Justin Trudeau støttar ytringsfridommen … med mindre han er ueinig i det som blir sagt

Av Kennedy Hall, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Dersom du forstår herr Trudeau, forstår du at det at han seier noko som helst om å tru på naturlege rettar, er like mykje eit tilfelle av gaslighting som eit bondeknøl-bål.

Justin Trudeau sa i ein tale på B20-toppmøtet i Indonesia for ei veke sidan at han trur på å «alltid sikre og forsvare fri tale», med mindre folk «mobbar og går til åtak på nettet», og han bad om at Big Tech måtte ta seg av problemet.

No, før vi blir skulda for å oppfordre til mobbing eller åtak på folk på nettet, lat meg seie at alle naturlegvis burde oppføre seg moralsk riktig, og kvar ei form for utbrot i utrengsmål retta mot ein annan person sannsynlegvis er syndig og ufortent.

Derimot, dersom du skjøner herr Trudeau, forstår du at det han at han seier noko som helst om å tru på naturlege rettar, er like mykje eit tilfelle av gaslighting som eit bondeknøl-bål.

Vi snakkar om mannen – i ordets vidaste forstand – som skreik og ropte om uvaksinerte då han erklærte dei uverdige til å reise innanlands på fly, båtar og tog.

Dette er same fyren som sa i eit intervju vinteren 2021 at uvaksinerte kanadiarar var uuthaldelege og «tok for mykje plass», og han tok tilsynelatande ei side frå Mein Kampf inn i retorikken sin.

[Her kjem Bill Maher med nokre kommentarar om det Trudeau sa om uvaksinerte menneske.]

Og lat det ikkje bli sagt at orda hans og leiarstilen hans ikkje påverka kanadiarar, sidan eit forskrudd individ bestemte under Freedom Convoy at Winnipeg-demonstrantar som protesterte mot sprøytepåbod burde bli meia ned for å ta for mykje plass og ha uakseptable synspunkt.

Men naturlegvis var dei godhjarta vaksinerte borgarane med rette forbanna på dei uvaksinerte – sjølv dei med naturleg immunitet, som ikkje var sjuke – akkurat som herr Trudeau sa.

For å vende tilbake til det Trudeau sa om ytringsfridom, burde eg leggje til at eg ikkje er ein tilhengjar av absolutt ytringsfridom, sidan eg ikkje er ein absolutist når det kjem til kva som helst slags sett av reglar. Dette er fordi rettar er knytte til plikter. Til dømes har eg retten til å arbeide fordi eg har plikt til å forsørge meg sjølv og familien min.

Eg har rett til å reise fordi eg har plikt til å fare til stader på grunn av ymse plikter. Eg har rett til å seie ting fordi eg har plikt til å bruke språket for kommunikasjon, og so vidare.

Ibuande i ei forståing av naturlege rettar ligg det at dei alle eksisterer i samband med kvarandre, og difor kan utøvinga av kvar ein rett ikkje i alle omstende vere absolutt.

Dersom eg til dømes stod og skreik som ein Trump-forskrudd venstreekstrem medan nokon andre prøvde å kome med eit poeng under ein debatt, ville eg ta frå ein annan person retten til å ytre seg, og forveksle retten min til å snakke med eit utilslørt løyve til å seie kva enn eg ville, når eg ville, utan tanke på sosiale normer og kva som høver seg.

Alle potensielle og fornuftige restriksjonar på naturlege rettar sett til side, burde ideen om at ein statsminister skulle seie at uformeleg mobbing eller nettåtak burde bli regulert av Big Tech, vere absurd.

Kanskje herr Trudeau kan fortelje oss korleis nettmobbing ser ut…

Ville det ha vore mobbing frå mi side å publisere bilete av han med påmåla negeransikt?

Ville det ha vore mobbing frå mi side å seie at Trudeau har svike innfødde kanadiarar og har bidrege til ei nasjonal splitting som set han i same liga som dei mest berykta diktatorane frå det 20.hundreåret?

Ville eg ha gått til åtak på statsministeren ved å påpeike at han visseleg er den verste statsministeren i Canada si historie, om ikkje i historia til alle Commonwealth-nasjonane?

Kva om eg kjærleg refererte til han som Den vonde heksa frå nord? Ville det utgjere eit tilfelle av mobbing og eit åtak på statsministeren?

Til sjuande og sist er denne mannen ein bedragar og ein gaslightande sjarlatan som selde Canada og kasta landet inn i ein vinter av økonomisk og moralsk fortviling, og som ikkje toler at folk kallar hans diktatoriske nonsens for det det er.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s