Ukraina-konflikten og ansvaret til makthavarane

av Thierry Meyssan, VoltaireNet. Omsett av Monica Sortland for Derimot.

Atlanterhavsalliansen forherligar Ukraina på eittårsdagen for den russiske militære intervensjonen på territoriet. Rett framfor auga våre ser vi at dei tyr til den meste bedragerske propaganda, med utstuderte utelatingar og iblant løgner. I motsetning til det dei påstår, var denne krigen aldri illegal, sjølv om den i dag ikkje lenger verkar nødvendig, og burde bli stoppa. Men årsakene til krigen er framleis dei same, og Kreml ventar ein ny runde, ikkje for å annektere Ukraina eller Moldova, men for å redde Transnistria.

Den første årsdagen til den militære konfrontasjonen mellom aust og vest i Ukraina, var ein sjanse for Vesten til å overbevise folket sitt om at dei var «på den rette sida av historia» og at dei «uunngåeleg ville sigre».

Ingenting av dette overraskar. Det er normalt at regjeringar opplyser om sine aktivitetar. Bortsett frå at informasjonen i dette tilfellet gjennom utelatingane blir til løgner, og kommentarane blir til propaganda. Ein opplever ei slik omrokkering av realitetane, at ein kan spørre seg om ikkje dei slagne i Andre verdskrig i dag har kome til makta i Kiev.

«Russlands illegale, urettferdige og uprovoserte krig»

All Vestleg intervensjon hevdar at vi fordømmer «den illegale, uprovoserte krigen til Russland som ikkje kan rettferdiggjerast»  [1]. Dette er faktamessig feil.

La oss sette til sides premissen « som ikkje kan rettferdiggjerast». Den refererer til ei uanstendig moralsk haldning. Ingen krig er rettferdig. Alle krigar er resultat av ikkje ein feil, men av vanlagnad. La oss eksaminere premissen «uprovosert».

Ifølge russisk diplomati starta problemet med USA/Canada-operasjonen i 2014 og styrtinga av den demokratisk valde ukrainske presidenten, Viktor Janukovytsj, i brot på Ukrainas suverenitet, og såleis på FN-pakta. Det kan ikkje nektast for at Washington spelte ei avgjrande rolle i denne såkalla «vyrdnadsrevolusjonen»: den gong assisterande utanriksminister for Europa og Eurasia, Victoria Nuland, viste seg i spissen for kupp-makarane.

Ifølge kinesisk diplomati, som nett har publisert to dokument om emnet, bør ein ikkje stoppe ved denne operasjonen, men gå tilbake til «Oransjerevolusjonen» i 2014, også organisert av USA, for å slå fast kva som var det første brotet på ukrainsk suverenitet og FN-pakta. Når Russland ikkje nemner det, er det naturlegvis fordi dei og spelte ei rolle der, noko dei ikkje gjorde i 2014. 

Folk i Vesten er så sjokkerte over kor lett USA manipulerer mobb og styrtar regjeringar at dei ikkje lenger er medvitne om kor alvorleg dette er. Frå styrtinga av Mohammad Mossadegh i Iran i 1953 til styrtinga av Serge Sarkissian i Armenia i 2018, har dei blitt vane med påtvinga regimeskifte. Om dei styrta leiarane var gode eller dårlege, skal det ikkje takast omsyn til. Det ein ikkje kan tole eller tillate, er at ein framand stat organiserte styrtinga ved å maskere gjerningane sine bak nokre nasjonale opponentar. Dette er krigshandlingar, utan militær intervensjon.

Men fakta er hardnakka. Krigen i Ukraina vart provosert fram av brota på Ukrainas suverenitet i 2004 og 2014. Desse brota vart følgde av åtte år med borgarkrig.

Heller ikkje er krig illegalt etter folkeretten. FN-pakta forbyr ikkje bruken av krig. Sikkerheitsrådet har til og med moglegheita til å erklære krig (artiklane 39 til 51). Det som skiller seg ut denne gongen, er at permanente medlemmar av Sikkerheitsrådet er innblanda.

Russland var blant signatorane til Minsk-avtalane for å ende borgarkrigen. Men dei var ikkje fødde i går, og skjønte vel frå starten av at Vesten ikkje ønska fred, men krig. Så dei sørga for å få avtalane godkjende av Sikkerheitsrådet med Resolusjon 2202, fem dagar etter at dei vart slutta. Deretter tvinga dei den russiske oligarken Konstantin Malofeyev til å trekke tilbake mennene sine frå ukrainske Donbas. Dei sørga i tillegg for at resolusjonen vart vedlagt ei erklæring frå presidentane av Frankrike, Ukraina og Russland, samt Tysklands kanslar, der dei garanterte at teksten skulle implementerast. Desse fire signatorane forplikta landa sine.

 Ukrainas president Petro Poroshenko erklærte dei følgande dagane at det ikkje handla om å gi opp noko, men tvert imot om å straffe innvånarane av Donbas.

Tidlegare kanslar Angela Merkel fortalde til Die Zeit [2] at ho berre ville kjøpe tid, så NATO kunne væpne autoritetane i Kiev. Utan at ho visste det, stadfesta ho dette i ein diskusjon med ein provokatør ho trudde var eks-president Poroshenko.

Tidlegare president Francois Hollande stadfesta orda til fri Merkel i Kyiv Independent  [3].

Då var det berre Russland igjen, og dei sette i gang ein spesiell militæroperasjon den 24. februar, 2022, i samsvar med resolusjonens «ansvar for å forsvare». Å seie at intervensjonen deira er illegal, er å seie at t.d. Frankrikes intervensjonunder folkemordet i Rwanda var illegal, og at massakren burde ha fått lov å halde fram.

E-postane frå spesialrådgivaren til president Vladimir Putin, Vladislav Surkov, som ukrainarane nett har avslørt, stadfestar berre denne prosessen. Under åra som følgde, hjalp Russland dei ukrainske Donbas-republikkane med å førebu seg intellektuelt på uavhengigheit. Denne innblandinga var illegal. Det var ein respons på den like illegale innblandinga til USA, som væpna ikkje Ukraina, men dei ukrainske «integrerte nasjonalistane». Krigen hadde allereie starta, men den vart ført utelukkande av ukrainarar. Den resulterte i 20 000 døde på 8 år. Vesten og Russland intervenerte berre indirekte.

Det er viktig å forstå at Angela Merkel og François Hollande gjorde det verste av brotsverk då dei let som om dei dreiv med fredsforhandlingar. For ifølge folkerettsdomstolen i Nürnberg, er «brotsverk mot freden» endå verre enn «brotsverk mot menneskeslekta». Dei er ikkje årsaka til den eine eller den andre spesifikke krigen, men til krigen sjølv. Det var derfor leiaren for Dumaen, Vyacheslav Volodin, bad om at det skulle kallast inn til eit nytt Nürnberg-tribunal, med Angela Merkel og François Hollande på tiltalebenken [4].Pressa i Vesten har ikkje vidarefomidla dette kravet. Det viser oss kor stor avgrunnen er mellom dei to oppfatningane av krigen.

Den internasjonale domstolen (ICJ) si forskrift av 16. mars 2022 slo fast at «Den russiske føderasjonen må straks suspendere dei militære operasjonane som starta den 24. februar, 2022 på Ukraina sitt territorium» (ref: A/77/4, paragrafane 189 til 197). Moskva samtykte ikkje, sidan retten hadde blitt beden om å ta stilling til Kiev sitt folkemord på eiga befolkning, og ikkje til militæroperasjonen som skulle forsvare det ukrainske folket.

FNs generalforsamling, for sin del, har sleppt mange resolusjonar, sist A/ES-11/L.7, den 23. februar, 2023. Teksten «krev på nytt at Den russiske føderasjonen straks, fullstendig og vilkårslaust trekk alle sine militære styrkar ut av ukrainsk territorium innanfor landets internasjonalt anerkjende grenser og ber om at fiendskapen opphøyrer.»

Ingen av desse tekstane erklærer at den russiske intervensjonen er «illegal». Dei befaler eller krev at den russiske arméen trekk seg tilbake. 141 av 193 statar meiner Russland bør stoppe intervensjonen sin. Nokre av dei trur den er illegal, men dei fleste av dei trur at den «ikkje lenger er nødvendig» og forårsakar unødig liding. Det er på ingen måte same sak.

Statar ser ting på ein annan måte enn juristar gjer. Folkeretten kan berre sanksjonere noko som finst. Statar må forsvare innbyggarane sine mot konfliktar det bryggar opp til, før det er for seint å reagere. Det var derfor Kreml ikkje føydde seg etter FNs generalforsamling. Dei trekte seg ikkje frå slagmarka. Dei har i åtte år sett på at NATO væpna Ukraina og førebudde seg til denne krigen. Dei veit at Pentagon førebur seg på ein ny runde i Transnistria [5] og lyt forsvare folket der mot den operasjonen. På same vis som dei valde datoen for intervensjon i Ukraina på grunnlag av informasjon som indikerte eit snarleg føreståande angrep frå Kiev mot Donbas, noko som seinare er stadfesta [6], så bestemde dei seg i dag for å frigjere heile Novorossija, inkludert Odessa. Dette er legalt sett uakseptabelt så lenge ein ikkje kan legge fram bevis for Vesten sine planar, men det er allereie nødvendig utifrå eit ansvarsperspektiv.

Openbert har ikkje desse to tenkemåtane unnsleppt merksemda til observatørane. Å dømme om at den russiske intervensjonen ikkje lenger er nødvendig, må skillast frå det å støtte Vesten. Det er grunnen til at berre 39 av 191 statar deltar i dei Vestlege sanksjonane og sender våpen til Ukraina.

Ukraina er eit «demokrati»

Den andre bodskapen frå dei Vestlege førarane er at Ukraina er eit «demokrati». Bortsett frå det faktum at dette ordet ikkje lenger betyr noko i ei tid når middelklassen forsvinn og inntektsgapa har vekst seg større enn nokon gong i menneskets historie og vi fjernar oss stadig lenger vekk frå dei egalitære ideala, så er Ukraina alt anna enn eit «demokrati».

Landets grunnlov er den einaste rasistiske i verda. Den slår fast i paragraf 16 at «å bevare den genetiske arva til det ukrainske folket er statens ansvar», ein setning skriven av Slava Stetsko, enka etter den ukrainske nazistiske statsmministeren.

Det er eit forargeleg emne. Minst sidan 1994 har «dei integrerte nasjonalistane (ikkje å forveksle med «nasjonalistar»), d.v.s. folk som seier dei følger ideologien til Dmytro Dontsov og arbeidet til Stepan Bandera, sete i høge stillingar i den ukrainske staten [7]. Faktisk har denne ideologien blitt meir radikal med tida. Den hadde ikkje same betydning under Første verdskrig som under Andre. Ikkje desto mindre var Dmytro Dontsov frå 1942 av ein av designarane av «den endelege løysinga på jøde- og sigøynarproblemet». Han varadministratoren av det organet til Det tredje riket som hadde ansvaret for mordet på millionar av menneske på grunn av deira etniske opphav, Reinhard Heydrich-instituttet i Praha. Stepan Bandera var den militære føraren for dei ukrainske nazistane. Han hadde kommandoen over talrike pogromar og massakrar. I motsetning til kva etterfølgarane hans hevdar, var han aldri internert i nokon konsentrasjonsleir, men sat i husarrest i ein forstad til Berlin, i hovudkvarteret til konsentrasjonsleir-administrasjonen. På slutten av krigen førte han dei ukrainske troppane under direkte ordre frå Føraren Adolf Hitler.

Eit år etter starten på den russiske militære intervensjonen, er integrerte nasjonalistar og nazi-symbol synlege overalt i Ukraina. Forward- journalisten Lev Golinkin, som har starta ei opptelling av alle minnemerka for kriminelle involverte i krigsbrotsverk overalt i verda, har samla ihop ei fantastisk liste av slike minnemerke i Ukraina [8]. Ifølge han er nesten alle daterte til etter kuppet i 2014. Derfor må det innrømmast at kuppmakarane bekjenner seg til «den integrerte nasjonalismen», og ikkje berre til «nasjonalisme». Og for dei som tvilar på at den jødiske president Zelensky feirar nazistane, så gav han for to veker sidan «ærestittelen Edelweiss» til den 10. separate fjelljegerbrigaden til minne om den nazistiske 1. nazi-fjelldivisjon som «frigjorde» (sic) Kiev, Stalino, Dnepr- og Kharkov-grenseovergangane [9].

Berre få i Vesten har godtatt det president Vladimir Putin og hans utanriksminister Sergei Lavrov har sagt om dette emnet [10]. Men Israels statsminister Naftali Bennett og hans forsvarsminister, general Benny Gantz, har gjentatte gongar slått fast at Ukraina må samtykke til Moskvas rettleiing i det minste på dette punktet: Kiev må øydelegge alle nazi-symbola som dei viser fram. Det er fordi Kiev nektar å gjere det at Israel ikkje leverer dei våpen: ingen israelske våpen vil bli gitt til etterfølgarane av massemordarane av jødar. Dette standpunktet kan sjølvsagt endre seg med koalisjonsregjeringa til Benjamin Netanyahu, som sjølv er ein arvtakar etterVladimir Jabotinsky sine «revisjonistiske Zionistar» som danna allianse med «dei integrerte nasjonalistane» mot sovjetarane.

Politikken som regjeringa til Volodymyr Zelensky no fører, er ubegripeleg. På den eine sida fungerer demokratiske institusjonar, på den andre sida blir dei integrerte nasjonalistane ikkje berre feira overalt, men opposisjonens politiske parti og den ortodokse kyrkja under Moskva-patriarkatets jurisdiksjon har blitt forbodne; millionar av bøker har blitt øydelagde fordi dei vart skrivne eller trykte i Russland; 6 millionar ukrainarar har blitt erklærte «kollaboratørar av den russiske invasjonsmakta» og alle som støttar dei blir tatt livet av.

[1] Sjå til dømes: “Statement by G7 leaders on the first anniversary of the invasion of Ukraine”, Voltaire Network, 24 Februar 2023. [2] «Hatten Sie gedacht, ich komme mit Pferdeschwanz?«, Tina Hildebrandt og Giovanni di Lorenzo, Die Zeit, 7. Dezember 2022. [3] «Hollande: ‘There will only be a way out of the conflict when Russia fails on the ground’», Theo Prouvost, Kyiv Independent, December 28, 2022. [4] «Володин призвал рассмотреть на трибунале признания Меркель, Олланда и руководства Украины», Tass, 18 января 2023. [5] “The defeat of Ukraine does not mean the end of the war”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 21 February 2023. [6Ukrainian plan to attack the Donbass, dokument beslaglagt av den russiske arméen. Observer at det vart publisert før Den internasjonale domstolen (ICJ) utstada sin ordre. Beviset vart ikkje eksaminert fordi Russland, i trygg forvissing om sin rett, praktiserte ’tom stol’. [7] “Who are the Ukrainian integral nationalists ?”, av Thierry Meyssan, omsett av Roger Lagassé, Voltaire Network, 15 November 2022. [8] «Nazi collaborator monuments in Ukraine», Lev Golinkin, Foward, January 27, 2021. [9] “The Ninth Anniversary of The War in Ukraine”, av Manlio Dinucci, Global Research , Voltaire Network, 28 February 2023. [10] “Lavrov challenges Community definition of anti-Semitism”, Voltaire Network, 3. mai, 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s