Det måtte skje til slutt: Resett må leggje ned

14.desember 2022 kom styret i nettavisa Resett med meldinga om at dei skal leggje ned. Grunnen skal vere at dei ikkje har greidd å rekruttere ein ny ansvarleg redaktør med pressefagleg bakgrunn. Som dei sjølv skriv:

«En forutsetning for videre satsning i Resett har vært rekruttering av ny ansvarlig redaktør med pressefaglig bakgrunn. Dette har dessverre ikke latt seg gjøre innenfor de gitte økonomiske rammer. Styret velger derfor å melde oppbud i selskapet i dag, onsdag 14.12.»

Dei nyttar òg høvet til å takke alle bidragsytarar og lesarar, «og synes det er trist at Resett som en av de få som har talt makten og de etablerte narrativ midt i mot, nå må legge ned. Ytringsfriheten og demokratiet, som allerede er under sterkt press i Norge, blir en stemme fattigere.»

I juni fekk grunnleggjar og redaktør Helge Lurås sparken frå avisa på grunn av ein mykje medieomtala konflikt mellom han og styret. Styret utnemnde deretter Henrik Werenskiold som dagleg leiar og Maria Zähler som ansvarleg redaktør. Ifølgje iNyheter var dei to «delaktige i de interne konfliktene i Resett før Lurås fikk sparken». Lurås er no eigar og redaktør av nettavisa iNyheter, som han lanserte i slutten av august i år.

Vidare skriv iNyheter:

«Tidlig i oktober ble det så kjent at selskapet var nær konkurs. Men en av aksjonærene, Petter Inge Remøy, gikk da inn og kjøpte opp aksjene for en symbolsk sum. Han gikk ut og sa han ville forsøke å redde nettavisen.»

Tidlegare etterretningsoffiser Helge Lurås lanserte Resett i august 2017, og i byrjinga var kjendisinvestorane Øystein Stray Spetalen og Jan Haudemann Andersen med. iNyheter skriv at Spetalen selde aksjane sine i februar 2018, medan Jan Haudemann Andersen selde aksjane sine til Remøy i oktober i år.

Ifølgje kommentarfeltet i iNyheter til artikkelen om Resett sin undergang, skal nettavisa ha praktisert streng sensur og utestenging av meiningsmotstandarar, spesielt relatert til utestadsepisoden mellom ein kjend norsk komikar og ein berykta kvinneleg islamist.

I følgje ein annan lesar skal artikkelen på Resett sine eigne nettsider om at dei er konkurs ha fått mange «likes». Per 15.desember 2022 har 70 gjeve tommelen opp, 70 har sokalla latterfjes, medan 38 har smil med hjarte i auga. 237 har uttrykt tristheit. Det er i skrivande stund ikkje komne nokon kommentarar på Resett-sida om nyheita.

Etter mitt syn har Resett i lengre tid vore eit søkkande skip. Grunnen er at dei har ofra sin eigenart og si motstemme i eit desperat forsøk på å bli del av det venstrestyrte hovudstraumsmedia, og ikkje minst få pressestøtte. Pressestøtte blir berre gjeve til medieformidlarar som er lojale mot styresmaktene og det rådande globalistiske verdssynet. Dei som taler øvrigheita imot får ikkje fem øre. Mange mistenkjer at Resett tidleg vart sokalla «kontrollert opposisjon», eller var det heilt frå byrjinga av, mest på grunn av Lurås si tilknyting til etterretning. Sidan stoda i nettavisa faktisk vart verre etter at Lurås vart fjerna, korleis skal det tolkast? Vart Lurås fjerna fordi han ikkje lenger ville følgje instruksar frå sine «overordna», eller vart avisa dødsdømt so fort «nøkkelmannen» vart fjerna av illojale underordna som ikkje er innanfor «systemet»? Same kva side ein ser det frå, so har denne saka teke ei interessant vending.

Det som er sikkert, er at Resett på eit tidspunkt feiga ut og byrja å breke i kor med resten av hovudstraumsmedia. Nokon gav etter for mektige krefter i den norske djupstaten. Vil Lurås sitt nye prosjekt iNyheter levere den motstemma vi treng, eller har «dei» funne eit nytt medium som offiser Lurås kan bruke som statslønt «kaosagent»? Og kva vil skje med dei som konspirerte for å få Lurås sparka som redaktør frå Resett, som han sjølv grunnla? Det vil berre tida vise. Resett sin undergang er eit faktum, og Saksyndig kjem ikkje til å sakne dei.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s