Av Kevin Hughes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Alle marknadskrasjars mor er på veg, sa finanssyklus-analytikar Aaron Brickman i eit intervju med Mike Adams i 2.oktober-utgåva av «Health Ranger Report» [Situation Update-podcasten].
Brickman sa at menneskelege psykologiske tilstandar og kosmiske hendingar bryggjer opp til eit potensielt katastrofalt marknadskrasj som kan skje no i oktober.
«Denne greia kan bli mykje større enn 1929 [krakket på Wall Street; oms.komm.]. Akkurat no er det det eg lener meg mot. Dette kjem til å bli alle krasjars mor,» sa Brickman.
Finanssyklus-analytikaren sa at marknadskrasja i 1929, 1987, 1997 og 2008 alle fann stad på nøyaktig den same månedatoen. «Panikkfasen og alle desse krasja dreiar seg om den 12- til 15-dagars handelsperioden som skjer ved fullmåne innan seks veker etter ei solformørking,» sa Brickman.
Brickman sa at nesten alle krasja om hausten på 1800-talet òg passar same signaturen. Den tidlegare Wall Street marknadsanalytikaren sa at marknadene går i syklusar eller bølgjer. Han sa at nøyaktig dei same formasjonane kan sjåast på marknadskrasj-diagramma.
Banksystemet er laga for å krasje marknadene
Finanssyklus-analytikaren sa at det verkelege problemet ikkje er Wall Street, men banknivået, spesifikt sentralbankane. «Banksystemet er laga for å krasje marknadene,» sa han.
Ifølgje Brickman har Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken] drive og trekt marknadene nedover heile året, men Wall Street trur ikkje på det som Fed seier.
Investoren la til at Fed alltid finn ein måte å få historia til å registrere at dei er der for å redde systemet.
Brickman sa at Fed køyrer ei klassisk «god purk, dårleg purk»-framføring, og dei kan liggje på vippen eller bli på staden kvil for å setje nye rekordar på aksjemarknaden innan nokre månader.
Han la til at Fed kan endre eller bryte reglar og finne på nye reglar ved sida av å trykkje pengar. «Fed ønskjer ikkje ein høgaksjemarknad og dei kjem til å gjere alt for å ta kontrollen over det,» sa Brickman. «Rentesatsane som Fed skapte har blitt eit monster på Wall Street i løpet av dei siste to tiåra.»
Brickman åtvara at dei største bankkuppa i historia kjem til å skje, der gjerningsmennene brenn ned og øydelegg bevismaterialet.
«Det er kva eg trur dei gjer seg klare til å gjere. Brenne det ned. Og dei kan brenne det ned fysisk, ikkje berre metaforisk. So, kor vil eg med dette? Eg trur på risikoen, og vi vil få vit på dette veldig snart, kanskje veka som byrjar 24.oktober. Nokon stad der inne trur eg vi vil få ganske god snøring på om dette er i ferd med å råke banksystemet,» sa Brickman.
Den tidlegare Wall Street marknadsanalytikaren la til at eit siste rally på askjemarknaden kjem til å skje, men det speler eigentleg ikkje noka rolle fordi marknaden no er i krasjfasen.