Fauci seier at han ikkje har peiling på kvifor DeSantis ønskjer å etterforske covid-vaksinar

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Sjå òg «Guvernør Ron DeSantis set ned storjury for å etterforske Covid-vaksinebrotsverk», publisert på Saksyndig 15.desember 2022.

Dr. Fauci seier at han ikkje har peiling på kvifor Florida-guvernør Ron DeSantis ønskjer å etterforske covid-vaksinar.

Den avtroppande direktøren for National Institute of Allergy and Infectious Diseases hadde eit intervju med CNNs «At This Hour» då han kom med kommentarane.

På tysdag [13.desember 2022] lanserte DeSantis ei offisiell etterforsking rundt dei eksperimentelle mRNA-vaksinane, og dei kriminelle udådane som vart utførde av Big Pharma og dei statlege byråa som pressa dei på folket.

Breitbart rapporterer: Anker Kate Bolduan sa: «Florida-guvernør Ron DeSantis ber no Høgsteretten i Florida om å gje grønt lys for ei etterforsking rundt, og dette er slik han formulerte det, kvar ein udåd i Florida relatert til Covid-19-vaksinen. Kva er din reaksjon på det?»

Fauci svarte: «Eg har ikkje peiling, Kate, kva han ber om. Vi har ein vaksine som utan tvil er høgst effektiv og trygg, og som bokstavleg tala har redda millionar av liv. Commonwealth Fund har gjeve ut ein rapport no i veka der det står at vaksinasjonar har redda 3,2 millionar liv, 18 millionar sjukehusinnleggingar og rundt ein billion i kostnader. So kva er problemet med vaksinar? Eg meiner, vaksinar reddar liv. For å vere heilt ærleg, Kate, so er eg ikkje sikker på kva dei prøver seg på der nede.»

Han la til: «Det har blitt politisert, og politisert på ein måte som faktisk har kosta liv. Dersom folk ikkje blir vaksinerte, som utan tvil reddar liv, på grunn av politisk ideologi eller på grunn av feilinformasjon og desinformasjon, so vil det koste liv. Vi må berre få ned oss det amerikanske folket, uavhengig av om du lener deg mot venstre eller høgre, det speler ikkje noka som helst rolle; vi står alle oppi dette saman, vi er alle menneske og tilbøyelege for sjukdom som kan drepe oss.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s