25.august 2022 lanserte tidlegare Resett-redaktør Helge Lurås ei ny nettavis ved namn iNyheter. Med seg har han journalistane Olav Kvilhaug, John M. Johansen, Benjamin Bringsås, Jørgen Granberg og Stig Even Lillestøl.
Som eg skreiv i ein artikkel publisert 22.juni 2022, fekk Lurås avskjed frå stillinga si som redaktør i Resett måndag 20.juni 2022. Maria Zähler overtok som fungerande redaktør i Resett. Lurås skal ha blitt tilbydd sluttavtale mot at han underteikna ei tausheitsavtale, noko han valde å ikkje gjere.
Saman med artiklar om innanriks- og utanriksnyheiter, finst der ein videoserie der Lurås kjem med kommentarar. Serien har tittelen «Helge Lurås kommenterer». Fyrste videoen hadde tittelen «Rett på sak med Helge Lurås», men vart endra, truleg fordi Rebecca Mistereggen i Document òg har ein videoserie som heiter «Rett på sak» (her episode nummer 24). I motsetnad til Document, som legg ut videoane sine på Rumble, har iNyheter konto på YouTube.
I likskap med Resett, har iNyheter òg sokalla plussartiklar, som ein må vere abonnent for å få tilgang til. Årsabonnement kostar 1495 kroner, men er for tida nedsett til 695. Månadsabonnement kostar 139 kroner.
Saksyndig følgjer interessert med på denne nye nettavisa.