Kanye West: Satanisk Illuminati-elite har infisert Hollywood

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Los Angeles, Hollywood og hovudstraumsmedia har blitt fullstendig overtekne av ein Satan-dyrkande Illuminati-elite, ifølgje Ye, eller Kanye West, som han er betre kjent som.

Har han rett? Lat oss byrje med hovudstraumsmedia.

Det er kanskje ikkje eit samantreff at media har gjort det til sin misjon å øydeleggje ryktet til Kanye. Tilbake då han rappa om puppar, rumper og haugane sine med gullbarrar, kunne ikkje media få nok av Kanye, og lovpriste han til den sjuande himmel. So snart han fann Gud og utvida horisonten sin, rotta media seg saman mot han og prøvde å øydeleggje han. Vi har sett dette spele seg ut mange gonger før. Underhaldningsindustrien lèt ikkje artistar frigjere seg frå lenkjene sine.

Trass alt er dei jo slavane til underhaldningsindustrien.

Det er interessant å merkje seg den radikalt ulike medieresponsen som hans tidlegare kollega Jay-Z får, som jamleg lovpriser Satan både sublimt og openlyst.

Og misforstå ikkje, Jay-Z sin påverknad på populærkultur har vore enorm. Han får barn over heile landet til å lovprise Lucifer, om dei innser kva dei held på med eller ikkje.

Fox News-vert Tucker Carlson hengde saman med Kanye West på Los Angeles-kontora hans torsdag [6.oktober 2022].

Carlson la ut eit bilete av dei to på West sitt kontor etter at West fekk intens mediemotbør for å gå med ei «White Lives Matter»-T-skjorte med Candace Owens på eit moteshow i Paris. Begge la ut bilete og videoar på Instagram av at dei var ute med kvarandre, der Kanye si melding erklærte at «God is Good.»

Ifølgje Kanye er media «gudlause» og han meiner det bokstavleg. Hovudstraumsmedia har blitt infisert av demonar, og operer på vegner av den globalistiske eliten. Og agendaen deira er satanisk.

Det er ikkje fyrste gong Kanye har eksponert underhaldningsindustrien for det dei er.

Og han ser ut til å vere klar over risikoane i dette spelet. Han veit kva som skjedde med Bob Marley, Michael Jackson og Prince, superstjerner som gjekk mot straumen og ikkje lenger vart sett på som nyttige for eliten.

I dagens verd av marknadsført samtykke er der rett og slett ikkje plass til dissens. Eliten kontrollerer regjeringane, som har byrå som kontrollerer media, og alle som avvik frå dette blir stempla som sprø. Folk flest er livredde for sosial utskjemming og av denne grunnen lèt dei vere å snakke openlyst og dele meiningane sine.

For dei som kjem over frykta si og held fram med å snakke ut, er der konsekvensar.

Det er ei tragisk ordning fordi mennesket er i stand til so mykje meir. Vi er ikkje meint å eksistere i skuggane, ute av stand til å verkeleg live, og vri oss i frykt og medskuldigheit med dei psykopatiske herskarane våre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s