Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Milliardærane Bill Gates og Jeff Bezos har gått saman for å finansiere eit nytt «hjerne-datamaskin-grensesnitt» som vil late kunstig intelligens (AI) kontrollere tankane til folk.
Synchron Switch [«synkronbrytar»] er eit «hjerne-datamaskin-grensesnitt» som blir implantert i blodkara på overflata av hjernen via vena jugularis [halsvena]. ¨
Epoch Times rapporterer: So fort grensesnittet er installert, vil det oppdage og trådlaus overføre informasjon frå hjernen, noko som lèt alvorleg lamma personar kontrollere personlege hjelpemiddel utan å bruke hendene.
Midla vil bli nytta i eit avgjerande klinisk forsøk.
«Vi har eit høve til å levere eit kommersielt [hjerne-datamaskin-grensesnitt], det fyrste av sitt slag,» sa [Tom] Oxley, òg adm.dir. i Synchron, i ei melding.
«Problemet med lamming er mykje større enn folk flest er klare over. 100 millionar menneske over heile verda har svekkingar i armane,» la han til.
ARCH Managing Director Robert Nelson sa at Synchron hjelpte personar med tilstandar som ikkje kan behandlast å «gjenopprette sambandet med verda».
«Det er ei spennande tid for nevroteknologi,» sa han.
Korleis kan dette samanliknast med Musk sin Neuralink?
Kliniske forsøk er for tida undervegs i USA og Australia, og Opie seier at prosedyren var minimalt invaderande – ein faktor som han trur skil den ut frå Musk sin Neuralink.
«Vi treng ikkje fjerne skalpen og skallen eller setje elektrodar direkte på ømfindtleg hjernevev,» sa han i kommentarar som AAP hadde fått tak i.
«Vi har funne opp ein lur måte å kome oss til rett stad i hjernen berre ved å bruke kroppen sine naturleg førekomande hovudvegar og blodkar.»
Han la til at dette sikra pasientane kortare rekonvalesenstid etter prosedyren.
So langt har fire lamma australiarar fått implantat sidan dei undergjekk prosedyren ved Royal Melbourne Hospital i 2020. [Ja, du las riktig. 2020, midt under «pandemien»; oms.komm.]
«Alle desse pasientane var i stand til å kontrollere ei datamaskin med tankekraft,» sa han. «Og der var ingen alvorlege utstyrsrelaterte biverknader.»
Den fyrste amerikanske pasienten vart behandla i juli 2022 ved Mount Sinai Hospital i New York etter at Synchron fekk godkjenning frå Food and Drug Administration [FDA] i 2021.
I motsetnad til dette, ventar Musk sin Neuralink enno på godkjenning frå organet, og står òg overfor spørsmål når det gjeld moglege brot på dyrevelferdsrettar.
Musk ønskte å starte forsøk på menneske om seks månader, men likevel er det blitt rapportert at milliardæren òg gjekk til Synchron og forhøyrde seg om ei potensiell investering.
Opie seier at ein avtale ikkje ligg på bordet.
Andre investorar inkluderer Reliance Digital Health, Greenoaks, Alumni Ventures, Moore Strategic Ventures og Project X, so vel som eksisterande investorar Khosla Ventures, NeuroTechnology Investors, METIS, Forepont Capital Partners, ID8 Investments og Shanda Group.