Lege krev etterforsking rundt skyhøg dødsrate blant fullvaksinerte kanadiske legar

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ein lege i Canada ber om at dei leiande medisinforeininga i landet opnar etterforsking rundt den plutselege auken i dødelegheit blant unge, fullvaksinerte legar etter innføringa av påboden vaksinasjon for helsepersonell.

Dr. William Makis skreiv nyleg eit ope brev til Canadian Medical Association (CMA), der han bad om at gruppa ser på den plutselege auken i dødelegheit blant kanadiske medisinske profesjonelle etter innføringa av landet sitt Covid-19-vaksinepåbod for dei som jobbar innan helseomsorg.

Makis er lege i kjernemedisin og ein kjent kreftforskar. Han har arbeidd ved fleire kreftforskingssenter og har forfatta over 100 fagfellevurderte artiklar i fleire medisinske tidsskrift. Han bad òg om at Canada avslutta alle Covid-19-vaksinepåbod, spesielt for dei som jobbar i helsesektoren.

I brevet, som er spesifikt adressert til CMA-presidentane dr. Katharine Smart og dr. Alika Lafontaine, peikte Makis på at analysen hans viste skyhøg dødsrate blant unge kanadiske legar.

«Analysen vår viser at dødsfall blant kanadiske legar under 50 i 2022 vil bli to gonger høgare samanlikna med 2019 til 2020,» skreiv han. «Sjokkerande nok førekjem dødsfall hjå dei under 40 fem gonger meir, og legedødsfall under 30 er åtte gonger høgare.»

Makis peikte på at CMA akkurat avslutta ein konferanse som fokuserte på helsa til legar i Canada. CMA-leiarar diskuterte mange tema. Men «det eine temaet dei ikkje diskuterte: unge kanadiske legar som døyr brått og uventa etter utrullinga av Covid-vaksine,» sa Makis.

Minst 80 unge kanadiske legar har døydd etter byrjinga på vaksineutrullinga

I eit tidlegare brev til CMA datert 3.september, peikte Makis på at minst 32 unge kanadiske legar har døydd sidan byrjinga av landet si utrulling av Covid-19-vaksinar.

«Eg uttrykte bekymring rundt Covid-19-vaksinar og vaksinepåbod, og om dei bidrog til desse plutselege dødsfalla,» sa Makis. «Brevet gjekk viralt på sosiale media, det vart sett av millionar av folk over heile verda, det vart omsett til dusinvis av språk og vart tema for talrike podcastar, medieintervju, internettvideoar og nyheitsartiklar.»

Makis sa at det opne brevet hans tende formidabel interesse over heile verda når det gjeld årsakene bak dødsfalla til dusinvis av unge kanadiske legar. Han sørgde over det faktum at landet sine leiande folkehelsefigurar, inkludert leiarane i CMA, ikkje har slutta seg til den fornya interessa til folket.

«Både [Smart og Lafontaine] mislykkast eller nekta å svare på brevet mitt, og [dei] mislykkast eller nekta òg å svare på førespurnader frå den amerikanske filantropen Steve Kirsch, so vel som førespurnader frå journalistar,» la Makis til.

Sidan hans fyrste opne brev vart publisert, åtvara Makis at minst fire fleire unge kanadiske legar har døydd. Tre av desse dødsfalla vart offentleggjort nyleg av McMaster University i Ontario, som vedgjekk at tre av turnuslegane deira døydde i løpet av sommaren 2022.

Vidare etterforsking av Makis og teamet hans avdekte at minst 80 unge kanadiske legar faktisk har døydd brått eller uventa sidan utrullinga av vaksinane.

Desto verre, åtvara Makis at dødsfalla akselererer. «De kan ikkje halde fram med å ignorere dette,» skreiv han.

«Alle kanadiske medisinstudentar og turnuslegar fekk tvinga på seg uvitskaplege, uetiske, vondskapsfulle og skadelege Covid-19-vaksinepåbod,» skreiv Makis. «Eg oppmodar dykk innstendig om å hugse dykkar hippokratiske eid og dykkar eigen CAM-etikkode, og at de krev umiddelbar stans i alle Covid-19-vaksinepåbod i kanadisk helseomsorg.»

I denne videoen frå Infowars blir kanadiarar fortalt at dei skal lyde landet sin Covid-19-politikk, eller bli arrestert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s