege arbeidet på SARS-CoV-2 vart utført, og gjort om til eit våpen mot menneskeheita. Når det fyrst var fullført, vart våpenet sleppt laus på verda, og forårsaka dødsfalla til dei fornærma.
Vi ønskjer velkomne svar frå både Daszak og Baric om dei er uenige med desse påstandane, og ønskjer å kome med si eiga forklaring på hendingane dei er involverte i.
Sjå ein back-up-kopi av søksmålsdokumenta på denne NaturalNews-filadressa (i PDF).
CDC tok del i kriminell konspirasjon for å dekkje over V-safe-data
I tillegg til den store bomba av eit søksmål mot Daszak og Baric, har CDC blitt tekne på fersken, som delaktige i det eg ville klassifisere som ein kriminell konspirasjon for å dekkje over og halde tilbake V-safe-data frå offentlegheita i nesten to år.
Dette datasettet frå V-safe-appen har akkurat blitt framskaffa av ICAN (Del Bigtree og advokat Aaron Siri), og det avslører at 7,7% av dei som tok covid-vaksinar leid av so mange skadar at dei hadde behov for medisinsk behandling, medan 25% i sin tur fekk liva sine snudd opp-ned då vaksinebiverknader fekk dei til å gå glipp av arbeid, eller ikkje lenger drive med «normale livsaktivitetar».
Som Epoch Times rapporterer:
«Hundretusenvis av amerikanarar søkte legebehandling etter å ha fått ei Covid-19-vaksine, ifølgje Centers for Disease Control and Prevention (CDC)-data som vart offentleggjorde 3.oktober [2022].
Grovt rekna 782 900 menneske rapporterte at dei hadde søkt legebehandling, behandling på akuttmokttak, og/eller sjukehusinnlegging etter Covid-19-vaksinasjon. 2,5 millionar i tillegg til det igjen, rapportert at dei måtte vere vekke frå skulen, arbeid eller andre normale aktivitetar som eit resultat av ei helsehending etter at dei fekk ei Covid-19-vaksine.»
Du kan sjå det komplette datasettet via ICAN si heimeside på denne linken.
Det viser at ut av rundt 10 millionar vaksinemottakarar som bruke V-safe-appen, vart 33% påverka av skadar eller andre forstyrringar, og nesten 6,5 millionar helsepåverknader vart rapporterte.
CDC kjempa hardt for å hindre at denne informasjonen vart tilgjengeleg for offentlegheita, noko som beviser at [Rochelle] Walensky med fleire tok del i ein kriminell konspirasjon for å dekkje over og skjule sanninga om vaksineskadar frå folket, noko som kan ha resultert i millionar av ekstra dødsfall og skadar som ein kunne ha unngått om folk visste sanninga.
CDC er ein korrupt, kriminell organisasjon
Vi veit no utan skugge av tvil at CDC er eit kriminalitetskartell som fremjar Big Pharma sine dødssprøyter som skader eller drep millionar av amerikanarar. Ved kvart eit høve vil CDC skjule sanninga om vaksineskadar og villeie folket, medan dei fremjar fleire sprøyter for alle, inkludert barn.
CDC-direktør Walensky burde straks bli arrestert av Justisdepartementet og tiltalt for minst eitt tilfelle av kriminelt bedrageri og forsømmelse, for kvar einaste amerikanar som vart skadd eller drepen av desse farlege covid-vaksinane.
I staden vil Det kvite hus og det medskuldige massemedia krevje meir sensur av alle som snakkar om at vaksinar er farlege, og feilaktig påstå at slikt snakk er «desinformasjon», når CDC sine eigne data i røynda no viser at covid-vaksinar er det farlegaste medisinske inngrepet som nokosinne har blitt administrert til folket i slik ein stor skala… langt farlegare enn Thalidomid, Vioxx, statinar eller andre legemiddel som har lemlesta eller drepe uskuldige menneske dei siste tiåra.
Desse dødelege, helsefarlege vaksinane må stoppast, og dei som uærleg pushar dei må ansvarleggjerast gjennom arrestasjon og straffeforfølging for sine fæle brotsverk mot barn og heile menneskeheita.
Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 7.oktober 2022.