Lege nekta å ta sprøyta etter å ha sett det verste av Covid, so medisinskulen gav han sparken

Tre ord avslører alt: «Heltar jobbar her»

Av Samantha Chang, The Western Journal. Omsett av saksyndig.

Ein lege som fekk sparken frå eit California-universitet i fjor for å nekte å bli vaksinert, snakkar ut om den uvitskaplege, tyranniske gruppetenkinga som har infisert det medisinske samfunnet.

Dr. Aaron Kheriaty, lege og direktør i bioetikk ved Ethics and Public Policy Center i Washington, fekk sparken frå University of California, Irvine, School of Medicine i desember [2021] etter å ha nekta å bli vaksinert, sjølv etter at han hadde blitt frisk frå Covid-19.

Kheriaty har skrive om opplevingane sine i ei ny bok, The New Abnormal: The Rise of the Biomedical Security State, som skal gjevast ut neste månad av Regnery.

I eit utdrag publisert av The Daily Wire, hugsar han korleis det reinspikka hykleriet til hans tidlegare arbeidsgjevar hamna i søkjelyset.

«Då eg køyrde vekk frå campus for siste gong den dagen, kasta eg eit blikk på eit skilt på hjørnet nær sjukehuset,» fortel han. «Det stod følgjande i store bokstavar på skiltet, som hadde stått der i fleire månader: HELTAR ARBEIDER HER.»

Det inkluderte ikkje lenger Kheriaty, som hadde strevd dag etter dag ved UCI Medical Center under dei verste dagane av pandemien.

Før han vart oppsagt, argumenterte han for at den naturlege immuniteten som han hadde fått av å ha overlevd koronaviruset, var betre enn nokon beskyttelse som vaksinen kunne ha gjeve han. Kheriaty stilte òg spørsmålsteikn ved tryggleiken og effektiviteten til vaksinen.

Basert på alle dei alarmerande dødsfalla av hjarteinfarkt hjå unge, tilsynelatande friske, vaksinerte personar, kunne desse tryggleiksbekymringane bli sett på som framsyn.

Etter månader i fornekting, har til og med Centers for Disease Control and Prevention, som er for vaksine, erkjent at det å overleve Covid gjev ein naturleg immunitet.

I eit innlegg på sin Substack-konto i desember, sa Kheriaty at administratorar som hadde lovprist han under hans 15-årige posisjon som professor ved den medisinske skulen UCI, plutseleg vende seg mot han.

«Alle på universitetet såg ut til å vere tilhengjarar av arbeidet mitt framtil dei plutseleg ikkje var det lenger,» hugsar han tilbake. «Når eg fyrst utfordra ei av retningslinjene deira, vart eg straks ein ‘trugsel mot helsa og tryggleiken til samfunnet der’.»

«Ingen empirisk evidens, same kor mykje, om naturleg immunitet eller vaksinetryggleik spelte noka som helst rolle. Leiarskapen på universitetet var ikkje interessert i vitskapleg debatt eller etisk refleksjon.»

I månadene som leia opp til avgangen hans, hadde Kheriaty personleg arbeidd ved UCI Medical Center «kvar dag under pandemien, og teke imot pasientar i klinikken vår, på psykiatriavdelingane, akuttmottaksromma og sjukehusavdelingane – inkludert Covid-pasientar på akuttmottaket, intensivavdelinga og dei medisinske avdelingane.»

Med andre ord sette denne legen sitt eige liv i fare for å hjelpe Covid-pasientar i ei tid då vi hadde mykje mindre kunnskap om risikoane tilknytt sjukdommen.

Trass alt dette, fekk han sparken fordi han nekta å late seg vaksinere, sjølv etter at han hadde blitt frisk frå viruset og kome med både etiske og vitskaplege grunnar for at han nekta å ta vaksine.

I si komande bok seier Kheriaty at han strevde med det moralske dilemmaet av å anten underleggje seg eit uetisk påbod eller utfordre det av prinsipp.

«I min posisjon som direktør for medisinsk etikk ved UCI, hadde eg ei plikt til å representere dei stemmene som vart stilna, og å insistere på bruken av retten til gyldig samtykke og gyldig nekting,» skreiv han.

Kheriaty sa at mange av kollegaene hans òg ønskte å snakke ut mot vaksinepåboda, men at dei vart mobba til å vere stille.

«Dei følte seg intimidert, makteslause og sårbare overfor det massive presset til å bli med på det. Mange legar og sjukepleiarar var redde for å snakke ut i tvangsklimaet,» skreiv han.

«Folkehelsetilsette ignorerte upassande vitskaplege funn, undertrykte rimelege spørsmål og mobba til stillheit kvar ein skeptisk lege eller vitskapsmann,» sa Kheriaty. «Institusjonar som kom med påbod stigmatiserte og straffa dei som nekta å lyde.»

«Eg har aldri sett noko liknande innan medisin.»

I juni 2021 skreiv han ein meiningsartikkel i Wall Street Journal med grunnlovseksperten Gerard Bradley, ein etikkprofessor ved Universitetet i Notre Dame.

I kommentaren sin sa Kheriaty og Bradley at vaksinepåbod på universiteta var i strid med medisinsk etikk, og ignorerte vitskaplege data.

Dei skreiv at «skuleelevar er ikkje forsøkskaninar» og burde ikkje tvingast til å ta vaksine, utifrå deira låge risiko for infeksjon og FDA sine eigne åtvaringar om «tilleggsrisikoen for hjartebetennelse, spesielt blant menn som er 30 år eller yngre.»

Kheriaty og Bradley peikte òg på at vaksinepåbod på colleges ignorerte det store talet elevar som hadde blitt friske frå Covid, og som difor «har naturleg immunitet, som studiar har antyda er meir robust og varig enn vaksineimmunitet».

I boka hans sa Kheriaty at ein av dei mest hjarteskjerande konsekvensane av oppseiinga hans var at «eg fekk ingen høve til å kontakte pasientane mine, elevane, bebuarane eller kollegaene og late dei vete kvifor eg plutseleg forsvann».

Lat denne skrekken søkkje inn: Ein psykiater vart plutseleg stengd ute frå å møte pasientane sine, der mange leid av alvorlege mentalhelseproblem som han hjelpte dei å kome seg gjennom.

Dette bråe kuttet i kontakt kan vere ekstremt traumatisk for ein psykiatrisk pasient.

No når talrike amerikanarar har blitt vaksinerte under press eller oppsagt for å nekte å ta sprøyta, har støvet lagt seg litt, og sanninga byrjar å kome ut når det gjeld den potensielle helsefaren til vaksinen.

Mange legar og andre vitskapsfolk som peikte på desse risikoane vart resolutt sparka ut av sosiale media, oppsagt eller på andre måtar stilna i løpet av dei siste to åra.

Internett-søkjetreff har òg blitt sensurert slik at det er vanskeleg (eller umogleg) å etterforske noko utan manipulasjon frå Big Tech.

Vi håper at pendelen ein dag vil svinge i favør av ytringsfridom og openheit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s