Det kan sjå ut til at fleire og fleire norske menn tek livet av seg, og ikkje minst at fleire menn lykkast med å gjennomføre sjølvmord der kvinner mislykkast. Hovudskilnaden er at medan kvinner prøver sjølvmord som eit rop om hjelp, ser menn ut til å velje sjølvmord når alle andre strategiar er prøvd. Menn skal òg seiast å ha meir brutale metodar for å sikre at deira siste handling i livet går føre seg «etter plan og prosedyre». Litt spøkjefullt kan ein hevde at sjølvmord er nok eit felt der menn gjer det betre enn kvinner – og dette står i skarp kontrast til dagens feministiske mantra om at menn stort sett er udugelege i det meste dei føretek seg i livet, medan kvinner og deira medsystrer er sjølve symbolet på noko reint, feilfritt og guddommeleg.
Det er truleg i denne haldninga rota til det mannlege sjølvmordsproblemet ligg.
Kvifor tek stadig fleire norske menn livet av seg? Korona-prosjektet isolerte folk og provoserte med sitt ustanselege propagandakøyr i media og frå landssvikarane i regjeringa og folkehelsa fram ei kjensle av isolasjon og tungsinn. Dei uvitskaplege og øydeleggjande covid-«restriksjonane» var statsautorisert og -utført bølleåtferd som hadde som intensjon å intimidere, audmjuke og undertrykkje menneske. Eit samfunn som allereie var prega av rotløyse, isolasjon, ei kjensle av meiningsløyse og ei planlagt og overlagt øydelegging av kjernefamilien, vart langt verre å leve i under korona-regimet.
Den psykiske terroren frå «koronasituasjonen» vart vidareført i form av den skapte energikrisa og NATO og USA sin stadfortredarkrig i Ukraina. Sanksjonar som offisielt skulle råke Russland og «straffe den fæle, vonde Putin» slo hardt tilbake på dei som oppretta sanksjonane. Og media? Dei jamra på innpust og utpust at Tredje verdskrig lurte rundt neste hjørne, og at verda skulle gå under. Om ikkje Putin øydela den menneskelege sivilisasjon, ville den oppkonstruerte «klimakrisa» gjere det. Atomkrig, klimaendring og virus skulle utrydde menneskeheita, vart det sagt. Døgeret rundt. I alle kjøpte og betalte media. Og dei som hevda noko anna vart stempla som (eg trekk pusten for å ramse opp): «konspirasjonsteoretikarar», «høgreekstreme», «anti-statlege», «russardronar», «Putin-elskarar», «landssvikarar», «egoistar», «bestemorsmordarar», «pandemi-forlengjarar» (desse tre brukt om uvaksinerte) og mykje, mykje, mykje anna.
Det var i praksis nulltoleranse for meiningar eller tankar som stilte spørsmål ved den rådande forteljinga. Å diskutere utifrå eit objektivt og faktabasert utgangspunkt førde på det verste til at ein hamna på overvakingslistene til PST.
Lat oss ta ein titt på den gjennomsnittlege norske mannen. Han jobbar ræva av seg dag ut og dag inn, og har ei gjeld det omtrent vil ta han 1100 år å nedbetale. Barna blir hjernevaska og indoktrinerte i woke og kjønnsideologi på skulen, og utsett for den vranglæra at det er menneske som øydelegg klimaet på planeten (når det i røynda er snakk om naturlege variasjonar i klimaet; vi er på veg ut av ei lita istid som byrja i mellomalderen). Kona/sambuaren blir lurt trill rundt av media til å tru at glansbiletet som ho blir presentert på innpust og utpust frå influensarar og sjølverklærte moteekspertar er det einaste godtekne, og ikkje det urealistiske idealet som det eigentleg er. Ho jobbar, slit, kavar og stressar med å vere ei god mor, ein god ektemake og ein god arbeidar – og mislykkast som regel på alle tre felta. Ho tek ut sin frustrasjon på den hardtarbeidande mannen, fordi han er den einaste som ikkje kan ta igjen. Feminismen har jaga kvinnene ut av heimen og teke dei vekk frå å ha hovudansvaret for å oppdra ungane til å ha rette, sunne verdiar.
I dette råkøyret, som blir vesentleg forverra av media og styresmakter sin skremselspropaganda om virus, krig og klima, brenn kvinnene seg ut og endar opp i langtidssjukemelding. Mennene greier trass iherdig innsats ikkje å redde det søkkande skipet av eit parforhold. Skilsmisse, samlivsbrot og delt samvær (om han er heldig!) blir enderesultatet. Dei sel huset fordi ingen har råd til å kjøpe den andre ut og sitje igjen med eit lån på 6,5 millionar. Kvinna får naturlegvis hovudomsorgsretten til barna, og ho blir villeia av «velmeinande venninner» (som eigentleg misunner ho djupt den lykka ho har med mann og barn) til å sjå på barnefaren som Satans skjendige avkom. I ein hekseprosess og ein kengurudomstol iscenesett av «Kristin og Silje» frå Barnevernet og ein grøn politijurist, misser mannen all rett til å møte sine eigne avkom igjen. Han står ribba og utpint igjen, medan kvinna får all sympatien fordi ho jo sit igjen med ungane. Barnebidrag og dobbel barnetrygd gjev kvinna til salt i grauten, medan mannen ser på at 89% av inntekta hans forsvinn i eit svart, byråkratisk hòl. Det vesle han har igjen etter dagens umenneskelege slit, går med på å betale ei straumrekning som er ti gonger høgare enn før «Ukraina-operasjonen».
Feminismen har lært kvinner opp til å tru at dei ikkje treng menn. Anonyme sæddonorar har samstundes gjort at dei knapt treng menn til å forplante seg. Unge menn kan runke mot betaling, medan kvinner kan late seg injisere med denne barneskapande sæden og stifte familie heilt på eiga hand. (Eller heilt på eiga hand er det ikkje, Staten må jo inn og sponse dette narsissistiske sjølvrealiseringsprosjektet med barnetrygd, stønader og andre velferdsytingar!) Venninner gjev dei all merksemda og den fysiske nærleiken desse kvinnene treng, og Kondomeriet har alle «seksualtekniske hjelpemiddel» dei rotne, iskalde steinhjarta deira måtte begjære. Om ei kvinne skulle møte ein mann som vil stifte familie med ho, vil venninnene hennar fråråde dette på det sterkaste. Ikkje fordi mannen er eit dårleg parti, men fordi dei ikkje vil at kvinna skal bli lykkelegare enn dei sjølve.
Menn blir tynte, utnytta og pressa til siste blod- og sæddrope av indoktrinerte troll som feilaktig blir kalla kvinner. Å antyde at denne demoniseringa og mishandlinga av menn har noko som helst med alle sjølvmorda å gjere, er som å banne i den kyrkja som ikkje lenger eksisterer. Folket har blitt lurt til å forlate Gud, og Sodoma og Gomorra trugar med å gjenoppstå.
Menn som betrur seg til nokon om sine alvorlege problem, blir som regel utsett for hersketeknikkar eller får si uro ufarleggjort. Kvinner kan sitje på riksdekkjande TV og leggje ut om det som i verste fall er bagatellar, og heile nasjonen blir subtilt kommandert til å tykkje synd på dei. Menn blir stempla som enkle til sinns, dårlege til å kommunisere og elendige til å snakke om kjenslene sine. Menn blir skulda for å vere språkfattige og klønete med ord, sjølv om litteraturhistoria og representasjonen av mannlege forfattarar og diktarar seier det motsette.
«Damer vil ikkje ha menn som sutrar», seier propagandaen. Er det noko betre med menn som stengjer alt inne til helvete bryt laust?
I gode, gamle dagar vart mange jenter sendt på husmorskule der dei lærte seg husstell, matlaging og korleis dei skulle oppføre seg og ordleggje seg på ein verdig og sømeleg måte. Det ein kallar god oppdraging og alminneleg folkeskikk. Gutane hang saman med fedrane og andre menn og lærte seg yrke og andre viktige evner som det var forventa at mennene kunne. Dei måtte det – kven skulle elles til dømes reparere ting i heimen, setje garn i sjøen, finne igjen rømde husdyr eller forsvare eigedommen mot ville dyr og fiendar? Alle kvinner som plutseleg har blitt åleinemødrer kan nok nikke gjenkjennande til at når vasken lek, når bilen treng vinterdekk, eller når ein diger, ekkel edderkopp kryp rundt inne på badet – då hadde det vore godt å ha hatt ein MANN i huset! Og omvendt… Dei fleste heterofile menn ønskjer seg visse gleder som ein berre finn hjå ei kvinne.
Klart, familielivet passar ikkje for alle. Enkelte føretrekkjer sitt eige selskap, og har ikkje eit desperat behov for barn. Men den rådande strategien frå visse mektige elitar ser ut til å vere at denne livsforma skal bli det normale, og at den sunne, tradisjonelle kjernefamilien skal bli sett på som eit avvik. Alle skal bli rotlause, familielause, barnlause og helst ikkje ha medbestemmingsrett når det gjeld karriere, eigedom og livsval. Alle skal leve på nåden til Staten, og Staten har i lengre tid vist seg å vere alt anna enn nådig.
Når ein mann fyrst går til det steget å ta sitt eige liv, har alt anna blitt prøvd. Og verda har gjeve klart uttrykk for at dei verken ønskjer å hjelpe han, eller ønskjer at han skal halde fram med å vere ein del av verda. Eit kaldt, splitta samfunn som set kvinner og menn opp mot kvarandre er siste spikaren i kista for stadig fleire. Kvinnene burde vere like bekymra som menn over denne trenden, for den forskrudde LGBT- og transrørsla ønskjer nemleg òg kvinner til livs. Alle skal kappe av seg bryst, ballar og kukar og bli om til kjønnslause slavar for Den nye verdsorden. Dei skal eige ingenting, heller ikkje sitt eige kjønn. Og langt mindre si eiga framtid. Under slike føresetnader er det ikkje rart at stadig fleire vel å ikkje lenger ha ei framtid.