Av Kevin Hughes, Natural News. Omsett av saksyndig.
Hjartelegen Peter McCullough har argumentert for at Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinen er ansvarleg for dødsfallet til kvar ein person som ikkje har ei tidlegare historie av alvorleg sjukdom, til det motsette er bevist.
Ben Armstrong i tidsskriftet The New American rørte ved McCullough sitt argument i 12.oktober-utgåva av programmet sitt The Ben Armstrong Show.
«Han seier at dette er som det alltid burde vere,» sa Armstrong. «Naturlegvis, om nokon døyr brått og dei ikkje var vaksinerte, kan du utelukke at det plutselege dødsfallet skjedde på grunn av vaksinen. Men dersom nokon er vaksinert og dei plutseleg døyr, må du anta at det er vaksinen. Det er problemet med kva dei har gjort ved å øydeleggje folks immunforsvar.»
Ifølgje The New American-journalisten, burde folk ta ein nærare titt på kvart dødsfall som kjem ut av det blå – spesielt dersom personen er frisk og ikkje viser nokon teikn på ein alvorleg sjukdom uavhengig av alder. Han la til at medan somme vil avfeie desse dødsfalla som eit samantreff, har mange andre ei anna oppfatning.
Han samanlikna det å ta fleire Covid-19-vaksinar med å «spele russisk rulett», og la til at SARS-CoV-2-piggproteinet som er brukt i sprøytene kan bli verande i kroppen.
«Dess meir vaksinert eller boosta du blir, dess meir trykkjer du på avtrekkjaren,» kommenterte han. «Det forbløffar meg korleis dei som har overlevd vaksinen spring rundt og seier ‘men eg har det jo bra’. Og eg held fram med å seie at dette er akkurat som å springe rundt og seie ‘eg spelte russisk rulett og eg har det bra’.»
Armstrong spelte ein video av McCullough sitt intervju med Turning Point USA-grunnleggjar Charlie Kirk. McCullough peikte på at vaksine-indusert subklinisk myokarditt er ansvarleg for plutselege dødsfall. Han delte at mange pasientar med hjarteskade basert på MR-skanning kom i hopetal til klinikken hans.
Armstrong: Vaksinedødsfall kan skje når som helst
Programverten sa at unge, friske menneske kan få slag eller anfall på grunn av vaksine-indusert blodproppdanning, og at dei ikkje kom til å vete når det ville skje.
«Det triste er at ja, slikt skjer. Men no må vi anta at det er vaksinen, og du må bevise at det ikkje er det,» sa Armstrong. Han la til at desse tinga skjer i langt større tal enn det folk blir fortalt, og oppmoda legar til å ta til seg standpunktet å tilskrive dødsfalla til Covid-19-sprøytene med mindre dei finn ein annan grunn.
Vidare har somme som har blitt injisert med Covid-19-sprøyta uttrykt både bekymring og anger på grunn av det.
Ifølgje Armstrong har dei som er injisert med anten ein eller fleire vaksinedosar allereie skadd immunforsvaret sitt. Han la til at det skadde immunforsvaret hjå vaksinerte eller boosta personar ikkje kan bli fullstendig oppe og gå igjen fordi det har skjedd permanent skade.
«Dersom du blir 25% skadd, har du eit 75% fungerande immunforsvar. Kroppen din kan friskne til att og kome opp til rundt 85%, men eg trur ikkje den nokosinne vil gå opp igjen til 100%, tragisk nok. Men den kan kome seg… frå det lågaste punktet skaden har ført den til,» sa Armstrong.