Uvaksinert sjukepleiar står overfor historisk rettssak

Hemali sin journalist Guro Skjelderup skreiv 8.januar 2023 om den uvaksinerte sjukepleiaren Iris Frohe, som vart sagt opp frå stillinga si på legevakta då ho ikkje godtok forskjellsbehandling og særtiltak på grunn av vaksinestatusen. Systera Sofie vart òg oppsagt frå ei stilling i helsevesenet på grunn av dette. Iris var fast bestemt på å få saka si prøvd i retten, og difor oppretta Norsk hjelpefond ein spleis for å samle inn pengar til dette føremålet. Rundt 250 000 kroner frå 850 gjevarar kom inn. 16. og 17.januar skal saka bli behandla i Østre Innlandet Tingrett avdeling Hamar.

Som Hemali skriv:

«Saken er den første av sitt slag i Norge og kan dermed skape presedens [grunnlag for liknande saker i framtida; an.]. Blant vitnene er lege Torkel Snellingen, tidligere WHO-rådgiver Astrid Stuckelberger, psykolog Silje Schevig og professor, spesialist i indremedisin og nevrologi Halvor Næss.»

Denne gjengen er ikkje kven som helst. Alle har til felles at dei har tala paven midt imot når det gjaldt koronabedraget og den skamlause og sjokkerande pushinga av eksperimentelle mRNA-sprøyter som feilaktig har blitt kalla «vaksinar». Stuckelberger har mellom anna fått kompetansen sin trekt i tvil av faktisk.no, medan Næss, etter å ha skrive i eit innlegg i BT at koronatiltaka var ute av proporsjonar, vart kalla inn til «oppvaskmøte» med sjefen sin, sjukehusdirektør Eivind Hansen. Dåverande helseminister Bent Høie, som aldri har arbeidd innan helse, uttalte i same høve òg at Næss «tok feil».

For Iris sjølv handlar saka om prinsippet:

«Jeg ønsker ikke jobben min tilbake, men dette er en enormt viktig prinsippsak som jeg tar for langt flere enn meg selv.»

Arbeidsgjevaren som sa ho opp var Hamar kommune. Allereie i 2020 var Iris og mannen klar på kor grensene gjekk: «[…] ved vaksinering og testing når det ikke foreligger symptomer». Hausten 2021 vart det på grunn av eit rundskriv frå helseminister Ingvild Kjerkol innført obligatorisk testing to gonger i veka for uvaksinert helsepersonell, uavhengig av symptom. I mai same år fekk «fullvaksinert» helsepersonell fritak frå å gå med munnbind på jobb medan uvaksinerte kollegaer framleis måtte det.

Advokat Barbro Paulsen er den som fører saka for Iris. Ho meiner at saken fyrst og fremst handlar om «diskriminering og forskjellsbehandling uten at det er fremlagt tilstrekkelig medisinskfaglig begrunnelse. Det viktigste ved å prøve denne saken, er å avklare hvorvidt anbefalinger fra helsemyndighetene kan tjene som hjemmel ved inngripende tiltak som en oppsigelse.»

Vidare seier ho: «Saken er prinsipiell for å avklare om offentlige myndigheter kan pålegge ansatte, herunder autorisert helsepersonell i helsetjenesten, medisinsk behandling. Dette er i lys av kroppslig autonomi og retten til selvbestemmelse. […] Tiltak som iverksettes skal være forholdsmessige mot de mål som ønskes oppnådd. Denne vurderingen har etter vår oppfatning Hamar kommune ikke gjort. Overordnet berører saken hvilket rettslig vern individet har i rettsstaten.»

Neste veke vil det med andre ord finne stad ei historisk rettssak som vil danne grunnlag for framtidige saker av same typen.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s