Varslar i den britiske regjeringa: Fleire hundre tusen britar har døydd sidan utrullinga av covid-19-«vaksinane»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ein varslar i den britiske regjeringa har bekrefta at hundretusenvis av britar har døydd sidan utrullinga av covid-19-vaksinane.

James Wells, ein tidlegare seniormedlem av det britiske Office for National Statistics, kom saman med Nigel Farage på GB News førre veke for å forklare korleis offisielle britiske covid-dødelegheitsdata avslører at meir enn 1000 menneske fell døde om kvar veke på grunn av dei eksperimentelle mRNA-sprøytene.

«Desse overtalsdødsfalla har funne stad sidan mai, snittet er på rundt 1000 i veka,» fortalde Wells Farage.

«Grunnen til at vi ikkje kan ignorerer det, er at det finn stad i alle aldersgrupper og spesielt blant unge. Vi ser 10 til 15% overtalsdødsfall i aldersgruppa 24 til 59 år,» åtvara han, og la til at «hjarteinfarkt, hjartesjukdommar» står bak desse dødsfalla.

Infowars.com rapporterer: Wells gjekk over til å seie at den britiske regjeringa har prøvd å skulde overtalsdødsfalla på «ambulanseforseinkingar» og diagnosar som ikkje blir stilte frå uteblitte avtalar.

«Du kan forklare kanskje ein liten del av det, men du kan ikkje forklare 1000 i veka på grunn av det. Det er latterleg. For å vere ærleg, er det ei fornærming mot intelligensen vår. Og der finst ingen evidens for å støtte det,» sa Wells.

Wells bad om «ei uavhengig offentleg undersøking» rundt overtalsdødsfalla, og sa at han «stiller spørsmålet» om at covid-sprøytene kan ha skulda.

«Det er unge, friske menneske som døyr. Og for tida ser det ut til at alt regjeringa gjer, er å virre rundt og seie ‘det kan vere ditt, det kan vere datt’,» la han til.

Wells la òg til at han ikkje lenger stoler på den britiske regjeringa, og viser til at dei stille trekte tilbake den skadelege AstraZeneca-vaksinen.

Toppforsikringsanalytikar Josh Stirling bygde opp under Wells si uro sist månad, der han skreiv at dødsfall av alle årsakar steig i 2022 frå 2021 med rundt 15%.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s