Twitter-filene beviser at FBI laug til Big Tech for å stele val

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Mykje ser dagens lys via Twitter-filene, inkludert fjell av bevis som impliserer den sosiale medieplattforma til ting som sensur, svartelisting og barneporno. Du kan òg leggje til valinngrep gjort av FBI til den lista, ifølgje det siste sleppet av filer.

Vi veit no at FBI greip inn i 2020-valet ved å lyge til tech-gigantar om Hunter Biden laptop-skandalen. Ikkje berre Twitter, men òg Facebook og mange andre var på mottakarsida for desse FBI-løgnene.

Hunter sin laptop dukka opp i nyheitssyklusen 14.oktober 2020, då New York Post publiserte ein artikkel om den ved namn «Smoking-Gun Email Reveals How Hunter Biden Introduced Ukrainian Businessman to VP Dad». Som tittelen antydar, beviste desse e-postane at Hunter og hans kriminelle far Joe var engasjert i djupstatsforræderi.

E-postar, tekstmeldingar og videoar henta frå harddisken til Hunter sin laptop inkriminerer fullt og heilt sonen til den falske presidenten, so vel som den falske presidenten sjølv. Og likevel påverka FBI Twitter og andre sosiale medieplattformer til å sensurere det som «falske nyheiter».

Ved å bruke sin «hacka materiale»-policy som ei orsaking, utførde Twitter systematisk utestenging av New York Post-historia, slik at den ikkje kunne delast. Dei suspenderte til og med den offisielle kontoen til avisa som straff.

Jim Baker, Twitters dåverande Deputy General Counsel, saman med Yoel Roth, Twitters dåverande leiar for «Trust and Safety», var begge einige om at New York Post-artikkelen måtte sensurerast. Roth erkjende at situasjonen var «i ferd med å dukke opp», men sa at «fakta forblir uklare» – og det var det.

Baker var einig i at «vi treng fleire fakta for å vurdere om materialet var hacka», og la til at «det er rimeleg for oss å anta at dei kan ha vore det, og at ein gjer rett i vere varsam».

«Der er somme fakta som indikerer at materialet kan ha blitt hacka, medan der er andre som indikerer at datamaskina anten vart forlaten og/eller at eigaren samtykte til å late PC-butikken få tilgang til den i det minste for somme føremål. Vi treng rett og slett meir informasjon,» sa Baker vidare.

Hjelpte FBI til med å stele 2020-valet for Biden og kriminalitetsfamilien hans?

Det viser seg at ingen av dokumenta som vart skaffa frå Hunter sin laptop var hacka. Den uavhengige journalisten Matt Taibbi oppdaga via Twitter-filene at verken Baker eller Roth sat på nokon vesentlege bevis som antyda at «fakta» som vart skaffa frå Hunter sin laptop var hacka.

Sjølv om «fleire kjelde erindra å høyre om ei ‘generell’ åtvaring frå føderalt politi den sommaren om moglege utanlandske hackingar, er der ikkje nokon be is – som eg har sett – på noko som helst statleg involvering i laptop-historia,» klargjorde Taibbi vidare.

Drivkrafta bak «hackar»-forteljinga var FBI, som gav ei åtvaring til Twitter og andre om at Hunter laptop-historia og det som vart avslørt rundt den var ein «trugsel». Dette dreiv dei til å straks lyde og sensurere historia.

«På dette punktet hadde den føderale regjeringa på liknande vis fått selskapa til å sensurere slik visstnok vondsinna forstyrring av vala våre, som igjen er nøyaktig det Twitter og Facebook gjorde då historia kom ut,» legg Margot Cleveland, ein skribent for The Federalist, til.

Det viser seg at Roth innrømte alt dette i eit brev frå 21.desember 2020 til Den føderale valkommisjonen [Federal Election Commission, FEC], der det var vedlagt ei underskriven erklæring frå Roth. Roth skreiv at «sidan 2018 har vi hatt jamlege møte med Kontoret til direktøren for nasjonal etterretning [Office of the Director of National Intelligence], Department of Homeland Security, FBI og industrifagfellar når det gjeld valtryggleik.»

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s