Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Britiske supermarknader held på å fullbyrde planar om å lagre insekt og selje dei til låginntektsfamiliar for å hjelpe dei med levekostnadskrisa.
Aldi vil bli den fyrste supermarknaden som lagrar «etande» insekt og tilbyr oppskriftssett til folk som instruerer dei i tilberedning av ormar og grashopper for deira sveltande barn.
Summit.news rapporterer: Potensielle produkt inkluderer «berekraftige» grashoppeburgerar, so vel som «nuggets» og «kjøtdeig».
Herleg.
«De vil ete insekta. De vil eige ingenting. Og de vil vere lykkelege.»
Akkurat då de trudde at dette ikkje kunne bli meir dystopisk: supermarknadene er involvert i eit TV-gameshow der «insektbønder» vil prøve å selje insekta som «det neste store» for Aldi, ifølgje rapporten.
Ein av deltakarane, Aaron Thomas, kommenterte: «Vi har eit oppdrag der vi vil endre oppfatninga av insekt som mat; dei utgjer ei av dei mest berekraftige proteinkjeldene i verda.»
Thomas påstår vidare at grashopper inneheld meir protein enn storfekjøt, og legg til: «Vi ønskjer å gjere insekteting hovudstraums. Dersom vi får stille oss framfor Aldi sitt publikum, vil det vere eit fabelaktig høve.»
Trekket er det siste i ein veksande trend der ein dyttar insekteting på massane som ein måte å «redde planeten».
Nyleg forplikta det kanadiske selskapet The Aspire Food Group seg til å produsere 9000 tonn insekt i året for menneske- og kjæledyrforbruk, etter å ha fullført konstruksjonen av verdas største senter for prosessering av matgrashopper.
I tillegg til grashopper, er òg åmer og mark stort i Europa.
Ein føreslår til og med å gje dei til skuleelevar.
Kva med ugrassalat ved sida av? Og kvifor ikkje skylje ned markane med eit stort, oppfriskande glas kloakkvatn?
I 2020 publiserte World Economic Forum to artiklar på nettsida si som utforska korleis menneske kunne bli kondisjonert til ideen om å ete ugras og insekt og drikke kloakkvatn for å redusere CO2-utslepp.
Ein separat artikkel publisert på WEF-nettsida la ut om korleis menneske kan bli kondisjonert til å ete «mat» som i fyrste omgang høyrest ekkelt ut.
«Great Reset» handlar om å setje i verk ein drastisk reduksjon i levestandard for plebeiarane som vil tvinge dei til å setje insekt, ugras og kloakk på menyen, medan Davos-eliten held fram med å meske seg med dei herlegaste retter i sine elfenbeinstårn.