Av S.D. Wells, Natural News. Omsett av saksyndig.
Kva skjedde med «følg vitskapen»? Besøk kva som helst slags legekontor, klinikk eller sjukehus i USA akkurat no, og ingen krev at besøkande, pasientar, legar eller sjukepleiarar skal gå med covid-masker [munnbind] lenger. Spør dei kvifor, og dei vil svare «fordi dei ikkje eigentleg fungerer». Ifølgje NIH og ein diger internasjonal studie av fagfellevurdert munnbindforsking, er nesten alle covid-masker ubrukelege mot infeksjon og overføring av virus.
Alle saman innrømmer det no, og sidan alle tok feil om munnbinda, kunne dei ikkje då òg ha teke feil om sprøyta? Covid-kulten har blitt offer for sine eigne samankokte konspirasjonsteoriar, men for so mange er det for seint, sidan dei allereie har blitt injisert fleire gonger med cellemuterande «teknologi» som kan øydeleggje helsa deira for alltid. Handla alt berre om politikk og befolkningskontroll?
Underdanige amerikanske allopatiske massar gjer berre det dei blir fortalt av kommunistar og globalistar, men kor langt vil dei gå?
Fauci-kulten var «all in» med tullepåboda for bløffdemien, inkludert nedstengingar, sosial avstand, maskering, vaksinasjon, oppfriskningsdosar, Remdesivir, respiratorar, og det å bruke uvaksinerte som syndebukkar for kvar einaste sjukdom og dødsfall. Det var som eit moderne Holocaust, men ironisk nok er forfølgjarane offera denne gong. Innser dei no kva som skjer med dei? No når dei innser at heile munnbindgreia var ein bløff, innser dei at piggprotein-prion-sprøytene var ein bløff òg? Ingen røyk utan eld, hugsar de.
No beviser fagfellevurdert, omfattande forsking på meir enn 75 munnbindstudiar som del av ein metaanalyse, med randomiserte, kontrollerte forsøk, at munnbind alltid har vore so godt som ubrukelege. Forkjemparar for naturleg helse og sanningsmedia har sagt dette sidan dag éin. Kvar gong hovudstraumsmedia (falske nyheiter), alt av sosiale media, det medisinsk-industrielle komplekset, og det vaksine-industrielle komplekset satsar alt på ei forteljing, kan ein vere nesten 100% sikker på at alt berre er tull, og meint å øydeleggje liv, fjerne menneskerettar og vidare rasere Republikken.
Pluss, no når Washington DC er styrt av kommunistar, er det openbert at covid-munnbind var del av «speleboka», det kommunistiske manifestet, der heile befolkninga må sjå like ut, ha ingen kultur, ingen personlegdom, ingen pengar, ingen føretak og ingen helsefridom. So i staden for å stå opp for rettane sine og helsefridom, gav fleirtalet av amerikanarar seg over, eller vart hjernevaska til å gå med bakterie-framkallande masker som forårsakar falsk-positive PCR-testar, noko som tente som drivstoff for bløffdemien til å bli ein større katastrofe.
Er legar, sjukepleiarar og pasientar no opprørte over at dei vart narra til å «følgje vitskap» som ikkje eksisterte?
Den mest ironiske delen av heile bløffdemien er at dei som styrte helseomsorga i dette landet no innser at dei vart bondefanga av forfalska vitskap og Fauci-løgner, men likevel verkar dei ikkje opprørte eller uroa av alt saman. Dei berre viftar det vekk som om det var ein liten feil som nokon ein eller annan stad gjorde, og dei er tilbake i same tralten igjen. Vent, kva? Dette er ikkje ein bagatellmessig liten feil der ein hudlege fjerna feil føflekk, eller ein sjukepleiar gav ein pasient feil type smertestillande.
Dette er ei komplett nasjonal krise, der folk blir feildiagnostisert for ein pandemi, behandla med dødelege legemiddel, kvelt til døde med respiratorar, og injisert med dei farlegaste «vaksinane» som nokosinne har blitt laga. Fleire hundre millionar menneske rundt om i verda miste jobbane sine på grunn av ein forfalska pandemi. Millionar av helsepersonell fordømte alle som ikkje lydig gjekk med ei ubrukeleg maske, tok dødelege piggprotein-injeksjonar og heldt seg på to meters avstand frå andre folk (falsk flokkteori som òg vart trekt ut av ingenting).
Skal vi alle liksom berre akseptere at dei seier «ops, sorry, folkens»? Det er på tide med søksmål og straffeforfølging av dei skuldige. Hitler sine «nikkedokker» fekk ikkje lov til å hevde at dei «berre følgde ordre» etter Holocaust. Korleis er dette noko annleis? Som det viser seg, tydar «følg vitskapen» å underkaste seg befolkningsreduksjon ved hjelp av vaksinepåbod.