Tarrare, historias største slukhals

Henta frå Quora. Omsett av saksyndig.

Dersom du nokosinne har teke ein full mage for gjeven, ver takksam for denne historia om franskmannen Tarrare.

Han vart fødd nær Lyon på 1700-talet, og guten viste allereie frå ung alder av ein uvanleg eigenskap: ein umetteleg appetitt. Som tenåring kunne han ete ein fjerdels ung okse på éin dag. So krevjande var han at foreldra hans til slutt gav opp og kasta han ut av heimen.

Etter å ha farta rundt i landet med ein bande av horer og røvarar, byrja han å opptre for ein omreisande sjarlatan. Levande dyr, korkar, steinar og korger fulle av eple fann vegen ned i magen hans, til stor glede for dei frammøtte folkeskarane.

Tarrare sin fysiske form gav få synlege hint til kva som kunne vere årsaka til hans veldige appetitt; han var eksepsjonelt tynn, og vog berre 45 kilo. Når det var sagt, hadde han ein uvanleg brei kjeft og leid av kraftig kroppslukt, noko som vart verre når han åt. Andre endringar fann òg stad. Magen utvida seg, kjakane raudna og auga hans vart blodskotne. Han såg òg ut til å vere temmeleg… enkel.

Etter tida hans i underverda dukka han opp igjen som medlem av den franske revolusjonære hæren.

Å verve seg viste seg fyrst å vere ei dårleg avgjerd, ettersom militærrasjonar gjorde ingenting for å mette svolta hans. Fyrst byrja han å ta på seg ekstra oppgåver i byte for andre sine rasjonar. Når det ikkje var nok, rota han gjennom møkkhaugar for å finne matrestar. Til slutt vart han lagt inn på militærsjukehus for ekstrem utmatting.

Og kva var behandlingsplanen hans? Firedoble rasjonar!

Dette var framleis ikkje nok. Han vandra i veg og rota gjennom bosstønner og rennesteinar, åt matrestar frå andre pasientar og sneik seg inn på apoteket for å ete grautomslag.

Militærkirurgane, forbløffa over appetitten hans, bestemte seg for å eksperimentere på han.

Fyrst ville dei sjå kor mykje han kunne ete. Eit måltid laga for å mette femten arbeidarar vart plassert på eit bord, og dei bestemte seg for å late han ete i veg. Dei observerte han medan han fortærte to store kjøtpaiar, tallerkenar med matfeitt og 12 liter mjølk, før han sovna. Deretter utførde dei andre testar.

Den medisinske staben følgde opp den fyrste testen med å gje han levande dyr. Det fyrste var ein katt. Tarrare reiv opp buken på katten med tennene og drakk blodet, før han åt alt med unntak av beina. Deretter spydde han opp igjen pelsen og skinnet. Etter det gav dei han ei firfisle, kvelpar og slangar, som alle vart etne. Han svelgde til og med ein ål heil, men ikkje før han hadde knust hovudet med tennene.

Dei bestemte seg for at denne særhåtten kunne ha militær verdi.

Framfor ei forsamling av militære kommandantar, fekk Tarrare ordre om å svelgje ein boks som inneheldt eit dokument. Som tidlegare testar hadde bekrefta, skeit han ut boksen, og dokumentet var framleis leseleg. Som belønning gav dei han 14 kilo rått kjøt, som han gafla i seg der og då.

Etter dette hadde han ein kort karriere som spion. Derimot var hans fyrste ordre å krysse prøyssiske linjer under dekke av å vere ein tysk bonde. Dette var ikkje akkurat ein dundrande suksess – lokalbefolkninga merka fort at noko ikkje stemte.

Han kunne ikkje tysk.

Han vart fanga og torturert, men gav dei aldri hemmelegheita si. Til slutt vart han beordra avretta, men prøyssarane gav etter i siste augneblunk. I staden rundjulte dei han og dumpa han utanfor dei franske linjene.

Tarrare, stadig meir desperat etter ein kur, vendte tilbake til sjukehuset og trygla om hjelp. Tobakkspiller, diettar, store porsjonar med kokte egg; dei prøvde absolutt alt. Ingenting hjelpte. Jaktvanane hans vart både stadig meir aggressive og bisarre.

Han kunne finne eigarlause hundar i rennesteinar utanfor slakteri og slåst med dei for å få innvollar frå slaktarane. Endå verre kunne han finne på å drikke blodet til pasientar som gjekk gjennom årelating, og, som prikken over i-en, pilte han i tillegg av garde til sjukehuset sitt obduksjonsrom, der han prøvde å ete lika. Etter at ein 14 månader gammal baby forsvann, mistenkte dei Tarrare, og han vart jaga ut av sjukehuset.

Tarrare døydde rundt 26 år gammal av tuberkulose. Liket hans rotna visstnok særs raskt, og ein obduksjon avdekte nokre hemmelegheiter om kroppen hans. For det fyrste var den fylt av puss. For det andre var lungene, galleblæra og den svulstdekte magen eksepsjonelt store. Fordøyingsrøyret var òg svært breitt, so breitt at kirurgane kunne sjå like ned i magen hans.

Kommentar frå saksyndig: Ein lesar skriv i kommentarfeltet at Tarrare kan ha lidd av den sjeldne genetiske tilstanden Prader-Willis syndrom, der pasienten lid av konstant svolt, gjerne kombinert med psykisk utviklingshemming. Slike pasientar blir til slutt dødeleg overvektige sidan dei mellom anna på grunn av redusert utskiljing av veksthormon legg lett på seg. I og med at Tarrare var uvanleg tynn, er det usannsynleg at han leid av den sjukdommen.

Wikipedia-artikkelen om han antydar at han kan ha lide av hyperthyreose, som gjev unormalt høgt stoffskifte. Tarrare kan òg ha ein skadd amygdala, som hjå dyr kan føre til unormalt høg appetitt. På fagspråket blir ein slik tilstand kalla polyfagi eller hyperfagi. Same kva som var årsaka til denne umettelege appetitten, har Tarrare gått inn i historia som truleg den største slukhalsen av dei alle.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s