Resett er redda frå undergangen – for denne gong

22.juni 2022 publiserte eg ein artikkel som spådde at Resett ville gå under. Dette var relatert til hendinga der grunnleggjar, redaktør og tidlegare etterretningsoffiser Helge Lurås fekk avskjed frå stillinga si i nettavisa måndag 20.juni. Lurås sjølv starta nettavisa iNyheter i august. Fleire andre journalistar i Resett sa nyleg opp eller vart sjukemeldte på den tida. Maria Zähler overtok som fungerande redaktør etter Lurås. I artikkelen stilte eg spørsmål ved kor «alternative» det økonomisk uavhengige Resett eigentleg er; dei såg frå mitt perspektiv ut til å ikkje stå i reell ideologisk opposisjon til etablerte media. Resett var òg kjent for å ha laga ein avtale med NTB der avisa stengde kommentarfeltet kvar gong ein artikkel frå NTB vart brukt. Dei publiserte òg «faktasjekkar» frå Faktisk.no utan å klargjere redaksjonen/redaktøren sitt syn på innhaldet i artiklane. Nemnde kommentarfelt var òg gjenstand for til tider aggressiv sensur, noko lesarane har kommentert ved mange høve.

I månadsskiftet september/oktober såg det ut som min spådom om undergangen til Resett skulle slå til. Produksjonen av nyheiter hadde gått merkbart ned, og ved eitt høve var alle artiklane på sida plussartiklar, som berre abonnentar hadde tilgang til. So, 10.oktober 2022, publiserte redaksjonen ein artikkel med tittelen «Nå er Resett tilbake – her er endringene». Der skriv dei at talet medarbeidarar hadde blitt kutta («Resett har ikke lenger et titalls medarbeidere.») Dei hadde gjennomført «et mindre, nedskalert Resett som er billigere å drive.»

10.oktober fann det stad det dei kallar «flere viktige endringer i Resett». Dei sokalla opningstidene vart stramma inn: journalistikk vart før publisert frå klokka seks til 23. Den nye opningstida for publisering blir no 9 til 21 i kvardagane og 10 til 18 i helgane. Deretter lovde dei å «skrive lengre og betre». Publiseringsfrekvensen (kor ofte det blir lagt ut artiklar) gjekk frå kvart 60.minutt til kvart 90.minutt. Denne ekstra halvtimen meiner dei vil gje betre kvalitet på stoffet dei legg ut. I tillegg vil dei sats meir på utanriks nyheiter: «Resett ønsker å levere utenriksstoff på høyt nivå, men samtidig i enkelt format og med vidd.»

Og endeleg vil dei bruke NTB mindre. Dei meiner «norske mediekonsumenter er overmette på innenriksstoff». Dei vil ha eit «høyere, meir seriøst nivå» på utanrikssaker. Argumentet for det er at fareteikn frå utlandet vil kunne føreseiast ved hjelp av god nyheitsformidling og journalistisk dekning frå utlandet. Med tanke på at det som skjer i land som USA, òg vil skje – i varierande grad – òg i Noreg, vil kunnskapen om slike hendingar via media føre til at dette ikkje tek nordmenn på senga. Omsider vil Resett ta opp igjen ambisjonen om å servere nyheiter lesarane ikkje kan lese andre stader. Den offisielle, redaksjonelle grunnen til at Resett vil bruke NTB mindre, er at NTB er det Resett kallar «generalister». Som nyheitsbyrå formidlar NTB kortfatta og dagsaktuelt, ikkje djuptgåande, analytisk og detaljert.

Resett kjem med eksplisitt lovnad om å leggje bak seg puppar og lår.

So… Kva redda Resett frå å liggje med buken i vêret? Like etterpå den dagen vart det publisert ein artikkel av ein viss Petter Remøy, «Derfor reddet jeg Resett». I artikkelen skriv han om ei akutt krise for Resett: «Egenkapitalen var tapt, bankkontoen var tom, og det var ikke lenger mulig å opprettholde driften av selskapet. 2.oktober gikk styret i Resett derfor inn for at selskapet skulle melde oppbud». Avisa var på veg mot skifteretten, den juridiske undergangen til eit føretak. Remøy, som kom inn på eigarsida i 2018, kom tysdag 4.oktober med eit bod på «et symbolsk beløp» for alle aksjane i Resett. «Jeg tok forbehold om en akseptgrad på minst nitti prosent, slik at jeg kunne ta full kontroll over selskapet og gjennomføre en nødvendig restrukturering.» Han fekk det som han ville, og er no Resett sin største eigar.

Denne Petter Remøy har altso i praksis kjøpt Resett. Han var den reddande engelen, som nettavisa etter mi meining ikkje fortente. Sjølv om dei stundom har klinka til med gode graveartiklar, til dømes historia om læraren som vart trakassert av arbeidsgjevar til ei slik grad at han tok sjølvmord, so har Resett i beste fall ein tvilsam status blant uavhengige, alternative media. Fleire meiner Resett er «kontrollert opposisjon», og at dei har vore det heilt frå starten i august 2017.

Remøy skriv om sine visjonar for Resett:

«I Resett skal vi heie på andre aktører i pressen som utøver kritisk journalistikk, ikke minst våre ‘konkurrenter’ i de alternative mediene, fremfor å snakke disse ned.»

I tillegg vil han halde kommentarfeltet ope, dette for å ivareta det vesle vi framleis har av ytringsfridom. Han nemnde derimot ikkje sensur i kommentarfeltet med eit ord.

Vel, i skrivande stund ser det ut til at Resett er redda frå undergangen – omtrent som ein terminal pasient blir redda frå døden for å haldast i live ei lita stund til. Vi får sjå kor lenge dei klarer seg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s