Den newzealandske regjeringa påstår at dei som snakkar ut mot Covid-19-nedstengingar har blitt «radikaliserte».
Henta frå Infowars. Omsett av saksyndig.
Venner og familiemedlemmer som stiller spørsmål ved Covid-19-påbod, inkludert påbodne vaksinar, burde bli rapportert inn til styresmaktene som potensielle «terroristar», seier den newzealandske regjeringa.
New Zealand sin Security Intelligence Service kom ut med ein bulletin der dei seier at alle med avvikande politiske synspunkt har blitt «radikalisert» og ber folket om å rapportere vennene sine og familiemedlemmer dersom dei stiller spørsmål ved statlege forteljingar.
«So det kan vere Covid-tiltaka som staten innførde, eller det kan vere annan politikk som blir tolka som å gripe inn i rettar, og det er stundom det eg skildrar som ei ‘salig røre’ av ideologiar og meiningar drivne av ‘konspirasjonsteoriar’,» fortalde etterretningssjef Rebecca Kitteridge til media.
Bulletinen får oss til å tenkje på det amerikanske Department of Homeland Security (DHS) sitt dokument som vart leke til Infowars i 2009, der eigarar av skytevåpen vart demoniserte som «ekstremistar».
«Mange høgreorienterte ekstremistgrupper oppfattar nyleg lovgjeving knytt til skytevåpen som ein trugsel mot retten deira til å bere våpen, og som respons har dei byrja å hamstre våpen og ammunisjon, so vel som fornya deltaking i paramilitære øvingar,» stod det i dokumentet. «Slik aktivitet, kombinert med forhøga nivå av ekstremist-paranoia, har potensial til å gjere det enklare å utføre kriminelle aktivitetar og vald.»
I tillegg publiserte Missouri Information Analysis Center (MIAC) òg i 2009 ein rapport som hevda at folk som likar libertarianske politiske kandidatar slik som Ron Paul og Bob Parr òg var potensielle «innanlandsterroristar».
MIAC-rapporten var del av eit forsøk frå DHS på å «samle inn, evaluere, analysere og plukke frå kvarandre informasjon og etterretning» om libertarianarar og konstitusjonalistar, inkludert forkjemparar for Second Amendment [som regulerer retten til å eige og bere skytevåpen; oms.an.].