Av John og Nisha Whitehead. Henta frå The Daily Bell. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Tenk deg om to gonger før du ringjer etter politiet for å utføre eit velferdstilsyn på ein av dine kjære.
Spesielt om du verdset livet til den personen.
Spesielt om den personen er handikappa, psykisk sjuk, tilårskomen, autistisk, tunghøyrt, dement, eller kan ha ein tilstand som hindrar evna deira til å forstå, kommunisere eller straks lyde ein ordre.
Ifølgje ei undersøking gjort av The Washington Post, enda politi som var ute på velferdstilsyn opp med å skyte eller drepe dei sjølvsame menneska som dei var meint å gje bistand til i minst 178 tilfelle no dei siste tre åra.
Atatiana Jeffersen var ikkje handikappa, psykisk sjuk, tilårskomen, autistisk, tunghøyrt eller dement. Den 28 år gamle innbyggjaren i Forth Worth var berre vaken halv tre om morgonen, og spelte videospel med sin åtte år gamle nevø i eit hus med lyset på og inngangsdøra open.
Ein nabo, som merka seg lyset og den opne døra, spurde politiet om å utføre eit velferdstilsyn i huset. I staden for å gjere seg til kjenne ved inngangsdøra, kraup politiet stille rundt huset. Jefferson, då ho høyrde lydar utanfor, gjekk bort til soveromsvindauget for å undersøkje.
Då dei såg Jefferson gjennom vindauget, skreik politiet: «Opp med hendene! Vis oss hendene dine!» Nokre sekund etter at dei hadde gjeve ordren, og utan å identifisere seg sjølve, avfyrte politiet eit skot. Jefferson døydde på staden.
Atatiana Jefferson sitt dødsfall er nok eit tilfelle å leggje til den dystre, veksande statistikken over amerikanarar – uvæpna, i redusert tilstand eller ei mental helsekrise – som har blitt drepne av politiet, som er trena opp i verst tenkjeleg scenario og difor er klare til å skyte fyrst og stille spørsmål etterpå.
Betjenten som avfyrte skotet hevda at han gjorde det fordi han oppfatta «ein trugsel».
Vi åtvarar deg: for dei væpna agentane i den amerikanske politistaten, er vi alle potensielle trugslar.
I ei tid der veksande tal uvæpna menneske har blitt skotne og drepe berre fordi dei står eller bevegar seg på ein bestemt måte, eller fordi dei held noko – kva som helst – som politiet kan misoppfatte som eit skytevåpen, eller tenne ei avtrekkjar-sentrisk frykt i politibetjenten sitt sinn som har ingenting å gjere med ein reell trugsel mot tryggleiken deira, kan sjølv dei mest godarta møte med politiet få fatale konsekvensar.
For dei som går gjennom ei mental helsekrise eller med spesielle behov der handikappa ikkje straks er openberre, er faren som desse sokalla velferdstilsyna utgjer, endå større.
Til dømes vart Gay Plack, ei 57 år gammal dame frå delstaten Virginia med bipolar liding, drepen etter at to politibetjentar – som vart sendte ut for å utføre eit velferdstilsyn på ho – tok seg inn i heimen hennar uinvitert, romsterte rundt om i huset medan dei ropte namnet hennar, sparka inn den låste soveromsdøra, oppdaga den vitskremde dama som gøymde seg på eit mørk bad og heldt på ei lita øks, og fire sekund seinare, skaut ho i magen.
Fire sekund.
Det er all den tida det tok for dei to politibetjentane som vart sendt ut for å sjå til Plack å bestemme seg for å bruke dødeleg makt mot ho (begge politibetjentane opna eld mot dama), heller enn å bruke ikkje-dødelege val (ein av betjentane hadde ein straumpistol, som han ikkje prøvde å bruke), eller prøve å ned-eskalere situasjonen. Politisjefen forsvarte betjentane sine handlingar, og hevda at dei «ikkje hadde noko anna val» enn å skyte den 163 centimeter høge dama som hadde karpaltunnel-syndrom.
Dette er kva som skjer når du indoktrinerer politiet til å tru at deira liv og deira tryggleik er overordna den til alle andre: plutseleg er alt og alle ein trugsel som må bli nøytralisert eller eliminert.
I lys av regjeringa sin pågåande innsats for å spå kven som kan utgjere ein trugsel mot offentleg tryggleik basert på mentalhelse-sensordata, kan møte med politiet bli endå dødelegare for dei med psykisk sjukdom eller handikapp.
Som Steve Silberman skriv for The New York Times: «Alle som bryr seg om nokon med utviklingshemming, so vel som for handikappa menneske i seg sjølv, [lever] kvar dag i frykt for at åtferda deira vil bli feiltolka som mistenkjeleg, rusa eller fiendtleg av handhevarar av lova.»
Faktisk utgjer handikappa personar ein tredjedel til halvparten av alle menneske drepne av politibetjentar. Farga personar har tre gonger større risiko for å bli drepe av politiet enn sine kvite motstykke. Dersom du er svart og handikappa, er du endå meir sårbar.
I løpet av seks månader skaut og drap politiet nokon som var i ei mentalhelsekrise kvar 36.time.
Blant 124 politiutførde drap der psykisk sjukdom såg ut til å vere ein faktor, merka The Washington Post seg nokre viktige distinksjonar:
«Denne gruppa hadde større sannsyn for å truge med eit våpen som var mindre dødeleg enn eit skytevåpen. Seks av dei hadde leikepistolar; 3 av 10 bar kniv eller machete – våpen som sjeldan viser seg å vere dødelege for politibetjentar. Ifølgje data frå FBI og andre organisasjonar, har berre tre betjentar blitt drepne av eit skarpt våpen det siste tiåret. Nesten eit dusin av dei mentalt forstyrra menneska som vart drepne var militærveteranar, og mange av dei leid av post-traumatisk stressliding som eit resultat av tenesta, ifølgje politi eller familiemedlemmer… Og i 45 tilfelle vart politiet ringt for å hjelpe nokon med å få medisinsk behandling, eller etter at personen hadde prøvd, og mislykkast, i å skaffe behandling på eiga hand.»
Den amerikanske høgsteretten, som ein kunne forvente, har so langt heldt fram med å gjere politiet juridisk immune mot skuldingar relatert til bruk av makt mot dei med psykisk sjukdom.
Kor fører dette oss?
Til å byrje med treng vi betre politi-opptrening over heile fjøla, men spesielt når det gjeld ned-eskaleringstaktikkar og kriseintervensjon.
Ein studie av det nasjonale instituttet for psykisk helse avdekte at betjentar som hadde blitt trena opp av kriseintervensjonsteam utførde færre arrestasjonar, brukte mindre makt, og sette fleire menneske i kontakt med psykiske helsetenester enn kollegaene som ikkje hadde fått slik opptrening.
For det andre må politiet lære korleis ein ufarleggjer konfrontasjonar, i staden for å auke spenninga (og bråket).
For det tredje, med alle dei tvilsame midlane som flyt til politidepartement desse dagar, kvifor ikkje bruke nokre av desse midlane til å etablere det ein forkjempar for handikappa sine rettar skildrar som «eit slags naudnummer vigd til å handtere psykiske helsekriser, der samfunnskrise-responsteam er til disposisjon, heller enn politibetjentar.»
Til sjuande og sist, medan vi treng å gjere møte med politibetjentar tryggare for folk som lid av psykisk sjukdom eller handikapp, treng vi verkeleg å gjere møte med politiet tryggare for alle personar over heile linja.