Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
I eit innslg på Fox News-programmet «The Ingraham Angle» [«Ingraham-vinkelen»], åtvara Florida-guvernør Ron DeSantis om at eit av måla med å masseinjisere planeten mot covid er å «avfolke» den.
I eit forsøk på å ansvarleggjere dei kriminelle vaksineprodusentane og dei statlege tenestepersonane som pusha måla deira, antyda DeSantis at «globalist-elitar» pønska ut denne styggedommen som del av ein verdsomspennande folkemordinnsats.
«Du tek ei mRNA-sprøyte og måten å sjå det på er, okay, kva er fordelane?» fortalde DeSantis programvert Laura Ingraham. «Og kva er bakdelane? Og det ser ut til at det medisinske etablissementet vårt aldri ønskte å vere ærlege med folk om dei potensielle bakdelane.»
«Og so, du viste eit klipp frå dr. Ladapo her nede i Florida, og analysen som han har gjort med menneske, spesielt unge menn som har teke mRNA-sprøytene.»
Andre land har allereie trekt desse injeksjonane tilbake frå marknaden på grunn av det som har blitt avdekt, men i USA er dei ikkje berre framleis tilgjengelege, dei blir òg pusha av etablissementet.
Det er tydeleg, forklarte DeSantis vidare, at «bakdelane er fleire enn fordelane». Dette er basert på analysar frå uavhengige forskarar, der mange av dei har base utanfor USA, som tok seg tid til å etterforske desse giftene.
«Høyr, til sjuande og sist er alt vi ønskjer å kome med sanninga, å kome med nøyaktige data og nøyaktig analyse,» sa DeSantis.
«Og vi har fått med oss ein fabelaktig forskar frå Danmark, Laura, og i Danmark får ikkje dei under 50, med mindre dei har underliggjande tilstandar, mRNA-sprøytene, fordi dei har analysert dei og sagt at bakdelane er fleire enn fordelane.»
Florida opprettar delstatspanel à la CDC som vil utføre «evidensbasert medisin»
Medan somme forskarar hevdar at det å ta sprøyta, i somme tilfelle, reduserer risikoen for død, viser mange det motsette. Ikkje berre det, men nesten kvar einaste ærlege analyse avslører at å bli injisert mot kinesisk influensa [Covid-19] aukar risikoen for andre typar dødelegheit.
DeSantis påpeikte at, i motsetnad til det industrien og staten påstår, har ikkje overtaltsdødelegheit gått ned sidan lanseringa av Operasjon Warp Speed. Snarare tvert imot; der har vore mange fleire dødsfall enn vanleg over heile linja sidan sprøytene vart introduserte.
«Og so har vi no eit panel som vi har skapt i Florida, som i praksis kjem til å fungere slik eit CDC burde fungere, og i utgangspunktet praktisere evidensbasert medisin, ta studiar som motverkar forteljinga seriøst, og vere viljuge til å stille spørsmål og gå der dataa fører dei,» la DeSantis til.
Frå byrjinga, fastslo DeSantis deretter, har Florida leia vegen i å kjempe mot den føderale regjeringa sine vaksinepåbod. Sjølv om Florida innførde mange av dei same restriksjonane som resten av landet tidleg, påstår DeSantis at han kjempa mot påboden injeksjon når andre ikkje gjorde det.
«Dei autoritære var dei som ønskte å påby vaksine på menneske; eg beskytta folk frå at dette skulle skje, og sikra meg om at floridianarar burde ta sine eigne val,» sa han om ståstaden sin.
«Dei autoritære ønskte å innføre eit vaksinepass-system, nesten som eit sosialkredittsystem. Slik at dei som avveik frå dette ville bli marginaliserte [utestengde] fullstendig frå samfunnet. Vi avviste det. Og vi forbaud det. So, heilt frå byrjinga av hjelpte vi folk med å ta sine eigne avgjerder, men utan å bruke verken den tvingande makta frå staten eller å late store konsern setje vilkår for desse avgjerdene.»