Av Josefine Bru for Saksyndig.
Då regjeringar over heile den vestlege verda stengde ned samfunnet i mars 2020, visste dei mest opplyste av oss at dette ville få langsiktige konsekvensar som herskarklassen såg ut til å drite i. Å stengje ned samfunn på denne måten hadde aldri vore del av nokon pandemiplanar, og hadde som føremål å øydeleggje økonomien i form av å utradere små- og mellomstore bedrifter. Alt sosialt samhald skulle utslettast, ingen skulle få kome saman og snakke ut om den elenda som våre landssvikarar i regjeringa hadde trumfa gjennom etter ordre frå sine herrar i FN, WHO, WEF, verdsbanken og den supranasjonale djupstaten.
For å sitere redaktøren i Saksyndig: Alle skulle halde avstand, halde kjeft og rette seg etter ordrar frå toppen.
Nedstengingane (eller lockdowns, som mange norske medieformidlarar kallar dei) har vore skadelege for alle i samfunnet, men mest skadeleg har dei vore for barn. Vi har knapt byrja å ane konturane av dei alvorlege konsekvensane denne menneskefiendtlege politikken vil få for den oppveksande generasjonen.
Eit godt bilete på korleis barn sjølv har opplevd nedstengingane, har no kome til overflata gjennom nokre urovekkjande barneteikningar laga etter initiativ frå Staffordshire universitet. Som Summit.news skriv:
«Forskarar ved Staffordshire universitet bad barn om å fange sine tankar og kjensler om nedstengingar i teikningar, og resultata er hjarteskjerande. […] Ein professor i psykologi har avslørt urovekkjande barnetekningar av covid-nedstengingar som viser tema slik som død, tap, einsemd og restriksjon.
I ein studie av dr. Richard Jolley og med-forskarar dr. Sarah Rose, dr. Romina Vivaldi og dr. Claire Barlow ved Staffordshire universitet, vart 68 barn mellom 4 og 14 år bedne om å reflektere over sine covid-opplevingar og teikne kva dei fekk dei til å tenkje og føle.
Eit av barna teikna ein fortvilt figur med alle fire lemmar bundne fast i noko som såg ut som ei sjukeseng og skreiv ‘constricted’ [kan omsetjast til «innsnevra»].
Ein annan teikna ei personifisert covid-celle ved sida av eit opprørt bilete av seg sjølv med følgjande tekst: ‘Eg trur covid er glad og han har stole smilet mitt.’
27 av dei 68 barna viste temaet forboden åtferd i kunsten sin, medan 35 teikna ein person på eiga hand.
Samstundes inkluderte andre tema møblar og bygningar medan sju barn presenterte død og tap i arbeidet sitt.
Dette utgjer nok eit urovekkjande, men ikkje overraskande, resultat av lockdown-eksperimentet.»
Summit.news har henta materialet frå ein artikkel publisert i hovudstraumsmediet Daily Mail. Det faktum at slikt faktisk blir publisert hjå «fienden», viser at folk for alvor har byrja å vakne opp til realiteten om at nedstengingspolitikken var skadeleg for samfunnet. Det vil òg kome ein vakker dag der folk flest oppdagar at politikken òg var totalt uvitskapleg, øydela liva til folk og forårsaka ufatteleg liding over heile verda. Artikkelen siterer dr. Jolley, som seier:
«Det [teikningane] viser at dei verkeleg visste kva som skjedde. Ikkje overraskande kommuniserte dei det vi alle tenkte på, når det gjaldt kjenslene våre og at vi vart skilde frå folk, og det vi ikkje kunne gjere [men òg] det vi kunne gjere. Eg trur at desse teikningane verkeleg reflekterte deira eigne liv og det dei trudde dei stod overfor og det dei visste.»
Han la til: «Spesielt med skulestengingar, i, trur eg, tre ulike tidsperiodar, og naturlegvis dei sosiale restriksjonane av å ikkje kunne møte venner utanfor hushaldninga; det kjem tydelegvis til å påverke dei betydeleg emosjonelt [og] mentalt.»
Ifølgje artikkelen sette studien fokus på at påverknaden nedstengingane hadde på barn inkluderte auka einsemd, redusert fysisk aktivitet og minka mentalt velvære.
Og kvifor valde forskarane so teikningar? For å føye seg etter reglar om sosial avstand, naturlegvis! For dei kunne jo ikkje kome til barna og be dei fortelje om lidingane sine ansikt til ansikt. Teikningane, derimot, seier meir enn tusen ord, og vil utgjere viktige vitnesbyrd i ei nær framtid når landssvikoppgjeret mot regjeringar i heile den vestlege verda byrjar.
Globalistar, de har øydelagt liva til små, uskuldige barn – og for det skal de rotne i fengsel resten av dykkar usle liv!