Moderna-sjef Stephane Bancel skrytte til WEF-oppmøtte om at han spådde ein «milliard-dollar»-pandemi i 2019

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

På dette årets årlege World Economic Forum (WEF)-konferanse i Davos, innrømte Moderna-leiar Stephane Bancel til CNBC at han gav staben sin ordre om å produsere «vaksinar» for Wuhan koronavirus (Covid-19) i slutten av 2019, berre nokre månader før det sokalla «viruset» dukka opp.

Etter å ha tidlegare hevda at han fyrst høyrde om covid i januar 2020, seier Bancel no at han visste at eit koronavirus var på veg, og at Moderna måtte byrje å produsere injeksjonar for den komande «milliard-dollar»-pandemien som han på eit eller anna vis visste ville kome.

«Då [covid]pandemien skjedde, hadde Moderna laga hundre tusen dosar i 2019 for heile året,» fortalde leiaren til den falske finansmedieformidlaren [CNBC].

«Og eg hugsar at eg gjekk etter dei inn på kontoret til min andre produsent, og eg seier ‘korleis tener vi ein milliard dollar neste år?’ Og dei ser litt rart på meg og seier ‘Kva?’, og eg seier ‘ja, vi må tene ein milliard dollar neste år; det kjem til å kome ein pandemi’.» (Relatert: Etter nokre månader utviklar dei som blir injisert med Moderna autoimmun sjukdom.)

Moderna har aldri hatt eit vellykka legemiddelprodukt, trass at dei håvar inn milliardar i profitt

Ein kan svakt argumentere for at Bancel rett og slett var opprømt over at selskapet hans produserte «livreddande» injeksjonar for verda, og at pengane berre var glasur på kaka. Men det er ikkje korleis han ordla seg til sine tilsette, og var altso grunnen til at dei «såg rart» på han.

I 2020 publiserte Boston Magazine ein vesentleg annleis versjon av hendingane enn kva Bancel sa på Davos no i år. Tilbake då skreiv Bancel visstnok til National Institutes of Health (NIH)-visedirektør Barney Grayham straks etter at han høyrde gjete om den «virale pneumonien» i Kina i januar 2020.

«Dersom det er eit koronavirus, veit vi kva vi skal gjere og har bevist at mRNA er effektivt,» skal Graham ha sagt til Bancel den gongen.

På Davos i år innrømte Bancel at han var ivrig etter å håve inn ein milliard dollar raskt, og visste at ein «pandemi» snart ville dukke opp som gjorde det mogleg. Ved hjelp av Donald Trump var Moderna i stand til å delta i Operasjon Warp Speed, og resten er historie.

Før dei sleppte laus covid-sprøyta si, hadde Moderna aldri vellykka produsert so mykje som eit einaste legemiddelprodukt. Med tanke på at covid-sprøyta deira òg er mislykka, truleg bevisst, har Moderna enno til gode å vellykka produsere noko som helst med effekt eller verdi.

Likevel har selskapet generert milliardar av dollar i profitt medan dei fleire titals millionar menneske som tok covid-injeksjonen, no er sjuke eller døyr av vaksineindusert AIDS (VAIDS).

«…so lenge folk som Bancel og Pfizer-direktør Albert Bourla held fram med å sleppe unna reell mediegransking, kan vi aldri få greie på rekkja av hendingar som førde desse menneska og konserna deira til å tene milliardar på teknologi som framleis ikkje hadde blitt utbreitt testa, over lang tid,» seier Catherine Salgado, som skriv for The National Pulse.

I kommentarfeltet la nokon til at Moderna laga sin covid-injeksjon på rundt 48 timar med absolutt inga langtidstesting, men fekk likevel hasteinnføre den på marknaden under dekket av nasjonal unntakstilstand, som Trump erklærte 13.mars 2020, før han seinare lanserte Operasjon Warp Speed.

«Eg kjem aldri til å ta ein vaksine igjen,» la denne personen til. «Den siste eg tok var 10 år sidan, ei stivkrampesprøyte. Det medisinske etablissementet har fullstendig tapt tilliten vår, sidan dei er ingenting anna enn salsagentar for Big Pharma.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s