Den svenske regjeringa ber innbyggjarane om å byggje «innandørs teppehytter» denne vinteren for å unngå å fryse ihel

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Sverige gjer seg klar for energikatastrofe denne vinteren når forsyningar går tomme oppi krisa i Ukraina.

Etter ein tørr og vindlaus sommar er det smalhans i Sverige sine «fornybare» energiforsyningar. Deira kjernekraft-fasilitetar er heller ikkje klare for å forsyne energi, noko som tydar at eit slå av lyset-scenario snart er mogleg.

Medan inflasjonen går i vêret lurer mange svenskar på om dei vil overleve fram til 2023 utan å fryse ihel. Regjeringa har kome med følgjande råd:

  • Isoler vindauge
  • Samle heile familiar saman i eitt rom for å ta vare på energi
  • Bygg ei provisorisk hytte av teppe

Ja, du las riktig – den svenske regjeringa ber offisielt innbyggjarane om å pakke seg inn i teppefort for å prøve å halde seg varme i vinter.

I likskap med resten av Europa har Sverige ikkje lenger tilgang til billeg og rikeleg russisk gass og olje på grunn av dei vestlege sanksjonane som USA og NATO har kravt. Som ein konsekvens er eit straumbrotsscenario nesten sikkert dei komande månadene.

Den svenske regjeringa oppmodar òg innbyggjarane å hjelpe til med å ta vare på energi ved å:

  • Vaske kle om natta
  • Erstatte alle lyspærer med LED-pærer
  • Skru ned termostaten

Vil Sverige klare seg gjennom vinteren?

Erik Ek, direktør for strategiske operasjonar ved det statseigde Svenska kraftnät, seier at planar ligg der for å sikre at visse ting har straum til alle tider, same kva som skjer.

«Der er presise planar for områda som må ha forsyningar under alle omstende, til dømes på sjukehus, der eit straumbrot kan få alvorlege konsekvensar,» sa han.

Den svenske økonomien, i likskap med mesteparten av verda, går ned i dass, og regjeringa er for tida i ferd med å bli overteken kontroll av Moderaterna.

Moderaterna, blir vi fortalt, støttar utviding av kjernekraftkapasitet i Sverige, og lover ei investering på 400 millionar svenske kroner. Derimot vil dette ta tid, og fasilitetane vil ikkje bli klare for drift til den komande vintersesongen.

Ein nyleg studie utført av den ungarske økonomiforskingsstiftinga avdekte at Sverige sin økonomiske situasjon er dyster. Forbruksinflasjon nådde rekordhøgder i august, og nådde offisielt 9,8% – den høgste på 30 år.

«Dei største aukane var bustad- og transportkostnader,» skreiv Magyar Nemzet for REMIX [link til artikkelen ligg i byrjinga av denne artikkelen; oms.an.].

I Ungarn, der liknande forhold eksisterer, kompenserte regjeringa desse aukane ved å subsidiere energi- og drivstoffprisar. Sverige, på den andre sida, valde å kutte i avgifter, som «ikkje levde opp til forventningane», blir vi fortalt.

Stoda ser endå verre ut for Sverige i 2023, når landet er venta å sjå ein vesentleg nedgang i økonomien, inkludert den potensielle stagnasjonen av den industrielle produksjonen.

Sverige vil forsøke å kjøpe olje og gass frå andre stader enn Russland for å dekkje inn energimangelen, men kostnadene vil nesten sikkert auke som eit resultat.

Å måtte forhandle fram nye kontraktar med andre leverandørar vil bli både utfordrande og dyrt, og skape endå fleire problem for den svenske økonomien.

Sverige kan òg ende opp med å sjå telekommunikasjonsnettverket liggje nede, ettersom tilgjengelegheita til straum for å halde teletårna i drift blir stilt spørsmål ved.

«Dei avslører planen sin ved å annonsere ‘planlagde’ straumbrot – eller er alt dette berre ein distraksjon?» spurde ein lesar i kommentarfeltet til Natural News.

«Dei ønskjer verkeleg å halde massane i mørket, kalde og isolerte,» la ein annan til om korleis alt dette blir styrt som ei nedtaking av Vesten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s