Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.
For å kome til botnen av covid-19 er det best å følgje pengane. 1.februar 2020 hadde dr. Michael Farzan, dr. Kristian Andersen og dr. Robert Gerry eit møte med dr. Anthony Fauci, dåverande direktør i National Institute of Allergy and Infectious Disease (NIAID), som då òg var leiar i den føderale regjeringa sin koronavirus-oppdragsstyrke og portvakta for fleire titals millionar dollar i føderale legat.
Desse legane møttest via telekonferanse som vart organisert av Fauci for å respondere på den stadig aukande offentlege førespurnaden rundt opphavet til SARS-Cov-2. På den tida var dei tre legane bekymra for om SARS-CoV-2 var resultat av ein laboratorielekkasje. Derimot vart ikkje desse bekymringane offentleggjorde på det viktige tidspunktet i historia. All evidens viser at dei vart kjøpte og betalte av Fauci og NIH.
Fauci si offentleggjorde avfeing av covid-19-opphav inkluderte hans bruk av NIH-midlar til å bestikke vitskapsfolk
Desse vitskapsfolka fortalde Fauci og hans seniorrådgjevarar at dei var «60 til 80% sikre på at covid-19 hadde kome frå eit laboratorium». Dette faktumet vart ikkje gjort kjent før ein Freedom of Information Act (FOIA)-førespurnad vart sendt inn eit år seinare. FOIA-førespurnaden eksponerte Fauci sin e-post-korrespondanse med vitskapsfolka på den tida. Likevel avfeia Fauci laboratorieopphav som ein «konspirasjonsteori», og Big Tech følgde etter ved å forby kvar ei etterforsking rundt temaet. I tillegg diskuterte Fauci ei «publisert nedtaking» av lab-lekkasjeteorien med NIH-direktør Francis Collins, medan han la lok på alle vitskaplege førespurnader rundt NIH-finansiering og overvaking av koronavirusrelatert gain-of-function-forsking i Wuhan, Kina.
Etter 1.februar-telekonferansen vart vitskapsfolka som hadde legitim bekymring om ein lab-lekkasje heilt stille om det, og i staden pusha dei forteljinga om at SARS-CoV-2 hadde eit «naturleg opphav». Kvar ei nemning av ein lab-lekkasje eller førehandsplanlegging av covid-19 vart hengt ut som «konspirasjonsteori».
Dr. Garry innrømte nyleg at etter 1.februar-telekonferansen, vart han og dei andre vitskapsfolka instruerte til å ikkje skrive nokon artikkel i det heile – det er unaudsynt, eller «Dersom de skriv det, ikkje nemnt eit lab-opphav sidan det berre vil gje konspirasjonstilhengjarane meir å gå på».
Dei bekymra vitskapsfolka publiserte ein artikkel rett etter Fauci-telekonferansen – «The Proximal Origin of SARS-CoV-2» – der dei fordømde laboratorielekkasjen som «usannsynleg». No har vi fått greie på at etter telekonferansen fekk desse same vitskapsfolka ni millionar dollar frå Fauci og NIH. Faktisk, i løpet av 2020 og 2021 fekk fleire vitskapsfolk som var sentrale i å pushe «naturleg opphav»-forteljinga over 50 millionar i NIAID-midlar.
Fauci finansierte over 30 studiar om koronavirus-engineering
I Kongress-høyringar dei siste tre åra har dr. Fauci spelt dum når det gjeld koronavirus-engineering, sjølv om han finansierte over tretti studiar rundt temaet og vart personleg takka av Wuhan-virologar. Dersom nokon skulle snakke ut om koronavirusrelatert gain-of-function-forsking, burde det vere Fauci. Fauci prøver å lyge om definisjonen på gain-of-function-biovåpenforsking, sjølv om NIH utvikla eit smutthòl for å kome utanom forbodet mot gain-of-function-forsking i USA. Fauci gjekk òg gjennom ein fleirdisiplinær gjennomgangsprosess for midlar på departementsnivå for å kome utanom forbodet mot gain-of-function-forsking. Dokument frå Health and Human Services [det amerikanske helsedepartementet] avslører rammeverket der dei som finansierte fekk godkjenning til å «skape, overføre eller bruke» potensielle pandemiske patogen. I dag trur Biden-regimet framleis at gain-of-function-forsking burde halde fram.
Dr. Makary ved John Hopkins [universitet], som har stått mot Fauci og korrupsjonen i regjeringa, sa det best i ei nyleg høyring:
«Grunnen til at dette i det heile teke er eit tema, er at det er flaut at vi finansierte laboratoriet. Dersom vi ikkje hadde finansiert laboratoriet, hadde 100% av amerikanarane sagt «dette er openbert, dette er ein no-brainer». Episenteret til verda ligg åtte kilometer unna eit av dei einaste høgnivå-virologi-laboratoria i Kina. Legane vart fyrst arresterte og tvinga til å skrive under på dokument som gav dei munnkorg. Labrapportane har blitt øydelagde. Dei har ikkje blitt gjevne ut. Sekvensane som vart rapporterte frå laboratoriet til NIH-databasen vart sletta etter førespurnad frå kinesiske vitskapsfolk som tidleg ringde og bad dei slette sekvensane som dei la inn i databasen. To leiande virologar… dr. Michael Farzan frå Scripps og dr. Robert Garry frå Tulane… fortalde dr. Fauci i denne hastesamtalen i januar 2020 då han rota rundt etter å ha fått greie på at NIH finansierte laboratoriet. Begge sa at det sannsynlegvis kom frå laboratoriet. Begge vitskapsfolka skifta tone seinare i media. Og deretter fekk begge vitskapsfolka ni millionar i etterfølgjande midlar frå NIH.»