Øydelegg covid-mRNA-sprøyter sjølve menneskenaturen?

5.oktober publiserte dr. Naomi Wolf ein lang artikkel på sin Substack om sine eigne opplevingar relatert til ein tur på Manhattan i hjartet av New York like etter ei utrulling av «oppfriskningsdosar» til innbyggjarane. Mi tolking av teksten er at den har både ein spirituell/anekdotisk del og ein fagleg/teknisk del. Sistnemnde har eg valt å ta litt i bakgrunnen, og heller konsentrere meg om hennar subjektive opplevingar av menneska rundt seg i ein av verdas største storbyar. Noko hadde endra seg i sjølve det menneskelege (sjela?) i dei rundt ho. Elles skriv The Exposé òg om dr. Wolf sin artikkel, og deira tolking kan lesast her.

Her følgjer utdrag frå artikkelen, som vanleg omsett av saksyndig:

«Eg hadde nyleg den bisarre opplevinga av å fare til Manhattan etter at ei bølgje av «oppfriskningsdosar» hadde blitt rulla ut. Eg hugsa at eg stod på ein folketett bar på taket av eit boutique-hotell; attraktive par flørta rundt bord; single mingla rundt om i cocktail-området; sola skein og alt såg normalt ut. Men eg fekk stadig den urovekkjande kjensla at eg stod inni eit hologram. Eg kunne ikkje setje fingeren på kva som var gale, fram til eg innsåg – det såg ut som ei folkemengd, men det kjendest ikkje ut som ei. Eg kunne naturlegvis sjå folka rundt meg, men eg kunne ikkje føle den tette, lystelege, lidenskapelege, gnistrande, kjensleladde energien av ei menneskemengd, pre-2020.

Eg kjende på kjenslene medan eg gjekk langs bygatene, og inntrykket mitt vart bekrefta. Dei var der, dei vanlege Manhattan-skarane, der dei raste langs fortaua – men dei var som bilete, som lyskledde spøkjelse. Det massive energifeltet – den kjensla av ei øy som ein pulserande menneskeleg generator, elektrisiteten som hadde galvanisert generasjonar av nykomarar på Manhattan – det var rett og slett vekke.

Ikkje berre var heile den energien borte. Eg la òg merke til, som Jamie Glazov og eg diskuterte nyleg på hans podcast, «mojoen», den seksuelle energien, i Manhattan sine mengder, var òg borte.

Øya brukte å vere fullspekka med rytmane til menneske der krysninga av ein annan si bane var nett som ein flørtande dans. Der var eit taktslag i byen – det menneskelege taktslaget av seksualitet, kreativitet og glede.

Menn og damer – damer og damer, menn og menn – såg no knapt på kvarandre. Den attraksjonsdansen, det glimtet av flørting, det sidelengsblikket som gatene på Manhattan alltid hadde mellom forbipasserande framande og som hadde vore der sidan byen byrja – sjølve seksualitetens spel – var so utarma og utvatna at det knapt kunne ensast i det heile.

Eg gjekk inn på restaurantar og hotell, og dei tidlegare vakre unge damene som hadde i oppgåve å ta imot besøkjande, såg ut som dansarinner i ei scene frå ein 1800-tals Danse Macabre. Dei var alle bleike, eller gulaktige, eller hadde eit grått innslag i hudfargen; dei hadde ringar under auga. Gløden av god sirkulasjon, utstrålinga av helse og seksuell energi, alt som har blitt sett på som tiltrekkjande so lenge menneske har kurtisert kvarandre – alt det var fordufta.

Mengdene sjølve var endra. Unge vaksne gjekk alle som éin rundt og halta. Menn og damer i førti- og femtiåra, som såg ut som om dei hadde vore friske inntil nyleg, bevega seg no som 80-åringar. Folk i store tal, i alle aldrar, gjekk som om det var ei pine å bevege seg. Sjølv tenåringar og større barn bevega seg som zombiar eller robotar – dei dreiv sovidt framover, med det vesle dei hadde igjen av energi. Småbarn sprang og spratt ikkje rundt. Dei sat med tomme blikk på parkbenkar og i restaurantar. Eller dei subba framover som små skrømt ved sida av foreldra sine, med fokus på ingenting.

Kva skjedde? Kva skjedde med menneskeheita?

Mange har skildra sine kjære som endra på ein udefinerbar måte, etter at dei hadde blitt injisert med mRNA-vaksinasjonane.

Folk har snakka med meg fortvilte om korleis dei ikkje ser ut til å kunne kjenne den fysiske tilstadeveringa av sine kjære etter vaksinasjon.

Det ser ut som den same personen, seier dei med sorg i røysta, om enn litt bleikare, meir sliten og eterisk.

Men det kjennest ikkje ut som den same personen.

Tankeverksemda deira kan vere meir rigid, rapporterer deira kjære trist. Dei kan vere emosjonelt brutale. Tilknyting kan verke mindre lidenskapeleg. Klemmar kan verke kaldare.

Dei som arbeider med kroppar og fysioterapeutar har snakka om at deira vaksinerte pasientar sin kroppstemperatur no er endra, at blodstraumsmønsteret er endra, sjølv det at, med deira eigne ord, «energifelta» deira har blitt tømt eller svekka. […]»

Det er her verdt å merke seg at Naomi Wolf ikkje er lege, ho har doktorgrad i engelsk. Forklaringa hennar på korleis lipidnanopartiklar verkar i kroppen er difor gjort utifrå eit slikt lekmannsperspektiv. Slik eg (som heller ikkje er lege) tolkar den tekniske/faglege delen av artikkelen, ser lipidnanopartiklar ut til å verke på eit systemisk nivå i kroppen. Dei er fyrst og fremst inflammatoriske, dei skaper betennelse i kroppen. Dei kan krysse kvar ein membran i kroppen, inkludert den kritiske blod-hjernebarrieren. Dei er enkelt fortalt eit leveringssystem for ymse legemiddel, inkludert mRNA-teknologien i covid-«vaksinane». Ein substans som på den måten difor kan trengje inn i alle celler i kroppen, vil naudsynleg òg kunne påverke absolutt alt i kroppen, inkludert det som gjer oss til menneske. Påverkinga er diverre negativ. Ein av ingrediensane i lipidnanopartiklar er sokalla PEG, som er kreftframkallande. Mange har til dømes opplevd aggressiv tilbakevending av kreft etter vaksinasjon. Skadar på hjarte og lunger hjå alvorleg vaksineskadde er no òg veldokumenterte, likeins er problem relatert til blodomløpet (førekomsten av blodproppar, hjarteinfarkt og slag, til dømes).

Wolf påpeiker at eit stort problem med slike lipidnanopartiklar, er at dei får fast form ved romtemperatur, men at dei er i væskeform når dei er kalde. Moderna og Pfizer sine mRNA-injeksjonar måtte oppbevarast på mellom -20 og -70 grader Celsius. Ein substans som må oppbevarast på same temperaturen som ein finn midt i kaldaste Antarktis for å halde seg flytande – kva vil so skje når den hamnar inne i ein 37 grader varm menneskekropp? Oppbevaringsinstruksjonane for mRNA-injeksjonane skal seiast å vere temmeleg forvirrande – for å seie det mildt. Som ein aldri so liten kuriositet, påpeiker Wolf òg at mRNA-injeksjonane faktisk ikkje hadde utløpsdatoen skriven på sjølve flaska – ein måtte scanne ein digital QR-kode eller gå til ei nettside for å sjekke den. Ein skulle nesten tru – som Wolf antydar – at instruksjonane var laga for å misforståast med vilje, slik at feil i administrasjon av «vaksinane» var dømt til å skje.

Lipidnanopartiklane, som Karen Kingston rapporterte, er laga i Kina, som Wolf kallar «våre eksistensielle motstandarar». Som ho skriv på eit punkt i den tekniske/faglege delen:

«Når ein ser på korleis temperaturar grovt påverkar åtferda til lipidnanopartiklar, er all denne kausale variabiliteten på temperatur og oppbevaringsinstruksar trygge? Er produksjonen av ein ustabil injeksjon som no i stor grad eller fullstendig er i hendene på våre eksistensielle fiendar [kinesarane] trygg?

Dette scenarioet, og spørsmåla det stiller, og det faktum at denne injeksjonen er produsert av vår eksistensielle motstandar som essayet mitt ‘Facing the Beast’ beviste, minner meg om krimscene-gåtene der mordvåpenet er ein istapp som har smelta, og som no er usynleg, eller at det på ein eller annan måte har forsvunne eller blitt perfekt gøymt vekk.

Eit medium som ber mRNA og piggprotein – dei aktive ingrediensane som er naturleg nok får mest merksemd – men eit medium som i seg sjølv kunne skape problem for blodet, hjernen, eggstokkane eller andre organ, avhengig av temperaturen – ville vere ein helvetes måte å drepe eller forkrøple ei målgruppe sakte, mystisk og utan fingeravtrykk.»

Lipidnanopartiklar kan påverke hormonsystemet, som til dømes Amy Kelly har vist; spesifikt Leydig- og Sertoli-cellene, «maskulinitetsfabrikkane» og det som genererer testosteron i testiklane. Med Wolf sine ord:

«Altso forstyrrar visseleg lipidnanopartiklane seksuell signalisering, og til og med endrar, dempar og slettar dei menneskeleg begjær. […] Lipidnanopartiklane kan faktisk endre dei vi elskar ved å kanskje påverke nervekonduktivitet.»

Wolf spurde dr. Chris Flowers, ein friviljug i WarRoom/DailyClout som etterforskar Pfizer-dokument, om lipidnanopartiklane kunne påverke nervekonduktiviteten til hjernen eller hjartet.

Det korte, enkle svaret er «JA». Lipidnanopartiklar eller piggprotein kan skade eller fjerne myelinskjeden rundt visse hjerneceller (oligodendrocyttar og Schwann-celler), slik at nevrologiske symptom eller mentale problem oppstår. Her snakkar vi MS-liknande tilstandar, demens og det mindre alvorlege «hjernetåke». Endring i hjernefunksjonar vil manifestere seg som observerbare endringar i åtferd. Folk blir meir mentalt fråverande og mindre mottakelege for menneskelege samhandlingar – i tillegg blir dei mindre i stand til å «lese» kjenslene til dei rundt seg, til og med sine kjære. Personen dei ein gong kjende, eksisterer mindre og mindre dag for dag – meir og meir av det som blir kalla sjela forsvinn. Truleg var det dette dr. Wolf fekk kjensla av då ho vandra rundt på Manhattan.

Som ho avslutningsvis skriv:

«Lipidnanopartiklane kryssar kvar ein membran. Hjerne. Hjarte. Testiklar. Eggstokkar.

Tankar. Kjærleik. Begjær. Unnfanging. Draumar. Fantasi. Inspirasjon. Kanskje til og med kjensla av Gud.

So i mellomtida, fram til vi veit meir – ta til ettertanke:

Kan desse resultata – skadde hjarte, redusert seksuell lyst og potens, svakare medmenneskeleg tilknyting, dei ymse formene for mannleg og kvinneleg sterilisering som vi har rapportert om tidlegare, den rigide tankegangen på grunn av industrielle feittypar som samlar seg opp i hjernen, for ikkje å nemnde dei fysiske farane til industrielle feittypar og kreftframkallande stoff som renn gjennom blodårene til borgarar i Vesten – der kvar oppfriskningsdose legg til kroppen si bør av lipidnanopartiklar – alle kanskje vere trekka til dette biovåpenet?

Kva betre måte finst der å drepe dei elles vanskeleg undertrykkjelege kjenneteikna på frie menn og damer: slå ned energien deira, måla deira, evnene deira til å danne sosiale band – faktisk, heile evna deira til å ta del i nyansert, omfattande, lidenskapeleg kritisk tankeverksemd?

Kva betre måte finst der eigentleg for å myrde den brysame Vesten?»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s