Russisk sekretær i tryggleiksrådet erklærer at Russland kjempar mot NATO i Ukraina

Av Jose Nino, Big League Politics. Omsett av saksyndig.

Nikolaj Patrusjev, sekretæren i Russlands tryggleiksråd, erklærte at NATO faktisk kjempar mot Russland i Ukraina i ei melding kan kom med 5.oktober 2022 per TASS.

«Medan vi frigjer folket i Ukraina frå nynazisme, kjempar ikkje Russland i dag berre mot nasjonalistiske danningar og det ukrainske militæret. Faktisk kjempar NATO-alliansen mot oss og medlemmene deira forsyner Kiev-regimet med tunge våpen, ammunisjon og rekognoseringsdata, og dei trenar militære spesialistar,» erklærte den russiske tryggleikssjefen.

Patrusjev drog merksemd til korleis NATO-medlemsstatar «er involerte i å planleggje militære operasjonar og utpressing med bruk av masseøydeleggingsvåpen.»

«Desse er ikkje tomme trugslar. USA og deira allierte har lenge drive og implementert planane sine for å skape biologiske våpen i laboratorium sett opp rundt om i verda, spesielt nær russiske grenser. Somme laboratorium, veit vi, låg i Ukraina og vart brukte til å skape spesielt farlege patogen,» utbroderte Patrusjev.

«Difor er det å implementere oppdraga å av-nazifisere og av-militarisere Ukraina alfa og omega for å nøytralisere trugslane mot tryggleiken til folket vårt og folket i dei frigjorde territoria, og for å beskytte suvereniteten og den territoriale integriteten til Den russiske føderasjonen,» sa Patrusjev i ein kommentar avslutningsvis.

Visseleg speler USA eit farleg spel i Ukraina. Amerikanarar som set den politiske dagsorden trur at dei kan få både i pose og i sekk ved å kome med militær bistand, økonomisk assistanse og etterretning til Ukraina, medan dei hevdar å ikkje vere ein involvert aktør i denne konflikten. I røynda er dei i svært stor grad medkrigarar i den russisk-ukrainske konflikten, som kan føre til at NATO og deira satellittstatar kan stå overfor gjengjeldingshandlingar frå Russland.

Det er ikkje tvil om at Russland beherskar seg betydeleg her. Men dersom NATO held fram med å pumpe bistand og etterretning inn i Ukraina som er laga for å fange Russland i ei geopolitisk hengjemyr, kan Russland føle behovet for å respondere på militær maner for å vise Vesten at dei er viljuge til å bruke formidabel kraft for å forsvare interessene sine.

Ein håper at amerikanske politikarar kjem til fornuft og bestemmer seg for å kutte bistand til Ukraina. Å gjere det kan potensielt hindre ein stor makttragedie frå å bryte ut.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s