Zelenskys assistent skryter over å sprengje i lufta russisk bru til Krim: «Alt ulovleg må øydeleggjast!»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig. Brua på biletet er ikkje Krim-brua som er omtala i artikkelen.

Den russiske presidenten Vladimir Putin sa at ein eksplosjon som involverte ein lastebil på laurdag [8.oktober 2022] forårsaka ein brann og øydela ein stor seksjon av ei bru som knyter saman Russland og Krim-halvøya. Brua er ei nøkkelforsyningsrute for russiske troppar i det sørlege Ukraina.

«Krim, brua, byrjinga. Alt ulovleg må øydeleggjast, alt stole må sendast tilbake til Ukraina, alt okkupert av Russland må bli kasta ut,» skreiv assistenten til Ukrainas president Volodymyr Zelensky, Mikhail Podoliak, på Twitter etter eksplosjonen.

Infowars.com rapporterer [eigentleg henta frå ZeroHedge; oms.komm.]: Ein talsperson frå Avtodor, det russiske statlege motorvegselskapet, fortalde nyheitsbyrået TASS at rørsla av køyretøy over Krim-brua har blitt mellombels stansa, og la til på den tida at «personell frå det russiske naudministeriet og vegvesenet arbeider på staden for å kontrollere flammene». Brannen vart sidan sløkt.

Vladimir Putin vart informert om eksplosjonen og gav ordre om opprettinga av eit regjeringspanel for å handtere naudsituasjonen.

Medan brua blir reparert ville ei ferje bli sett i drift seinare laurdag. Krim sin leiar, Sergej Aksyonov sa på Telegram via TASS: «Ei ferjeteneste er klar for å setjast i drift, og vil byrje å gå seinare i dag. Vi vil kome med ferjeruter seinare.»

Krimhalvøya er nøkkelen til å oppretthalde Russland sine militære operasjonar i sør. Dersom brua ikkje lenger kan brukast, vil det gjere det betydeleg meir utfordrande å frakte forsyningar til halvøya med ferje. Medan Russland tok områda nord for Krim tidleg under invasjonen og bygde ein landkorridor til den langs Azov-havet, pressar Ukraina ein motoffensiv for å ta dei [områda] tilbake.

Eksplosjonen på Krim-brua fann stad nokre timar etter fleire eksplosjonar tidleg laurdag trefte den aust-ukrainske byen Kharkiv, som utløyste ein serie sekundæreksplosjonar. Ordførar i byen, Ihor Terekhov, sa at seriane av eksplosjonar var på grunn av missiltreff retta mot sentrum av byen, som forårsaka brannar ved ein av Kharkiv sine medisinske institusjonar, so vel som ein ikkje-bustadbygning. Ingen rapportar om omkomne vart gjevne.

Medan ingen enno [9.oktober] eksplisitt har påteke seg offentleg ansvar for åtaket, la Zelensky sin assistent, Mikhail Podoliak, ut eit innlegg på Twitter som sa at eksplosjonen er «byrjinga» [sitatet som denne artikkelen byrjar med; oms.komm.].

Tidlegare, i august, truga Podoliak brua, og sa til The Guardian at brua er «ein ulovleg konstruksjon og hovudporten til å forsyne den russiske hæren på Krim» og at «slike objekt burde øydeleggjast».

Zelensky og andre ukrainske tenestepersonar har òg tidlegare sagt at Ukraina vil bruke makt for å ta tilbake Krim.

Russland annekterte Krim frå Ukraina i 2014 etter at eit stort fleirtal av folket på Krim hadde stemt i ei folkerøysting i mars 2014 å gjenforeine seg med Russland og gå ut av Ukraina. Røystinga fann stad etter anti-Russland, pro-EU-faksjonar styrta dåverande Ukraina-president Viktor Janukovych si regjering, som ikkje var mot Russland, i eit væpna kupp i februar 2014.

Folkerøystinga vart fordømt av USA og Den europeiske union, der sistnemnde sa i ei melding at avstemminga var «ulovleg og illegitim». Både USA og EU kom med sanksjonar som respons på avstemminga.

Krim-brua, eit prosjekt på 230 millionar rublar (3,69 milliardar dollar / 39,5 milliardar kroner), vart bygt etter annekteringa av Krim. Russland opna den fyrste delen av spennet for biltrafikk i mai 2018. Parallellbrua for togtrafikk opna året etter. Før brua vart til, kunne Krim-halvøya berre nåast frå Russland sjøvegen eller med fly.

Det var Russland sitt einaste landsamband til halvøya fram til russiske styrkar seinare tok meir ukrainsk territorium ved den nordlege enden av Azov-havet i tunge kampar, spesielt rundt byen Mariupol, tidlegare i 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s