Oppsiktsvekkjande tal frå Tyskland: Massiv overdødelegheit

Henta frå Free West Media. Omsett av saksyndig.

BERLIN: I fleire månader prøvde den tyske parlamentsmedlemmen Martin Sichert (AfD) å få tak i data frå den tyske legeforeininga KBV relatert til uventa dødsfall. Via ei avleiing fekk han endeleg tak i dataa.

Kva dukka so opp? Talet på «brå og uventa dødsfall» eksploderte bokstavleg tala i Tyskland frå og med januar 2021. Sidan 2016 var snittet like under 20 per dag, men sidan byrjinga av 2021 døydde rundt 100 menneske kvar dag «brått og uventa».

Sichert ser ein samanheng med mRNA-injeksjonane. Han bad gjentekne gonger om data, men førespurnadene hans vart alltid nekta. Endeleg fekk han tak i dataa via ein informasjonsførespurnad. Ved å sende ein slik førespurnad til regjeringa, kan borgarar be om meir innsyn i statlege handlingar, eller innsyn i korleis regjeringa tek ei avgjerd.

Parlamentsmedlemmen delte dataa med dataekspert Tom Lausen, som kartla dei. «Eg vart sjokkert. Eg vart verkeleg sjokkert,» sa Sichert i ein samtale med journalist Alexander Wallasch. «Eg forventa ikkje å sjå slik ein slåande auke. Det sjokkerte meg verkeleg.»

«Vi vart begge sjokkert av det. So byrja vi å undersøkje om noko slikt hadde skjedd i fortida, men vi fann ingenting som likna. Vi leita verkeleg desperat etter ein annan grunn [enn mRNA-injeksjonane; oms.an.], men vi har ikkje funne nokon.»

«Dette er sinnssjuke tal,» la Wallasch til; talet gjekk frå 17 til 100 dødsfall per dag. Ein endar opp med 36 500 dødsfall per år. «Det er regelrett ekstremt,» sa Sichert. «Det har verkeleg eksplodert.»

Talet tilfelle av biverknader gjekk òg i taket. I tidlegare år har mellom 60 000 og 70 000 menneske konsultert lege på grunn av biverknader. I 2021 gjekk talet opp til nesten 2,5 millionar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s