Saksyndig-redaktøren kjem med urovekkjande teori om den eigentlege årsaka til si ulykke

Som lesarane har fått med seg, sklei eg på isen på sjølvaste julaftan under ein skogstur i den aude kommunen eg på den tida jobba i. Eg vart sendt i luftambulanse til Bergen legevakt, der dei ved hjelp av røntgen konstaterte brot i nedre del av skinnebeinet (tibia). Etter tre døgn i operasjonskø vart eg operert og fekk ei margnagle i beinet. Etter fem dagar på Haukeland universitetssjukehus vart eg utskriven og tilbragte rekonvalesenstida heime hjå meg sjølv.

Etter ni veker sjukemelding byrja eg 1.mars 2023 omsider i min nye jobb på ein privat sjukeheim. Det er fyrste gong sidan juni 2021 at eg jobbar i same kommunen som eg har adresse i. I den anledning sjaina eg opp leilegheita mi og rydda vekk diverse ting eg ikkje hadde bruk for. Det var då eg tilfeldigvis kom over broddane eg hadde brukt på vinterskoa mine den lagnadstunge dagen i skogen. Eg skulle til å hive dei, då eg tok ein titt på undersida. Noko stemte ikkje.

Eg hadde fram til den augneblinken trudd at eg sklei på venstre fot fordi det mangla nokre piggar i broddane eg hadde festa på skoen. Det var gummibroddar som ein festa på undersida av skoen, og som hadde avtakbare piggar som kunne skiftast ut etter behov. Til mi store forbløffing var det på høgre foten det mangla to broddar. I teorien skulle eg difor ha hatt dårlegare grep på den skoen, men det var vitterleg høgrefoten som hang fast då eg sklei. Det skal her seiast at broddetypen eg brukte, differensierte mellom høgre og venstre side: Det stod skrive på broddane kva fot dei skulle på.

Forvirra? Lat meg forklare nøyaktig kva som skjedde 24.desember 2022. Eg gjekk ei turløype frå hovudvegen og ned til sjøen, ein tur på om lag 20 minutt kvar veg. Eg hadde gått turen nesten dagleg i dei vel 14 månadene eg hadde jobba der oppe, og kunne omtrent ha gått løypa i blinde. Det var ei av berre to turløyper i det elles bratte, skogkledde og uvegsame terrenget. Eit parti av turen gjekk over nake berg mellom ein liten ås og ei myr. På berget akkurat der det skråna ein tanke nedover mot myra, var det eit glatt parti med is, vel ein meter langt. På veg nedover mot sjøen gjekk eg over det glatte partiet med berre høgrefoten utan problem. På veg oppover frå sjøen, derimot, trakka eg med venstrefoten på det same glatte partiet. Det var då eg sklei.

Ulykka skjedde på følgjande vis: Då eg trakka på det glatte partiet med venstrefoten, sklei den rett ut til den møtte graset på kanten av myra, samstundes som høgrefoten stod fast på stødig grunn. Det at høgrebeinet vart ståande fast medan venstrebeinet sklei rett ut, førde til at høgrefoten vart vriden. Eg høyrde eit høgt knekk i det eg ramla på snøen og isen, og kjende beinet liggje laust heilt nede ved foten. Det hadde skjedd det som legane på Haukeland kalla eit «vridingsbrot» eller «vridingsfraktur». Skinnebeinet – eller tibia – er eit av dei kraftigaste beina i kroppen sidan det er eit vektberande bein. Det kraftigaste skal seiast å vere lårbeinet (femur), som er det lange beinet mellom overkroppen (torso) og kneet. Normalt bryt folk berre tibia ved fall frå stor høgd eller bilulykker (til dømes når dei blir påkøyrde, ved at støytfangaren smell mot skinnleggen og knekkjer beinet). Eg knekte òg fibula heilt øvst ved kneet. Fibula er det vesle beinet som går parallelt med tibia frå kneet og ned til foten. Brot nedst og øvst passar med legane sin teori om at det var brå og unaturleg vriding av foten som førde til fraktur. Fibula fekk gro av seg sjølv, medan tibia måtte opererast.

Fleire legar spurde meg korleis ulykka hadde skjedd: legen i ambulansehelikopteret, legen på Bergen legevakt og fleire legar på ortopedisk avdeling, inkludert opererande kirurg. Alle stussa dei over at eg sklei på isen sjølv om eg gjekk med broddar. Slikt skulle jo ikkje skje, og eg var einig; på vidaregåande hadde eg friluftsliv og mellom anna gått på ein isbre med piggsko, der eg av instruktøren lærte korleis ein skulle gå på klink is. Ein skal rett og slett ikkje kunne skli på den måten. Ein av dei kommenterte at broddane i sofall måtte ha vore særs nedslitne.

Det var den kommentaren eg erindra då eg i byrjinga av mars stod og studerte broddane. Ulykka skjedde 24.desember. Eg kjøpte broddane i byrjinga av desember. Dei kunne umogleg ha blitt slitne ned på so kort tid. Eg tok broddeparet under lyset på kjøkkenet og samanlikna dei. Broddane som hadde sete på høgre skoen var ein tanke nedslitne, slik ein skulle forvente etter tre vekers dagleg bruk i ulendt terreng. Broddane som hadde sete på venstre skoen, derimot… Piggane hadde ei markant nedsliten framtoning, spesielt på venstresida. Eg skjønte med éin gong kvifor beinet hadde sklidd særs raskt til nettopp venstresida, og det på eit glatt parti eg hadde trakka med høgrefoten utan problem.

Det såg nesten ut som om nokon hadde filt piggane ned med ei fil!

Eg har ikkje noka anna forklaring på denne påfallande skilnaden i nedsliting mellom høgre- og venstrebroddane. Og dessutan hadde eg på grunn av manglande plass i det knøttvesle huset eg leigde, alltid plassert broddane ute på trappa. Kven som helst kunne pilt opp bakken frå hovudvegen og slipt ned piggane i nattas mulm og mørker, eller medan eg var på jobb (noko eg var nesten heile tida sidan eg jobba 100% og vel so det).

Dersom denne teorien min stemmer, tydar altso det på at nokon der oppe i den aude kommunen hadde som føremål å skade meg. Dei visste at venstrefoten ville skli, medan høgrefoten stod igjen, og at risikoen for beinbrot var stor.

Mistenkte er der mange av. Dei siste par månadene der oppe hadde eg sett den mørke sida til arbeidsgjevar, i form av det som for meg framstod som ein konspirasjon blant to eller fleire i personalgruppa. I tillegg hadde helse- og omsorgssjefen inngått arbeidsavtale med meg i det eg ser på som vond tru; han fekk dåverande konstituert leiar til å kome med munnlege lovnader om fast stilling ved årsskiftet 2023 «om alt gjekk bra», og eg takka ja til vikariat på det grunnlaget. Konstituert leiar nekta for at ho hadde kome med slike lovnader, og på den tida (oktober) hadde ho allereie byrja i ny jobb i nabokommunen. Den eigentlege leiaren skulle òg vidare i ny stilling, eit hakk høgare opp i hierarkiet, men nytta like godt høvet til å herske litt over sine undersåttar. Eg kan òg ved fleire høve ha slengt litt med kjeften om det skyhøge fråværet ved sjukeheimen, og til og med ha antyda at fleire av dei tilsette kanskje ikkje var reelt sjuke. I tillegg hadde eg sterke meiningar om «koronaprosjektet», og alle i personalgruppa visste at eg er uvaksinert på grunn av retningslinjene som i 2021 påla uvaksinerte å gå med munnbind i «nære relasjonar med bebuarane». Det er ikkje urimeleg av meg å anta at somme i personalgruppa såg raudt på grunn av dette, sidan eg mildt sagt var skeptisk til kor godt dei fungerte kognitivt.

So har vi dette nettverket tilknytt Motvind Norge som eg vart kjent med der oppe gjennom den 50-årige sjukepleiaren, nattevakta og tidlegare kommunestyremedlemmen «Hege». Den hemmelege kjærasten hennar har mektige kontaktar høgt oppe i systemet, og somme kan vere medlemmer av den norske djupstaten, sokalla «kvite hattar» som er på innsida av systemet. Kjærasten hennar forsikra meg under vårt hemmelege møte i september 2022 at eg på ingen måte var på radaren til fienden, men verken han eller Hege visste (eller veit) at eg driv ein nyheitsblogg. Berre fire menneske i landet kjenner min eigentlege identitet. At nokon i nettverket skulle ønskje å skade meg er særs usannsynleg, og djupstaten ville nok ha gått langt meir drastisk til verks enn å sabotere broddar. (Dei ville nok heller ha sabotert bilen min.)

Ei tredje moglegheit er ekteparet eg leigde hjå. Frå oktober 2021 til desember 2022 var eg leigebuar i eit knøttlite hus på den digre eigedommen deira. Det var eigentleg det private vikarbyrået eg jobba hjå som leigde huset, men eg overtok leigeavtalen då eg fekk årsvikariat. Huset hadde tilkomstveg frå hovudvegen via ein bratt bakke. Vinteren 2021-2022 kom det ein fyr med traktor og plog og brøytte og salta vegen ved fyrste snøfall. Vinteren 2022-2023 vart ikkje bakken brøytt eller salta ein einaste gong, trass i mykje snøfall og periodar med spegelblank is. Gardsplassen måtte eg måke sjølv, og den einaste «brøytinga» som fann stad opp den bratte bakken, var ein gong seint på kveld då det kom ein gutunge med ein snøfresar opp der. 19.desember 2022 var det klink is frå hovudvegen og opp til huset. Eg hadde køyrt frå byen og skulle jobbe mine siste to veker der oppe før eg byrja i ny jobb. Eg kom meg sovidt opp bakken med bilen, og på veg ned seinare, då eg skulle på seinvakt, miste eg kontroll over bilen på glatta og heldt på å krasje. Då eg temmeleg skjelven sendte tekstmelding til ekteparet og bad dei strø bakken, fekk eg beskjed om at dei var tomme for strøsand. Eg fekk beskjed om å parkere bilen nede ved hovudvegen og «gå langs snøen i vegkanten» opp til huset. Eg måtte krype på alle fire opp bakken sidan eg ikkje hadde broddar med meg i bilen. Eg registrerte dagen etter at deira eigen tilkomstveg hadde både salt og strøsand. Eg hadde ein periode brukt mykje varmepumpe på grunn av streng kulde, og eg hadde jamfør leigeavtalen gratis straum. Straumprisane var då, som no, ufatteleg høge, so dei kan ha reagert på den høge straumrekninga dei utan tvil fekk. Når eg likevel skulle flytte, kan dei ha tenkt at dei skulle straffe meg for å bruke so mykje straum.

Teorien er i beste fall søkt, sidan dei vitterleg var to av dei som hjelpte meg då eg fall på isen. Kona i huset hadde sett helikopteret sirkle over eigedommen, sett at bilen min stod på gardsplassen, og deretter at fotspora mine berre gjekk éin veg nedover mot sjøen. Sonen deira, som er politibetjent, vart sendt ned saman med ein kompis for å bistå meg saman med mannskap frå luftambulansen. Dei kan derimot ha angra seg då dei såg resultatet av den angjevelege sabotasjen.

Det skjedde derimot ein episode no i år. Eg fekk ikkje eit raudt øre i sjukepengar frå NAV før no i mars, sjølv om eg vart sjukemeldt 24.desember. Grunnen var at arbeidsgjevar i den aude kommunen ikkje hadde levert inntektsmelding til NAV, noko min noverande arbeidsgjevar gjorde meg merksam på fyrst i februar. Med ein månads sakshandsamingstid fekk eg difor ikkje sjukepengar før i mars, og måtte leve på oppsparte midlar heile den tida eg gjekk sjukemeldt. Å levere inntektsmelding er det arbeidsgjevars lønnsansvarleg som skal gjere. Lønnsansvarleg i den aude kommunen er ho eg leigde hjå. Ho har jobba med lønn sidan tidleg 1980-tal – omtrent før eg vart unnfanga – og det framstår som merkeleg for meg at ho kunne gløyme noko so elementært. Var dette utilsikta – eller var dette den eigentlege «hemnen», liksom for å leggje stein til børa når eg no likevel sat heime med brote bein?

Som sagt, no når eg i ettertid har analysert «bevismaterialet», er det fleire ting ved ulykka som skurrar. Eg skreiv ein e-post til Josefine Bru si hemmelege Proton Mail-adresse og bad ho om hennar tankar om det. Tilbake fekk eg eit kort, temmeleg surt svar:

«Bruk tida di på andre ting. Eg har lese bloggen din den siste tida, og kvaliteten er ikkje akkurat i tråd med den Saksyndig er kjent for. Skjerp deg!»

Vel, her er uansett mine tankar. Kva meiner lesarane? Var det tilsette som ville hemne seg på det dei oppfatta som ein arrogant og nedlatande kollega? Var det den norske djupstaten som ville straffe ein med «antistatleg tankegods»? Eller var det eit ektepar som ville ta igjen for at leigebuaren gav dei høge straumrekningar ein periode?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s