Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Trass alt som hovudstraumsmedia prøver å overbevise oss om, prøver ikkje World Economic Forum å fikse noko som helst. Dei prøver å øydeleggje alt og late vere å fikse det. Dei prøver å øydeleggje deg. Du burde byrje å følgje betre med.
WEF sin hovudrågjevar, Yuval Noah Harari, som er kjent for å seie den stille delen høgt, har drive og fremja si nye bok, og under eit intervju denne veka innrømte han det som mange lenge har hatt mistanke om.
Ifølgje Harari, som er Klaus Schwab si høgre hand, er det store, politiske spørsmålet i det 21.hundreåret: «Kva treng vi so mange menneske til?»
Då han vart spurt om han har nokre svar på det spørsmålet, verka Harari munter.
Det romerske imperiet hadde brød og sirkus. Klaus Schwab sin helt Karl Marx sa at religion var opium for folket. Men dagens elite har treft på ein dødeleg formel for å halde den permanente underklassen lykkelege. Videospel og dop.
Misforstå ikkje, den globale eliten vil ha deg dopa ned og i ørska.
Dei som laga Idiocracy hadde rett – heilt tilbake til 2006.
Ein komedie, heilt sikkert. Men som Shakespeare sin King Lear sa, «in jest there is truth» [«i spøk er der sanning»].
Den globale eliten har dumma ned massane i fleire tiår. Common Core-læreplanen, skapt av Bill Gates og Barack Obama, er det perfekte dømet.
13 år etter at Obama-administrasjonen byrja å tvinge skular rundt om i USA til å innføre Common Core, registrerer elevar no resultat lågare enn det ein trudde var mogleg, med oppsiktsvekkjande nedgang i gjennomsnittlege matte- og leseferdigheiter.
Lærarar har stått fram med resultat i fleire år for å bevise at den kontroversielle læremetoden er mislykka, og betydeleg mindre effektiv enn tradisjonelle læremetodar.
No får dei støtte av ein ny internasjonal studie frå Pioneer Institute. Studien, som vart offentleggjort i slutten av april, viser store fall i matte- og lesepoengsummar sidan Common Core vart sett fullt i verk i 2013. Dette var etter fleire tiår med konsekvent vekst i begge kategoriar.
I mellomtida flyt Vesten over med dop, både farmasøytisk og ulovleg. Covid-pandemiresponsen beviste at regjeringa har blitt teken av Big Pharma. Og det er ei open hemmelegheit at hovudstraumsmedia blir kontrollert av Big Pharma sin pengebruk på reklame og annonsering.
Det er berre det lovlege materialet. Gatene våre flyt over med ulovlege substansar, og heller enn å slå ned på den gifta, er våre trebokstavsbyrå i det minste delvis ansvarlege.
No har vi metamfetamin, fentanyl og andre opioid som gjennomsyrar samfunnet vårt, øydelegg menneske og held oss nede på kne.
Dop, utdanningsstandardar, ein lydig borgarskap kua av nedstengingar… Det er den perfekte stormen og ser ut til å passe som hand i hanske med planane til den globalistiske eliten.
Og det er ikkje eingong fyrste gong at Yuval Noah Harari har kome med avsløringar om deira planar for menneskeheita. Nyleg erklærte han at WEF ser på det store fleirtalet av den menneskelege befolkninga som avleggs, ubrukelege og til overs.
Ifølgje Harari gjer sokalla «vanlege menneske» rett i å frykte ei framtid der dei vil bli gjort «til overs».
WEF-rådgjevaren vurderte den utbreidde angsten blant «vanlege menneske» som å ha rot i ei frykt for å bli «akterutsegla» i ei framtid styrt av «smarte menneske».
Slik frykt er legitim, ifølgje Harari, som snakka på vegner av elitane og bekrefta «vi treng rett og slett ikkje det store fleirtalet av dykk.»
Harari sine djupt urovekkjande kommentarar tener som den sterkaste åtvaringa til dags dato om at Klaus Scwab sitt WEF har som intensjon å avfolke verda.
Harari sine kommentatar er djupt urovekkjande fordi at når dei blir plassert i kontekst med kommentarar av andre WEF-rådgjevarar og samansvorne slik som Bill Gates, blir det tydeleg at dei har uførleggjering og avfolking i sinne.
Den mest skremmande delen av dette er at dei ikkje eingong prøver å skjule planane sine lenger.