Planned Parenthood-annonse oppfordrar barn til å ta pubertetsblokkarar for å «setje puberteten på vent»

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Planned Parenthood har hamna i elden for ein tekneserieannonse som fortel barn om ulike måtar å forseinke puberteten på, der dei hevdar at somme av dei vil «fungere som eit stoppskilt».

Den nye annonsen som blir fremja av organisasjonen oppmuntrar barn til å ta hormonblokkarar for å forseinke puberteten om dei trur at dei er «interkjønn» eller føler seg forvirra om sitt eige kjønn.

Forteljaren i annonsen hevdar: «Der er ikkje éi bestemt pubertetsoppleving som passar alle. Dersom du er trans, interkjønn eller ikkje-binær, vet at du ikkje er den einaste som kjenner deg forvirra.»

I videoen bruker Planned Parenthood teikneseriefigurar til å forklare at interkjønn-menneske kanskje ikkje vil oppleve puberteten før dei blir 14, og somme kan gjennomgå somme endringar, men ikkje andre.

Forteljaren hevdar at «somme menneske bestemmer seg for hormon eller operasjonar for å hjelpe kroppane sine passe overeins med kjønnsidentiteten eller korleis dei kjenner seg sjølv på innsida.»

Gateway Pundit rapporterer: Teikneseriefigurane blir sett oppmuntre dei under 13 til å ta pubertetsblokkarar for å hindre menstruasjon og hårvekst i ansiktet og stoppe stemmeskiftet.

«Kjønnsidentiteten din er ekte,» seier Planned Parenthood. «Du burde vere den som bestemmer kva slags endringar du ønskjer å gjere med kroppen din. Dersom du er transperson eller ikkje-binære, kan du finne ut at pubertetsopplevingane dine ikkje passar med kjønnsidentiteten din eller korleis du ser deg sjølv. Den kjensla kan vere ubehageleg, skremmande og stressande.»

«Dersom dette høyrest ut som deg, vet at du ikkje er åleine. Der finst medisinar du kan ta for å forseinke puberteten ei stund. Dei blir kalla pubertetsblokkarar. Og dei fungerer som eit stoppskilt, ved å halde tilbake hormona testosteron og østrogen som forårsakar pubertetsendringar slik som hårvekst i ansiktet og mensen.»

Legemiddel som blir brukt for å undertrykkje pubertet forårsakar ei heil rekkje skadelege biverknader.

I juli la amerikanske Food and Drug Administration (FDA) ei åtvaring til pubertetsblokkaren som verkar mot hormonet som sender gonadotropin ut i kroppen (GnRH), etter at barn som tok hormonbehandlinga leid av oppsvulming i hjernen og synstap.

FDA fann «ein plausibel samanheng mellom GnRH-bruk og pseudotumor cerebri» blant seks jenter mellom 5 og 12 som hadde teke pubertetsblokkaren, rapporterer KATV.

Ifølgje Mayo-klinikken, opptrer pseudotumor cerebri når trykket inni hovudskallen spontant aukar, noko som kan forårsake oppsvulming av hjernen, alvorleg hovudverk, kvalme, dobbeltsyn og til og med permanent synstap.

American College of Pediatrics åtvarar om at pubertetsblokkarar forverrar kjønnsdysfori og kan forårsake psykisk sjukdom, inkludert «depresjon og andre emosjonelle forstyrringar relatert til sjølvmord.»

Trass åtvaringa frå Helsedepartementet og den nasjonale organisasjonen for barnelegar, insisterer Planned Parenthood at pubertetsblokkarar er harmlause.

«Pubertetsblokkarar er trygge og kan gje deg meir tid til å finne ut kva som følest rett ut for deg, kroppen din og kjønnsidentiteten din,» hevdar organisasjonen i annonsen. «Du må ikkje ha alle svara akkurat no. So, hugs, det heile er eit verk under konstruksjon. Og det kan ta tid å finne ut kva som følest rett ut for deg. Men det å snakke med ein vaksen du stoler på, eller ein sjukepleiar eller ein lege kan hjelpe.»

Det er uvisst om stemma til forteljaren er mannleg eller kvinneleg.

Videoen vart publisert på YouTube-kanalen til Planned Parenthood i januar, men byrja å sirkulere på Internett sist veke etter Eyes Inside The Classroom republiserte den på Twitter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s