Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det har blitt avslørt at den amerikanske regjeringa via forsvarsdepartementet (DoD) gav ein spesialkontrakt til eit ukrainsk selskap for å utføre «Covid-19-forsking» i månadene før utsleppet av Wuhan koronaviruset (Covid-19).
Labyrinth Global Health Inc. vart bedne om å forske på det påståtte viruset frå og med 12.november 2019, om lag ein månad før det påståtte viruset fyrst vart kjent, og tre månader før det offisielt vart annonsert som Covid-19 på verdsscena.
Korleis kan dette ha seg om covid dukka opp i Kina for fyrste gong etter at DoD spurde Ukrainas Labyrinth å forske på det? Det er eit spørsmål som framleis ikkje har blitt svart på.
Ifølgje rapportar var «Covid-19-forskingsprogrammet» som vart bestilt av DoD, del av eit mykje større prosjekt, òg i Ukraina, ved namn «Biological threat reduction program in Ukraine» [«biologisk trugselreduksjonsprogram i Ukraina»].
Vi veit òg at Peter Daszak sin EcoHealth Alliance og Ernest Wolfe sin Metabiota begge samarbeidde med Labyrinth på den tida då alt dette skjedde.
Er dette grunnen til at Biden driv og sender milliardar til Zelensky?
Nettsida «USA Spending» [«USA pengebruk»], som katalogiserer, som namnet antydar, pengebruken til den amerikanske regjeringa, rapporterte at regjeringa per 12.april 2021 hadde brukt forbausande 3,63 billionar «i respons på Covid-19».
Sidan den gongen har Joe Biden-regimet brukt milliardar meir, spesifikt på Ukraina, om enn på noverande tidspunkt under påskotet krigsinnsats mot Russland.
Kva vart alle desse pengane brukt på? Vi veit at mykje av det vart gjeve til forskingskontraktar til firma i Ukraina og andre stader – og dette har gått føre seg i årevis.
Sjølv lenge før bløffdemien vart amerikanske skattepengar pøst inn i utanlandske forskingsselskap som handterer biologiske våpen. 20.september 2021, til dømes, vart ein massiv kontrakt gjeven for «profesjonelle, vitskaplege og tekniske tenester» relatert til alt dette.
«Openbert er dette særs vagt og mest sannsynleg av lita interesse for dei som tilfeldigvis snublar over det,» rapporterer The Exposé. «Men der er noko som ligg djupt inne i detaljane som burde vere av interesse for kvar og ein.»
Ved eit anna høve vart pengar pøst inn i utbetalingar til «laboratorieutstyr i Kiev», og «kontormøblar i Kiev». Veit amerikanske skattebetalarar at deira hardt erverva pengar blir brukt på slike ting?
Betalinga ved namn «SME Manuscript Documentation and COVID-19» som vart gjeven til Ukraina 12.november 2019, fortener spesiell merksemd fordi den nemner eit påstått virus som visstnok ikkje eingong eksisterte på den tida.
Den viser at regjeringa visste om Fauci-influensaen [Covid-19] før verda visste om den, og betalte eit ukrainsk selskap for å forske på det. Black & Veatch Special Projects Corp. mottok òg ei kontraktutbetaling frå DoD. Korleis og kvifor vart dette tillate?
Når det gjeld Labyrinth Global Health, som vart grunnlagt i 2017, er det skildra som ei «kvinne-eigd småbedrift med djup ekspertise og ei bevist merittliste som støttar føretak for vitskapleg og medisinsk framgang», so vel som:
«… ein multikulturell og internasjonal organisasjon med kontor i fire land og eit team av ekspertar med diverse bakgrunnar og kompetansefelt, inkludert mikrobiologi, virologi, globalhelse, omsorg relatert til oppdukkande smittsame sjukdommar, medisinsk antropologi, feltepidemiologi, klinisk forsking og helseinformasjonssystem.»
Med kontor i Kiev, kallar Labyrinth denne ukrainske byen «ei inngangsdør til Aust-Europa» og det er det visseleg, på fleire enn éin måte. I alle omsyn er Ukraina inngangsdøra til internasjonale biologiske brotsverk mot menneskeheita, om vi skal vere dønn ærlege.
Den fulle rapporten om dette med mange fleire detaljar er tilgjengelege på The Exposé.