Den nye statsministeren lover store endringar i straffelova og ei kraftigare integrering av innvandrarar.
Av Magyar Hírlap, Remix News. Omsett av saksyndig.
Den nye senter-høgre-regjeringa i Sverige har kome til makta og fremjar store endringar etter åtte års sosialdemokratstyre, der fireparti-koalisjonen lover landet sitt største tiltak mot organisert kriminalitet, og store endringar innan innvandringspolitikk.
«Ikkje noko anna land i heile Europa har den same valdstrenden som Sverige: 53 dødelege skyteepisodar so langt i år, ofte regelrette avrettingar,» sa den nyvalde statsministeren Ulf Kristersson i parlamentet. «Regjeringa byrjar no den største offensiven i svensk historie mot organisert kriminalitet.»
Tiltaket inkluderer ein større gjennomgang av landet si straffelov og vil gje tilleggsfullmakter til politiet i sin innsats for å løyse opp kriminelle gjengar, som har blitt stadig mektigare og valdelegare dei seinare år, sa Kristersson.
Statsministeren indikerer at det nye kabinettet vil bestå av 24 medlemmer, 11 damer og 13 menn. Han skildra òg den politiske samansetjinga av koalisjonen, som vil bestå av 13 politikarar frå Kristersson sitt eige parti Moderaterna, seks frå Kristendemokraterna og fem frå Liberalerna.
Kristersson bad om vidare endringar av flyktningpolitikken, som han sa ikkje var berekraftig, som førde til dårleg integrering, arbeidsløyse, uvisse og andre problem.
Rundt 20% av Sverige sine 10 millionar innbyggjarar er fødde i utlandet, der mange av dei er flyktningar frå krigsherja land inkludert Syria, Irak, Afghanistan og Somalia. I seinare år har desse gruppene vore eit stort problem for det svenske samfunnet, der dei ofte dannar kriminelle klanar og tek del i territoriekrigar i gjengmiljøet, sal av dop, og seksuelle åtak.
Sverige sin nye statsminister snakka òg om energipolitikk, og sa at potensialet til atomenergi burde bli utnytta, og la til at Sverige sitt mål for generering av straum er å gå frå 100% fornybar energi til 100% fossil-fri energi.
Kristersson erklærte òg si større for Sverige og Finland sin pågåande tilslutning til NATO, og la til at regjeringa hans kom til å halde seg til den tidlegare regjeringa sin avtale med Tyrkia, og at dei ikkje ville støtte grupper som Ankara ser på som terroristorganisasjonar.