Alle spør kven som eigentleg kontrollerer Joe Biden

Av Patrick Wood, Technocracy.news. Omsett av saksyndig.

Sidan Carter-administrasjonen på 1970-talet har medlemmer av Den trilaterale kommisjonen [engelsk Trilateral Commission; TLC] dominert kvar president sidan, både demokratiske og republikanske, for å etablere sitt sjølverklærte mål om ein Ny Internasjonal Økonomisk Orden. For alle som meiner Kommisjonen er gammaldags, må de setje dykk inn i kva som faktisk skjer. Her er dei topp ti-Trilaterale som kontrollerer Biden.

(Medlemmer av TLC, noverande eller tidlegare, står i feit skrift.)

Joe Biden er omringa av ti noverande og tidlegare medlemmer av Den trilaterale kommisjonen. Dei har blitt som ei personleg vakt og politiske kontrollørar for so godt som alt som Biden har følgt sidan han vart innvigd som president. Sidan medlemskap i TLC er globalt – berre ein tredjedel er amerikanarar – representerer desse ti innblandarane kollektivt interessene til det globale hegemoniet som prøver å øydeleggje USA.

For det fyrste er utanrikspolitikken låst ned av utanriksminister Tony Blinken og hans viseutanriksminister Wendy Sherman.

So har vi Biden sin rådgjevar for nasjonal tryggleik [National Security Advisor; NSA] Jake Sullivan. NSA er dørvakta som bestemmer kva som når presidenten si merksemd. Under Carter-administrasjonen var TLC-medgrunnleggjar Zbigniew Brzezinski NSA.

Tre av dei viktigaste ambassadørskapa er haldne av Trilaterale:

Mark Brzezinski, amerikansk ambassadør til Polen.

Nicholas Burns, amerikansk ambassadør til Kina.

Ken Juster, amerikansk ambassadør til India.

Kina og India er to av dei mest påverknadskraftige makthusa av teknokrati i verda. Og ja, Mark Brzezinski er broren til kringkastar Mika Brzezinski og sonen til avdøde Zbigniew Brzezinski. Er de overraska over at Polen for tida er i samtalar med USA om å vere vertsland for kjernevåpen? Kven trur de kom på den ideen? Brzezinski-familien var opphavleg frå Polen, so dei har ei djup historie der.

Bidens gamle venninne, Susan Rice, direktør for Det innanrikspolitiske rådet, er den dominerande krafta som skaper og styrer innanrikspolitikk. Hugsar de «Benghazi Sue»? Ho var president Obama sin rådgjevar for nasjonal tryggleik då det katastrofale åtaket på Benghazi fann stad i 2012 – då ho på berykta vis påstod at åtaket var over i ein fullstendig idiotisk video publisert i California.

Pengepolitikk? Kva med viseleiar i Federal Reserve Board of Governors [Sentralbanken sitt guvernørstyre], Lael Brainard. Dersom Fed-leiar Jerome Powell verkar litt forvirra og himmelfallen til tider, er ho der som hans høgre hand.

Lat oss heller ikkje gløyme at David Lipton, First Deputy Managing Director i Det internasjonale pengefondet er der for å koordinere den globale pengepolitikken.

Sist, men ikkje minst, har John Podesta nyleg blitt utnemnt til Senior Advisor for presidenten i Green Energy Innovation and Implementation. Dette tydar at han styrer bruken av 370 milliardar dollar på grøne program som vart godkjende av Biden sin Inflation Reduction Act av 2022. Podesta var den originale arkitekten til miljøpolitikk medan han tente i Clinton-administrasjonen. Han tente òg som Hillary Clinton sin kampanjesjef i 2016.

For å oppsummere: utanrikspolitikk, innanrikspolitikk, miljøpolitikk og pengepolitikk er alle dominerte av noverande eller tidlegare medlemmer av Den trilaterale kommisjonen. Kognitivt svekka Joe Biden er ingenting anna enn marionetten til dette globalistiske kartellet.

Det er på tide å slutte å sjå berre det de trur de veit, og byrje å vete det de tydeleg kan sjå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s