Som dei fleste lesarane no har fått med seg, hadde eg eit dramatisk fall på isen under ein skogstur sjølvaste julaftan 2022. Den dagen skulle eg opphavleg jobbe seinvakt på skjerma avdeling på den aude sjukeheimen. Av forståelege grunnar skjedde ikkje dette. I staden vart eg sendt i luftambulanse til Bergen legevakt, der røntgen konstaterte brot i skinnebeinet. Eit team beståande av ein lege og anna helsepersonell føretok ei sokalla reponering av beinet mitt. På grunn av brotet, hadde beinet mitt alvorleg feilstilling, som måtte rettast opp. Sjølv om eg hadde både fentanyl og morfin i systemet, gjorde denne prosessen helvetes vondt. Eg skreik so dei høyrde meg over heile bygget. Medan dei heldt beinet mitt i denne stillinga, vart det lagt på gips for å halde brotet stabilt. Deretter vart eg sendt i ambulanse opp til Haukeland universitetssjukehus (HUS), der eg skulle tilbringe dei neste fem dagane.
Opererande kirurg sa at eg hadde brote beinet på verst tenkjelege tidspunkt. Ettersom situasjonen min ikkje var akutt, måtte eg liggje og vente på operasjon. Det skal ha kome inn mange eldre med lårhalsbrot, og alle desse kom før meg i køa. I tillegg var det helgebemanning, noko eg av erfaring veit ikkje er so veldig bra bemanning. 24.desember var eg aller sist i køa, med andre ord. Ein portør trilla meg inn på eit firemannsrom på ortopedisk avdeling, og eg fekk pinnekjøt til middag.
Ein av romkameratane mine var ein eldre herre med ein handikappskuter. I løpet av kvelden og natta var han særs ofte ute med den doningen. Eg overhøyrde to av pleiarane snakke saman. Fyren var visst storrøykjar, og det var difor han dreiv og stakk ut ein gong i timen. Eg smakte knapt søvn den natta, på grunn av gipsen, smertene og det faktum at eg berre kunne liggje i éi stilling. Skulle eg pisse, måtte eg gjere frå meg i ei tisseflaske, som berre unntaksvis hadde lok. Driting torde eg ikkje tenkje tanken på ein gong – beinet mitt var blytungt på grunn av gipsen, eg greidde ikkje eingong å flytte på beinet. Sidan eg stort sett låg og vaka og verkte den natta, fekk eg med meg alle turane denne eldre karen hadde. På eitt tidspunkt bad han til og med nattevakta om smertestillande, slik at han kunne kome seg ut for nattas sjette røykjepause. Han var òg freidig nok til å be om ein kopp kaffi i firetida, for deretter å klage når kaffien var altfor varm.
Dagen etter vart eg flytta til eit tomannsrom som eg delte saman med ein ung mann som visstnok spelte på Brann. Eg hadde på dåverande tidspunkt rykt lenger fram i køa, men vart i løpet av dagen rykt heilt bakerst i køa igjen, då fleire eldre med lårhalsbrot vart innlagt på avdelinga. Denne unge mannen fekk ofte besøk av foreldra, og dei hadde med snacks og energidrikk til han kvar gong. Han fekk pleiarane til å oppbevare boksane med energidrikk i kjøleskapet, slik at han kunne drikke dei avkjølt. Eg sov litt betre den natta ettersom eg gjekk på ganske so sterke smertestillande. Då eg ein periode låg vaken midt på natta, høyrde eg til mi store vantru at denne unge Brann-spelaren låg og onanerte i senga.
Måndag 26.desember fekk eg beskjed av nattevakta om å faste i tilfelle det vart operasjon på meg den dagen. Nokre timar seinare fekk eg beskjed om at eg igjen låg bakerst i køa. Fleire eldre med lårhalsbrot. Eg spurde den eine pleiaren kor lenge eg risikerte å bli liggjande på denne måten, fullstendig immobil og sengeliggjande. Ho svarte at dersom eg «berre» hadde hatt ankelbrot, kunne eg risikere å liggje i heile to veker. Dei eldre hadde fyrsteprioritet, det måtte eg berre akseptere. Dei hadde jo langt mindre sjanse for å overleve om dei måtte vente på operasjon. Ho sa derimot at sidan brotet mitt var sopass alvorleg, var det gode sjansar for at eg ville bli prioritert når det igjen kom full bemanning på operasjonsavdelinga. Ein tanke småirritert bad ho meg smørje meg med tolmodigheit.
27.desember vart eg omsider operert, etter å ha vore sengeliggjande og immobil i tre døgn. I den tida hadde eg tissa på flaske, og ikkje hatt avføring (heldigvis!). Operasjonen skjedde med sokalla spinalbedøvelse, altso at anestesilegen køyrde ei nål inn i ryggmergen på meg med bedøvelse. Eg vart kraftig dopa ned av anestesisjukepleiaren. Deretter utførde dei det som for utanforståande må ha fortona seg som «grovsmedarbeid». Dei hamra ei nagle tvers gjennom mergkanalen på skinnebeinet via kneet og ned til foten. Eg var dopa sanselaus mesteparten av «knivtida», men høyrde stundom høge bankelydar. Då eg kom til meg sjølv, hadde eg absolutt inga kjensle frå navlen og ned.
Ein portør trilla meg til postoperativ-avdelinga. Der låg det ein ungdom som nettopp hadde vakna frå narkose og var temmeleg groggy. I tillegg låg det ei eldre dame og snorksov der. Ein sjukepleiar scanna blæra mi for å finne ut den var full; sidan eg hadde null kjensle i nedre halvdel av kroppen, hadde eg heller inga dotrong. Dersom det var meir enn 350 ml i blæra, måtte dei setje kateter. Det var 287 ml. Eg fekk instruksar om å liggje og vente til bedøvelsen gjekk ut. Kunne eg bevege tærne? Ikkje ein millimeter.
Tida gjekk. Den eldre dama vakna og bad om litt vatn, ho var so «tørstig». Sjukepleiaren spratt over til vasken og henta eit glas med sugerøyr. Den gamle dama saup i seg vatnet og sa «dette var godt!». Ungdommen i narkose var framleis groggy, og stemma hans høyrdest ut som den var avspelt på låg hastigheit. Det han sa gav inga meining. Sjukepleiaren dukka opp for å blærescanne meg igjen. Kunne eg bevege tærne? Ikkje antydning. Eg var framleis heilt daud, sjølv om eg no kunne føle huda mi under navlen og på delar av låra.
Fyrst to timar etter operasjonen kunne eg forsiktig røre føtene mine. Sakte, men sikkert byrja eg å få kjensla igjen i kroppen. Eg merkte vagt dotrong. Den gamle dama trygla om å få meir vatn med ei stemme ein vanlegvis høyrer hjå svoltne, trøytte, slitne barn. Sjukepleiaren spratt servilt over til vasken og henta meir vatn, som den gamle dama saup i seg. Eg sa at eg var særs svolten og lurte på kor lenge eg måtte liggje her nede, no når eg hadde fått igjen kjensla i underkroppen. Eg fekk ei tisseflaske og fekk beskjed om å late vatnet. Eg kom ikkje ut av avdelinga før eg hadde pissa. Elles måtte dei setje kateter. Det var på det tidspunktet ti personar i rommet, pasientar so vel som tilsette. Det var vaktskifte, og eit dusin kjerringar stod og skravla høglytt og muntert i naborommet, som var eit vaktrom. Trass all denne støyen og kjerringsnakket greidde eg til slutt å pisse. Faktisk pissa eg nesten 600 ml, igjen i ei tisseflaske utan lok. Ein portør kom omsider og henta meg.
Eg fann meg sjølv tilbake i firemannsrommet eg hadde lege fyrste natta. Eg var jævla tørst og ihelsvolten. Ingen hadde gjeve meg vatn nede på postoperativ avdeling. Eg fekk middag, som eg slukte i meg på under fem minutt. Ein heil mugge vatn forsvann som dogg for sola. Beinet mitt verkte som pokker, og eg fekk smertestillande som gjorde meg døsig og fjern.
Saman med meg i rommet var det to andre menn som nettopp hadde blitt innlagt. Dei låg ikkje i kø på same måte som eg hadde gjort; neste dag vart dei begge trilla ned for operasjon. Eg hadde visseleg brote beinet på «feil» tidspunkt.
Som ein komisk digresjon kom opererande kirurg opp på avdelinga for å sjå korleis det gjekk med meg. Eg lurte på kven han var. Han sa at eg hadde helst på han før operasjonen, noko eg ikkje kunne erindre, so neddopa som eg var då.
På avreisedagen forventa avdelinga at eg skulle ta meg ned på krykkjer til apoteket for å hente ut medisin, før eg tok bussen heim. Då hadde eg ganske nøyaktig éin dags erfaring med å gå på krykkjer, og kunne nett sovidt ta meg ut til toalettet i same rommet som eg låg på. Eg vurderte ønsket deira som litt i overkant optimistisk. Enden på visa vart at ein friviljug pensjonist trilla meg i rullestol ned til apoteket for å hente ut resept på medisinane mine, før han trilla meg bort til taxiavdelinga for å bestille transport heim. Deretter forlét han meg i ein stol i lokalet.
Eg fekk med meg smertestillande og sokalla Fragmin-injeksjonar, som er blodfortynnande legemiddel for å førebyggje djupvenetrombose i det opererte beinet. Kvar kveld i to veker må eg stikke ei nål i magen subkutant for å unngå blodpropp. Den onanerande Brann-spelaren på tomannsrommet på ortopedisk avdeling torde ikkje å stikke sprøyter i sin eigen mage, so det må mora hans gjere.
Eg sit igjen med inntrykket av at eldre slett ikkje blir neglisjert i helsevesenet, iallfall ikkje når det gjeld operasjonar på sjukehus. Dei har beviseleg fyrsteprioritet ved beinbrot, sjølv om dette fører til at ein 39 år gammal mann blir sengeliggjande i tre døgn der han er dopa ned på smertestillande og må tisse på flaske. Faktisk vart dei eldre under mitt opphald på sjukehus dulla og degga med på alle måtar, medan eg knapt nok vart ensa. Heldigvis fekk eg operasjonen min til slutt, og eg er berre glad til om eg aldri treng å setje mine bein på eit sjukehus igjen i mitt liv. No er eg 100% sjukemeldt, og min nye arbeidsgjevar må finne seg i at det nok vil ta fleire veker før eg kan byrje å jobbe der.
Og snakkar ein om arbeidsgjevar… Min førre arbeidsgjevar i den aude utkantkommunen fekk beskjed frå dei eg leigde hjå at eg hadde falle på isen og brote meg sund og blitt henta i luftambulanse. Om kvelden same dag som eg hadde blitt operert fekk eg tekstmelding frå nestleiar at dersom dei ikkje fekk sjukemelding frå meg innan 31.desember, ville eg bli trekt i løn for dei dagane eg hadde vore vekke frå arbeid. Dagen etter ordna ein lettare sjokkert vakthavande lege sjukemelding so fort legevisitten var over.
Som konklusjon på denne historia mi frå det norske, offentlege helsevesenet, vil eg kome med følgjande oppfordring: Dersom du er under ein viss alder, ikkje gå hen og bryt beinet på sjølvaste julaftan.