Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Eit av dei mest «fullvaksinerte» landa i verda mot Wuhan koronavirus (Covid-19) har no òg gjort seg fortent til å kalle seg eit av dei sjukaste og dødsutsette samfunna i verda.
Det landet heiter Australia, som no har ein overdødelegheitsrate som er større enn noko anna land i verda dei siste 80 åra – og det med god margin.
Australia si «belønning» for å lyde (u)råda til Verdas helseorganisasjon (WHO), er 174 000 overtalsdødsdall i 2022, som er 12% høgare enn det som vart spådd av ekspertane.
Ifølgje data frå Actuaries Institute, er auken i Australia sine overtalsdødsfall den mest betydelege i dokumentert historie.
Karen Cutter frå covid-19-dødelegheits-arbeidsgruppa tilknytt instituttet, sa at dei noverande nivåa av dødsfall Down Under «ikkje er innan normale nivå av fluktuasjon i ikkje-pandemiske tider».
«For det fyrste er dødelegheitsrisikoen høgare etter ein akutt covid-infeksjon, og dei fleste australiarar har no hatt covid-19,» sa ho, og la til at til og med instituttet trur at det sokalla «viruset» spelte ei direkte rolle i alle desse dødsfalla – inkludert dei som ikkje vart direkte tilskrivne «covid».
(Relatert: Tidlegare tal frå sist haust viste ein reduksjon i fødselsraten på 63% i Australia på grunn av covid-injeksjonar.)
Britiske innbyggjarar døyr i liknande overtal på grunn av utbreidd covid-injeksjonsgrad
Medan vaksinebiverknader ikkje vart nemnt som eksplisitt grunn for den auka dødelegheitsraten i Australia, er det openbert frå dataa og timinga av den store auken at australiarar verkeleg byrja å døy i hopetal etter lanseringa av Operasjon Warp Speed.
Australia var eit av dei fyrste landa til å lyde sosial avstand, maskering og seinare «vaksinasjons»-retningslinjer, og fekk for det skryt av milliardær-eugenikaren Bill Gates som klappa landets leiarar på ryggen for å påtvinge desse hjarterå restriksjonane under bløffdemien.
No utviklar australiarar overalt sprøyterelaterte helseproblem slik som hjartebetennelse (altso myokarditt og perikarditt). Det same gjeld mange fullvaksinerte innbyggjarar i Storbritannia som på liknande måte blir sjuke og døyr i overtal.
I 2022 registrerte Storbritannia nesten 40 000 overtalsdødsfall ifølgje Office of National Statistics (ONS) [«kontor for nasjonalstatistikk»].
Som alltid vil styresmaktene at alle skal tru at alle desse dødsfalla skjer på grunn av «long covid», ei oppdikta orsaking som tener som eit dekke for all sprøyteskaden som held fram med å manifestere seg.
«Etiske legar blir ikkje forbløffa av dette, ei heller vitskapsfolka,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om ei historie som handla om korleis legar i både Australia og Storbritannia visstnok blir forbløffa av alle desse overtalsdødsfalla.
«Dette var og er folkemord, og alle desse som administrerer og fremjar sprøyta burde bli straffeforfølgde for å bryte Nürnberg-kodeksen og straffa til det ekstreme.»
Ein annan svarte at det er usannsynleg at nokon av desse brotsverka mot menneskeheita vil bli straffa i deira eigne domstolar. Det vil sannsynlegvis krevje ein internasjonal domstol eller tribunal for å handtere desse monstera på den måten dei fortener.
«Australia er det lydigaste landet på jorda,» antyda ein annan. «Den australske pøbelen er ein myte – ‘alltid det same, alltid det motsette’.»
«Dei har dei høgste prisane for legemiddel på planeten, so dei har òg den beste legemiddelmarknaden på planeten. Det er det mest korrupte landet når det gjeld dopsmugling og kvitvask av pengar, og den mest neddopa ungdommen på jorda. I den tydinga er dei ‘pøblar’, MEN det er berre dei rikaste og mest velrespekterte medlemmene av samfunnet som styrer det kriminelle føretaket, og som har organisert det til å bli det dyraste prispunktet på jorda – ‘privatisert skattelegging utan representasjon’.»