Kvifor hjelpte Canada broren min med å døy?

Lovene i Canada er skremmande liberale.

Av Flo Read, Unherd. Omsett av saksyndig.

«Dei kjem til å seie at alle sjølvmord har gått mykje ned.» Gary Nichols snakkar til meg frå heimen sin i Edmonton, Canada. I 2019 vart hans yngre bror Alan sjukehusinnlagt fordi han truga med å drepe seg sjølv. Innan ein månad var han død. Han hadde teke sitt eige liv ved Chilliwack General Hospital i ein alder av 61, og legar og sjukepleiarar hadde hjelpt han med å gjere det.

I fjor utgjorde assistert sjølvmord 3,3% av alle dødsfall i Canada, ein tredjedel meir enn året før. På same tid fall dødsfall offisielt registrert som sjølvmord til den lågaste raten på to tiår. Medical Assistance in Dying Act, eller MAiD, vart vedteke i 2016, og sette som krav at tilstanden til ein pasient måtte vere «alvorleg og umogleg å gjere noko med», og døden «rimeleg føreseieleg» for at dei skulle kvalifisere for eutanasi [grievous and irremiediable og reasonably foreseeable høvesvis; oms.an.]. Men lova ser ut til å tillate lause tolkingar av desse tilstandane.

Som barn hadde Alan Nichols lide komplikasjonar frå operasjon som påverka mobiliteten hans på éi side og gav han høyrselstap. Likevel levde han uavhengig før sin død. Fysisk, seier Gary, hadde broren hans hatt det mykje betre: «Han vart behandla for absolutt ingenting, ingen sjukdom.» Men Alan si mentale helse var ustabil. «Han gjekk vanlegvis gjennom fasar der livet var godt og deretter gjekk han over i ein fase ei stund, ein månad eller to, der han ikkje følte for å leve.» Han var tilbøyeleg for paranoia og reagerte dårleg på endring: dersom Gary gjorde seg klar til å forlate verda, kunne Alan seie: «Kjem du til å forlate meg heime med alle desse knivane?» Og Gary måtte seie: «Alan, eg stoler på deg. Dersom det der det du vil gjere, kan eg ikkje vakte deg 24/7.»

Han vakta faktisk Alan, det beste han kunne. Etter at foreldra døydde, delte Gary og hans andre bror Wayne mellom seg å hjelpe Alan med oppgåver som overvelda han, slik som bankoppgåver. Men dei hadde begge sine eigne liv, og Alan strevde med å akseptere hjelp frå venner. I månadene før sin død hadde han byrja å føle seg stadig meir isolert. Hans sosiale nettverk fall ifrå kvarandre: Wayne hadde bestemt seg for å reise gjennom Canada; ein påliteleg nabo hadde planlagt å flytte; favorittbutikken hans hadde stengt. Historia hans er ikkje uvanleg: av dei 31 664 assisterte dødsfalla i Canada, gav 17% av pasientane «isolasjon eller einsemd» som grunn for å ville gjere slutt på livet sitt.

Veka før Wayne skulle reise, vart Alan funnen av ambulansepersonell på golvet i leilegheita si. Naboen han stolte på hadde slege alarm etter å ikkje ha sett han på fleire dagar. Han var underernært og leid tydeleg av ein større depressiv periode. Han vart teken til Chilliwack General Hospital.

Alan prøvde å gjere motstand mot å bli innlagt. Gary vart fortalt at broren hans «kjempa mot å bli teken inn i ambulansen». Gary drog av garde til sjukehuset for å møte broren, som sa til han: «Dersom du ikkje er her for å få meg ut, kan du likegodt reise igjen.» Gary fekk han ikkje ut, ei avgjerd han no seier han angrar på. Han stolte på at sjukehuset ville ta seg av Alan. Då han ringde for å få oppdatering på Alan sin tilstand, var personalet optimistisk: «Sjukehuset sa vanlegvis ‘åh, han har det bra. Han er okay. Ja, han sit og et.’» Det fekk Gary til å tru at Alan var «på veg tilbake i normalt gjenge». Det som sjukehuset ikkje fortalde Gary var at broren faktisk hadde signert sin eigen dødsordre.

For somme kanadiarar er assistert sjølvmord eit fredeleg alternativ til ein ubehageleg død. Pasientar med terminale sjukdommar peiker ofte på at livets siste dagar-omsorg kan vere høgst uverdig, og set pris på makta til å velje noko anna. Don Kent fekk assistanse til å døy i Ottawa etter å ha blitt diagnostisert med terminal kreft. I eit blogginnlegg skrive før sin død, erklærte han: «Vi utfører eutanasi på kjæledyra våre humant, men det er berre nyleg at vi har byrja å anvende human død på vår eigen art. Eg ønskjer medisinsk assistanse til å gjere vegen ut av livet lett – nei, eg krev det!» Familien hans skildra prosessen som reinsande: «Som han ønskte, vart Deep Purple sin song ‘Child in Time’ skrudd opp i bakgrunnen. Døden hans var fullstendig på hans eigne premiss, akkurat som han ønskte.»

Men kva skjer når der ikkje er ein terminal diagnose? Kva om familien din ikkje støttar ønsket ditt om å døy? I dagane og vekene etter innlegginga, nekta Alan å ta imot besøk frå brødrene sine. Gary fortel meg at teieplikta tydar at legane ikkje hadde plikt å informere dei om at Alan hadde søkt om assistanse til å døy. Menneska som elska han fann ikkje ut om det før eit par dagar før prosedyren hadde blitt sett opp dato for. Gary ser på sjukehuset som delvis ansvarlege for å halde Alan vekke frå familien hans. «Dei siste to vekene behandla dei han ikkje for noko. Dei gav han rom og diett.» Han kunne ha reist heim. Når Gary seinare spurde sjukehuset: «Kvifor heldt de han der?», sa dei: «Alan meinte at han ikkje burde fare heim igjen fordi de to ville prøve å overbevise han om å ikkje gjere det [assistert sjølvmord].»

Gary brukte visseleg dei siste dagane av brorens liv på å prøve å få Alan til å ombestemme seg. Han krympar seg når han gjenhugsar det: «Eg trur at vi var veldig, veldig nære ved å overbevise han om å ikkje gjere det.» Merksam på at broren hans følte seg isolert, fortalde Gary han: «Alan, eg vurderer å pensjonere meg i år, og kanskje kome tilbake til Chilliwack. For å gje deg litt meir støtte og litt meir familie i nærleiken.» «Han berre ser på meg og seier, ‘Dæven, eg skulle ønskje eg hadde visst om det’.» Frå Alans perspektiv var det allereie for seint å endre avgjerda.

No lurer Gary på om broren hans ville ha angra på forsøket på å ende livet sitt, om det ikkje hadde lykkast. Det er vanleg kunnskap i psykiatrien at tidlegare suicidale menneske gjer det. Ein Harvard-studie viser at «ni av ti som prøver å ta sjølvmord vil ikkje døy gjennom sjølvmord på eit seinare tidspunkt». Gary seier at han kjenner seg fullstendig bedregen av sjukehuset, den kanadiske regjeringa, heile systemet som gjorde fånyttes alt det harde arbeidet til familien for å halde Alan i live.

Andre land tek tentative steg mot ein debatt om legalisert eutanasi. I fjor vedtok Spania lovgjeving som slår fast at ein person kan kvalifisere for eutanasi dersom ein kan bevise både uhelbredeleg sjukdom og «uuthaldeleg liding». I Storbritannia er både eutanasi og assistert sjølvmord for tida ulovleg. Men i 2021 vart eit lovforslag om assistert død lagt fram for House of Lords, og same året viste ei spørjeundersøking frå YouGov at 73% av innbyggjarane støtta legalisering av eutanasi for terminale pasientar. Berre 35% av MP-ane var einige på den tida, men sidan den gong vekte det valdelege sjølvmordet til ein bestefar med forkrøplande prostatakreft debatten, som forblir førebels og føre-var.

I mellomtida køyrer Justin Trudeau i full fart mot nær total liberalisering. Det kanadiske systemet skal likne det til Belgia eller Sveits. I mars 2021 vart vaksne med «uhelbredelege sjukdommar» men ingen føreseieleg død berettiga. No vurderer «Special Joint Committee on MAiD» om dei skal utvide loven til «mogne mindreårige» (inga vidare klargjering er gjeven) og tilby assistert død til dei som berre har psykiske helsetilstandar. Begge finpussingane på lova kan bli sett i verk i Canada so tidleg som 2023.

Bevis antydar at der er behov for desse tenestene. Rupa Subramanya rapporterte nyleg for Bari Weiss sin Common Sense, om ei epileptisk dame ved namn Victoria, som berre var 21 då ho vurderte å søkje om MAiD for å lette familien sin alvorlege finansielle situasjon. Subramanya fortalde òg historia om 23 år gamle Kiano Vafaeian, som søkjer MAiD på grunn av depresjon, og hans fortvile familie. Alan sitt MAiD-søknadsskjema, som eg har sett, lista berre opp «høyrselstap» som grunnen for at han kravde å få døy.

Interessekonfliktane her er problematiske. Ein førebuande MAiD-analyse frå 2020 spådde at den ville kunne spare 66 millionar i helseomsorgskostnader. Og fasilitetar som utfører assistert sjølvmord får statsstøtte. I Alan Nichols sitt tilfelle var sjukepleiaren som godkjende søknaden hans òg «utføraren» som gav han den dødelege injeksjonen. «Det er som om du skriv din eigen lønnsslipp,» seier Gary.

Gary mistenkjer at Trudeau vil late lovene gå endå lenger. «Kvifor byggjer de ikkje berre ein poliklinikk for det? Fordi det er kva som kjem til å skje: so fort staten opnar døra, vil desse legane og medisinteama berre opne den vidare.»

Då vi seier farvel, hugsar Gary noko:

«I 2008 ringde mora mi meg og sa: ‘Alan kom ikkje til middag i går kveld.’ So eg sa: ‘Greitt, eg vil gå og sjå til han.’

So eg gjekk bort til han for å møte han, og døra var låst og opna seg ikkje. Eg ringde ein låsesmed som kom og opna døra, og vi gjekk inn der og han låg i senga.

Og han seier: ‘Eg visste at det til slutt ville kome nokon for å sjå til meg.’»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s