Bill Gates teken på fersken i å planleggje med sin inste sirkel «katastrofal smitte» som drep «millionar av barn»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Bill Gates har blitt teken i å sikte seg inn mot unge menneske og barn i ei dystopisk førebuingsøving ved namn Catastrophic Contagion [«katastrofal smitte»]. Gates prøver desperat å stoppe all informasjon om dette urovekkjande toppmøtet frå å leke ut til folket, men uheldigvis for han er der no for mange modige menneske som har bestemt seg for å eksponere vondskapen hans for verda.

Takka vere modige varslarar har vi fått all informasjonen du treng om «Catastrophic Contagion», men lat oss fyrst ta ein titt på Gates når det gjeld kva han kallar «førebuingsøvingar».

Hugsar du «Event 201», ei førebuingsøving med ein koronaviruspandemi, som vart utført i oktober 2019 under oversynet til World Economic Forum og Bill and Melinda Gates Foundation, og som involverte dei vanlege mistenkte, inkludert Verdas helseorganisasjon, Det kinesiske CDC, Anthony Fauci og andre?

Taiminga var fabelaktig, og covid-19-pandemien starta nokre veker etter øvinga og gjekk føre seg nøyaktig slik dei spådde at den ville gjere. Den globalistiske eliten var i himmelriket. Word Economic Forum kunne ikkje motstå freistinga til å skryte over situasjonen, og song lovprisingar om «brutalt effektive» nedstengingar.

Gjennomsnittspersonen vart skremt inn i underdanig lydigheit av hovudstraumsmedia, som skamlaust tente som tenestejenter for eliten. Vi vart stengde ned, straffa, gjort sjuke, injiserte og gjort fattige. Dei økonomiske konsekvensane for kvarmannsen har vore katastrofale og held fram med å vekse.

I tilfelle du tviler på at eliten er glade for dette, ta ein ditt på Bill Gates sitt psykopatiske smil når CNN-vert Fareed Zakaria seier at økonomien kjem til å ta lang tid på å kome seg igjen.

Naturlegvis vart dei rike rikare. Eliten er no meir elite enn dei nokosinne har vore.

Og naturlegvis trong ikkje elitane sjølve å lide seg gjennom straffande nedstengingar. Verdas helseorganisasjon og World Economic Forum har begge base i Sveits, som tilfeldigvis var eit av dei få landa som ikkje handheva nedstengingar og munnbindpåbod.

Det er éin regel for kong Salomo og ein annan for Jørgen hattemakar.

Med tanke på kva menneskeheita har blitt tvinga til å gå gjennom dei siste åra, er det særs viktig at vi følgjer nøye med på handlingane til dei som profitterte på pandemien.

Spesielt burde du vere obs på at Bill Gates nettopp utførde ei anna øving, passande kalla «Catastrophic Contagion» 23.oktober 2022.

Bill sjølv dukka opp for å utføre «skrivebordsøvinga» med avgangselevar frå verda av biotryggleik og global helse, inkludert ti noverande og tidlegare helseministrar og senior-helsetenestepersonar frå ei rekkje WEF-infiltrerte land, inkludert Tyskland, Singapore og India.

Kva dreiv «Catastrophic Contagion» og planla? Dei planla ein alvorleg pandemi, verre enn covid-19, som hadde som mål unge menneske og barn.

Ifølgje Gates lener «leksa som er lært» seg tungt på ei mykje hardare linje mot sokalla «feilinformasjon» enn under covid-pandemien. Korleis speler dette seg ut i den verkelege verda? Det tydar at der vil kome endå meir sensur og undertrykking av frie ytringar når den neste pandemien blir rulla ut.

Trass alt, under denne pandemien vann covid-skeptikarane, noko som ikkje er akseptabelt for Bill Gates. Trass at vi hadde heile hovudstraumsmedia og den globale autokratiske kontoll-infrastrukturen stabla opp mot oss, greidde vi å halde ut ved å nekte å late oss mobbe og bli stilna av deira autoritære taktikkar.

So, Bill Gates driv og planlegg den neste katastrofale pandemien, som drep unge menneske, der ein vil føreta ein mykje sterkare kontroll av feilinformasjon. Ifølgje Gates må land prioritere tiltak for å auke tillit til styresmaktene og folkehelsa.

Dersom du lurer på korleis det ser ut, ta ein titt på WEF-infiltrerte New Zealand, der venstreorienterte og autoritære Jacinda Ardern tek tipsa sine direkte frå speleboka til Klaus Schwab.

Styresmaktene er di «einaste kjelde til sanning», ifølgje Ardern, som påstår at «med mindre du høyrer det frå oss, er det ikkje sanning».

Det var den same Jacinda Ardern som skrytte over at ho har direkte tilgang til Facebook sin sensurportal.

Det gjev meining av den globale eliten er bestemt på å slå ned endå hardare på frie ytringar. Bill Gates og partnarane hans innser at når covid-skeptikarar vinn slaget og tek over heile sosiale nettverk, må dei framtidige slaga mot «feilinformasjon» involvere mykje tyngre våpen.

Her held Bill tale på sitt «Catastrophic Contagion»-arrangement. Han forsikra seg om at det ikkje finst nokon opptak av kva han stod der og sa.

Gates forstår no at vi er på sporet av han. Lat oss innsjå det: det er rett og slett altfor mange samantreff når det gjeld Gates til å late han arbeide stille i skuggane utan å følgje nøye med på kva han driv med.

Han har ei nifs evne til å «spå» framtidige pandemiar. I tillegg til å førebu ein covid-19-pandemi via Event 201, utførde han òg ei «apekopp-førebuingsøving» i 2021 som spådde framkomsten av apekoppar heilt ned til den nøyaktige månaden det fann stad!

Bill Gates er ein briljant investor, på linje med Nancy Pelosi. Han kjøpte seg inn i eit so godt som ukjent oppstartarføretak ved namn BioNTech berre to månader før covid-19-pandemien starta, og tente godt over ein milliard dollar. Hugs at BioNTech lagar Pfizer covid-vaksinen – trass at dei aldri har jobba med vaksinar før pandemien.

Taiminga til investeringa hans viser hans eksemplariske framsyn! Ein må stille seg spørsmålet… Kva visste Bill?

So eg tilrår dykk å lytte nøye når Bill Gates spår ein framtidig pandemi. Han veit noko som vi kanskje ikkje er merksame på.

Og han kan ikkje styre seg i skryte over «den neste».

Når verda held fram med å vakne opp til brotsverka til den globalistiske eliten og folkehumøret blir verre, driv eliten og sår frø om ideen rundt eit «covid-amnesti» for elite-avgjerdstakarane som øydela millionar av liv ved å handheve drakoniske nedstengingar, munnbind på barn og barbariske vaksinepåbod.

Ifølgje ein viral artikkel i Atlantic, burde eliten, inkludert dr. Anthony Fauci, Bill Gates og Joe Biden for å nemne nokon, bli gjevne amnesti mot straffeforfølging ettersom meir og meir bevis på deira feilhandtering og regelrette kriminalitet held fram med å dukke opp.

Det høyrest ut som om eliten er klare over at demninga er i ferd med å breste, og at deira pandemiske brotsverk held på å bli eksponerte for hovudstraumen. Og eliten er med rette vitskremde av at massane lærer, vaknar opp og reiser seg mot dei.

Med tanke på alt vi har vore gjennom dei seinare år, forventar dei verkeleg at vi skal tilgje eliten som, igjen og igjen, viste seg å vere inkompetente i beste fall, og i mange tilfelle regelrette tyrannar? Absolutt ikkje. Forventar dei at vi skal slette rullebladet til dei som er ansvarlege for å overlate sjuke barn til å rotne vekk i sjukehus mutters åleine, for å skilje ektemann frå kone, for å stoppe familiar frå å halde hendene til døyande eller samlast i gravferdene deira? Nei, nei og igjen nei.

Etter påbod tvinga folk ut i arbeidsløyse, øydela levebrød og liv, og vaksinane vart avslørt som å mislykkast i å stoppe overføring, forventar dei verkeleg at vi skal slutte med å stille spørsmål om dei potensielle biverknadene, eller forholdet mellom Big Pharma-selskap og FDA?

Skal vi verkeleg late nåde gå for rett når det gjeld munnbind og nedstengingar som vil setje elevar tilbake i eit tiår, som knuste verksemder over heile landet, som mangedobla fortvilingsdødsfall?

Vi må halde oss vakne og halde auge med kva globalisteliten driv på med. Med tanke på deira kløyvde tunger er det ikkje ei enkel oppgåve, og krev ein armé av sanningssøkjarar.

Vi må nå ut til so mange menneske som mogleg før det er for seint.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s