G20-globalistar pressar påbodne vaksinepass for alle internasjonale reiser trass svinnande covid-plandemi

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Innan no veit forstandige, fornuftige menneske at medan Covid-19-pandemien ikkje var ein «bløff» – viruset var ekte og regjeringa hjelpte sannsynlegvis til med å finansiere skapinga av det – vart den visseleg teken opp og brukt av vestlege globale elitar som ein måte å kontrollere deira respektive befolkningar i nesten to år.

Sidan den gong har pandemien blitt ein plandemi – altso tener den no som ei rettferdiggjering for å permanent endre åtferdsformer rundt om på kloden medan dei tek fridommen til milliardar av menneske frå dei.

For å ta eit relevant, illustrerande døme: På den nylege G20-samlinga i Bali, Indonesia, kom eliten som hadde samla seg der med forslag om ein universell vaksinepass-plan for å «tillate» reisefridom. Kort fortalt, alle som ønskjer å setje sine bein på eit fly eller gå om bord på eit skip for å reise internasjonalt, vil måtte samtykkje til å få sin private medisinske tilstand invadert av statlege byråkratar, sjølv om Covid-viruset har so godt som forsvunne og ikkje lenger er nær den trugselen det brukte å vere (og sjølv då var det ikkje på langt nær so dødeleg og alvorleg som vi vart fortalt).

Den indonesiske helseministeren Budi Gunadi Sadikin, som snakka om planen på vegner av G20-vertslandet tidlegare på toppmøtet, hadde bede om eit «digitalt helsesertifikat» som bruker WHO-standardar.

«Lat oss få eit digitalt helsesertifikat anerkjent av WHO… dersom du har blitt vaksinert eller testa skikkeleg, kan du reise rundt,» sa han under ein diskusjon.

Naturlegvis vil ikkje desse krava gjelde for elitane; dei vil framleis ha reisefridom og privatliv fordi dei, trass alt, er «eliten».

Og berre i tilfelle lesarane trur denne ideen er unnfanga av éin enkelt statleg byråkrat, pressa den amerikanske ambassaden i Italia heile «G20 Bali Leaders’ Declaration», som inneheldt fleire referansar til vaksinedokumentasjon for reise:

«Vi erkjenner at den omfattande Covid-19-immuniseringa er eit globalt offentleg gode og vil vil fremje innsatsen vår for å sikre tidsriktig, likeverdig og universell tilgang til trygge, billege, godkvalitets og effektive vaksinar, terapiformer og diagnostikk (VTD-ar). Ved å anerkjenne innføringa av den ministerielle erklæringa på WTO-responsen på Covid-19-pandemien og førebuinga for framtidige pandemiar og den ministerielle avgjerda på TRIPS-avtalen på WTO sin 12. ministerielle konferanse (MC12), seier vi at, ikkje seinare enn seks månader frå datoen til den ministerielle avgjerda på TRIPS-avtalen, vil WTO-medlemmer ta avgjerd når det gjeld utvidinga til å dekkje produksjonen og forsyninga av Covid-19-diagnostikk og terapiformer. Vi forblir forplikta til å forsterke ei multisektor-One Health-tilnærming og forsterke global overvaking, inkludert gen-overvaking, for å oppdage patogen og antimikrobiell motstand (AMR) som kan truge menneskehelsa. For å gjere mogleg patogen overvaking som del av forpliktinga vår til å innføre IHR (2005), oppmuntrar vi til deling av patogen-data på ein tidsriktig måte på delte og pålitelege plattformer i samarbeid med WHO.»

Òg:

«Vi støttar WHO sin mRNA-vaksineteknologi-Transfer hub, so vel som alle eikene i alle regionar i verda med objektivet å dele teknologi og teknisk know-how relatert til friviljuge og gjensidig avtalte termar. Vi ønskjer velkommen felles forsking og felles produksjon av vaksinar, inkludert forsterka samarbeid blant utviklingsland.

Vi anerkjenner viktigheita av delte tekniske standardar og verifiseringsmetodar, under rammeverket til IHR (2005), for å forenkle saumlaus internasjonal reiseverksemd, interoperabilitet, og det å anerkjenne digitale løysingar og ikkje-digitale løysingar, inkludert bevis på vaksinasjonar. Vi støttar framhaldande internasjonal dialog og samarbeid rundt etableringa av pålitelege globale, digitale helsenettverk som del av innsatsen å styrke motverknad og respons på framtidige pandemiar, som burde kapitalisere og byggje på suksessen på dei eksisterande standardane og digitale Covid-19-sertifikat.

Covid-19-pandemien har fått fortgang i forvandlinga av det digitale økosystemet og den digitale økonomien. Vi anerkjenner viktigheita av digital forvandling i å nå berekraftmåla.»

Alt «digitalt» kan bli hacka og/eller kontrollert av regjeringar, noko som tydar at alle som ikkje ønskjer å delta eller som går mot dei «globale reglane», vil få si digitale tilstadevering fjerna, med inga evne til å tene til livets opphald og overleve, langt mindre reise.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s